onsdag 5. februar 2014

Festøykollen (911 moh)

Tirsdag 4.2. Ny kveldstur. Fleire venner og kjente hadde vore på Festøykollen i løpet av helga, så dit ville vi og. Tøffe i trynet. Litt mindre tøffe utpå dagen då asfalten i Ålesund vart våt. Slikt har vi ikkje sett på vekesvis. Kva er dette? REGNAR DET? 17.45 var troppen likevel samla for felles ferjetur Solevågen - Festøya.

Turen startar på god sti som vert ganske bratt ganske fort i ein veldig tett granskog. Litt mindre sjarmerande enn eventyrskogen på Grødet. "Sinsenkrysset" der vi tek til venstre mot Festøykollen. Til høgre ligg Rametind og  Jønshornet.

Bygdene her er på kant med Statens kartverk når det kjem til stadnamn. Vi tilflyttarar går på Festøykollen og er godt nøgd med det. Dei fleste har eit forhold til ferja og tykkjer det er logisk. Dei lokale går på Romestrandhornet, kosar seg med det og ristar sikkert litt på hovudet av kartverket og innflyttarar og slikt. 

Siste bakken og det meste av snøen som vi såg på heile turen totalt.

På myra ovanfor Gamlestøylen kvapp vi skikkeleg nokre gonger. Stilt og øyde, berre eige trakk og lett turprating om alt og ingenting. Men brått kom det oransje par med auge som dansa i utkanten av lyktelyset. Skikkeleg skummelt. Vi tippa at augene hadde fire bein og tilhøyrde hjortefamilien, men det var uråd å sjå. Berre desse tomme oransje refleksane som kom og gjekk i utkanten av lysa våre. 

Månen var ein smal sigd, og skyene kom og gjekk. Innimellom fekk vi såvidt siluettane av Svinetind og Jønshornet som lysare skuggar i horisonten. 

JUHUUUUU!! 

Eg var skikkeleg fornøgd med å komme meg på toppen!
For det første hadde eg ikkje trudd at Festøykollen var eit typisk kveldstur-i-mørket-fjell, så det var litt kult å vere her i mørket. For det andre verka det som om kondisen hadde blitt eit par prosent betre sidan sist, så turen opp gjekk litt lettare enn dei andre kveldane. For det tredje var det vindstille og sopass leveleg at det gjekk an å vere på toppen i 5 minutt utan å fryse spent i hjel. 

Prosjekt TEAMBILDE vart iverksett. Flott rundskue mot Ålebyen, Sula, Storfjorden, Hareid, og vi visste at mørket på andre sida inneheldt lag på lag med Sunnmørsalpar. 

Teambilde 1 -gal hund lagar krøll i rekkene..

Teambilde 2 
- slik ja - tøffare enn toget på topptur på tirsdagkvelden! 

Vi hadde diskutert litt kva som eigentleg var tema på "Synnøve Lundes Uteskole" denne kvelden. Det låg an til navigering etter stjernene, men etterkvart så skya det sopass til at det vart dårleg med stjerner. Like greit. Det vi lærte litt om var hovudlykter, lading og batterikapasitet. Ei av lyktene gjekk tom, og reservelykta viste seg og å ha veldig dårleg batteri. Superlyktene våre gjev godt lys, men om ein har dei på høgaste lysstyrke (1600 Lumen. Berre seier det...nesten dagslys) går batteriet fort ut. No gjekk det heilt greit å dele på lyset frå dei tre lyktene vi hadde. Alle kom seg heile og blide ned att. Fleire reservelykter og "sjekk batteriet til neste gong" er vel eit triks vi tek med oss.

Gamlestøylen på retur.

Birthe hadde "Runkeeper" på, og 7,65 km seinare stod vi ved bilen att. Total tid 3 timar og 13 minutt. Dustedingsen påstod at vi hadde forbrent 442 kaloriar på turen, men DET trudde vi ikkje mykje på. Vi fekk no "ny topp på lista" for 3 av oss og trimmen denne kvelden. I dagslys og på søndagstur treng ein nok mykje lengre tid på denne turen, for eg trur det er veldig fin utsikt. 

Vi velta oss inn i Gunhild sin Volvo, og sank ned i seta. Ahhh.... Stanken som velta mot oss var kvalmande og Caro fekk stygge blikk og grove skuldingar retta mot seg. Kva er det han har ete no? Og korleis har det komme ut att?? Etter ein sjekk på ferjeleiet viste det seg at hunden var heilt uskuldig.....

Sjåføren derimot...

Meir lærdom: Det er lett å trakke borti ting i mørket, men LUKTA kjem du deg ikkje frå...
Håpar skoa vert brukande att etter spyling og vask. Caro er frikjent og har fått høglydte orsakingar. 

Takk for ein fantastisk tur!

Arkivfoto frå april 2012 - Festøykollen sett frå ferja. 
Jønshornet (eller Randers?) stikk opp bak.

4 kommentarer:

  1. Ha ha ha!!! Ikkje godt å sjå kva ein trakker på! :-) Festøykollen er en fin tur, var der santhans aften ifjor. Anbefales i dagslys også, og kikke over (nesten) til min heimplass ;-) liker innlegga dine Lene, dei får meg til å smile :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt då! Vi surrar no på og kosar oss, og artig om godstemninga kjem gjennom på bloggen og. :) Vi "sparar" Sykkylvsfjella til det vert dagslys, men planen er klar.

      Slett
  2. For ein flott turgjeng!!! Blir heilt misunneleg.... og nyttig lærdom du formidlar der, ja. Hodelykt, reservelykt, ekstra batteri..... fleire som har fått erfare dette i det siste (Gustav...)! Einig med Moroglillemann - innlegga får meg til å smile: du skriv artig og godt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det - og turgjengen er heilt super. :)

      Slett