onsdag 13. mars 2019

Aust møter vest - surfehelg i Hoddevika

9.-10. mars 
Padlemiljøet i Norge er nett passeleg stort til at rykta om kjekke aktivitetar spreier seg! Avdeling aust hadde leigd Stad surfing og fylte etterkvart på med nokre "venners venner". Audmjuke og takksame stilte vi sjølvsagt opp, for å representere Padle-Norge avdeling nordvest.
Kajakksurfing er ein typisk litt smal utandørsaktivitet. Når entusiastane møtast er det difor endeleg lov å "nerde", og meir enn rikeleg å snakke om. Det gjekk ikkje lange tida før teknikkdetaljar, overlevingsstrategiar og analyser av ver- og surfemeldingar surra høglydt i kjellarstova. Mange kom tidleg nok til å få seg ei økt i fine forhold på fredagen. Dei sat allereie med stjerner i blikka og raude kjakar. Eg kom seint og var kjempespent på kva helga kunne bringe!

FOR ein kjekk gjeng! 

Morgonstund har gull i munn! Klar på stranda før sola fekk summa seg..

Ekstra krittkvit strand og lekker kajakkpark. Det er ikkje utstyret det skal stå på!

Flott dag, men heftig vind i høgda. Dalen fungerte som ei trakt og heftige vindrosser frå land møtte bølgjene på stranda. 

 Forblåst både på bølgjetoppane og fjelltoppane.

Det var veldig fine bølgjer store delar av laurdagen, men for mykje vind. Ein del venting vart det. På det jamne var setta små, og vi måtte gå etter dei største bølgjene. Vinden kom i rosser, og var sterk nok til at eg bleste av surfen nokre gonger. Andre gonger klarte eg ikkje å padle meg opp i fart til å fange surfen i det heile. NÅR eg kom på, så kjendes det som å få blesten frå ein snøkanon i fleisen - vind og vatn piska og eg såg ikkje ein millimeter. Ikkje heilt optimalt, men likevel gøy. Ein vert sterk i skrotten og etterkvart smart i hovudet av slike forhold. Utover dagen starta eg berre på bølgjer som kom mellom vindrossene. 

Lekkert! Frode på veg ut. Eg ventar på neste sjanse.  

Krevjande. Å komme på surfen når vindrossene herja var meir som ekstremsport.  

Her kjem nokre glimt frå økta på laurdag:






Vi fekk ein magisk halvtime i 3-4 tida. Brått løya vinden og det kom nokre bølgjer som starta nesten på høgde med moloen. Eg fekk 2-3 skikkeleg LANGE surfar, og klarte til og med svinge littegrann. Det var nok til å verte høg på livet. Utover ettermiddagen vart det dårlegare og dårlegare og lenge å vente på gode sjansar. 

Frode leikar seg..

Klassisk Hoddevik-himmel. Dei minste bølgene er og litt kjekke å fange. 

Søndagen var det større forhold og mindre vind. Dei største bølgjene reiste seg som bratte veggar (på ca 2 meter?) og varierte mykje i storleik. Generelt for store for meg. Eg var ytst ute bittelitt, men fann fort ut at eg ikkje hadde noko der å gjere. På veg innover att fekk eg dels ufrivillig ny personleg rekord på sidesurf. Du veit at den er lang når du må gispe etter luft 3 gonger undervegs.... Heldigvis er det mykje anna ein kan gjere enn å surfe på den ytterste bølgja. Eg leika meg ein god del med bølgje nummer 2-3 frå land i kvitt skum med sidesurfar og skumsurfar. 

Hammertime! Frode i farta 

Tøff gjeng! 

Klassisk Hoddevik - 100 meter med skum

Lag på lag

Anette testar Hammer. Det går så det grin, og gliset vert breiare og breiare....

Landing med eit stort glis! Første kommentar: - Jeg må ha ny kajakk....
  

God stemning på land og! 

Nydeleg mat laurdagskvelden og god stemning heile helga på Stad Surfing. Akkurat det må ein nesten vere med for å få med seg. ;) Takk for laget, og ekstra takk til Hege som organiserte og hadde med "snopekasse" frå Eian fritid!  


Link til Frode sin film frå helga

Oppsummering til eige bruk:
Rulla satt - kvar gong! Eg var ikkje ute av kajakken i løpet av helga. Det kjennes bra! 
Eg har mykje å gå på teknisk; nok framdriftstak og tolmod til å komme skikkeleg på surfen, kanting, kontante styretak, forstå kva veg bølgja ruller, blikket fram og mot målet og ikkje på bølgja/åra/det eg vil unngå å treffe... Særleg på dei små bølgjene var det vanskeleg å unngå å først verte dytta framom, deretter tatt att av bølgja. Både baklengssurd og sculling bør eg øve meir på! Eg må heim og terpe!  

Som gruppe var vi flinke til å spreie oss utover og følgje med på kvarandre. Det var lite å seie på disiplinen på sjøen. Det gjekk over all forventning. Det var berre nokre få brettsurferar ute i korte periodar denne helga, så vi hadde enormt god plass. Etterkvart vart vi også endå flinkare til å padle samla/smalt UT. Det gjev større plass til dei som surfar inn. 
Det vi hadde ein del å gå på var disiplinen i landingssona, og å halde oss på rett side (utsida) av utstyret vårt. Akkurat dette bør vi vere tydelegare på og vere meir samsnakka om på land før vi startar. Det gjekk stort sett bra, men var meir flaks enn vett eit par gonger. På tampen vart det ein ganske alvorleg skade.   

Tidevatn i Hoddevika denne helga

Bjarte som er godt kjent her seier at tidevatnet ikkje har så stor betydning på forholda. Forholda varierte i løpet av dagen, og ikkje systematisk. Generelt kan det vere betre på fjøre når det er små bølgjer/lite energi og på flo når det store forhold. Vi opplevde stor variasjon i løpet av dagen, og svellretning/periode er nok minst like viktige faktorar. Det å forstå kva kombinasjonar som gjev optimale forhold er ein heil vitenskap. 

"Surf forcast" sa energi på 500 laurdag føremiddag ned mot 100 på ettermiddagen og opp mot 200 til kvelden. Periode frå 8 (svell frå nordvest) om morgonen til 12-14 (svell frå vest) frå utpå føremiddagen.  
 Søndag var det meldt energi på vel 2000 frå morgonen ned mot 1300 utover ettermiddagen. Periode 12-14, svell frå vest. Dette stemte nok sånn noko lunde, men eg oppfatta periodane på søndag som mykje kortare enn meldinga (7-8). Yr.no fanga ikkje opp den sterke frålandsvinden laurdag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar