mandag 13. april 2015

Påskepudder i Norangsdalen

31.03  Du veit du er tidleg på'an når mjølkebilen tek same ferga. Morgonsendinga på radioen var om redningsaksjonen om natta - på det same fjellet vi skulle på! Det var omlag ein million grunnar til å møtast tidleg, så åtte presis var vi på plass øvst i Norangsdalen. Ny dag, solrik og fin og ikkje meir stress no.

Skiing (randonnee) in Norangsdalen. We reached for Kvitegga. At 1200 masl we decided to stop. The view was stunning and we were already in the heart of the alps. Further on, the the snow turned to ice, and the forecast said more clouds in the afternoon. 900 meters run in sunshine and powder snow was far more tempting than getting to the top. And what a ride! The best downhill ever! 

Norangsdalen vidare nedover. Fivelstadnibba til høgre.

Snødalen opp mot platået som går innover mot Kvitegga som ligg til høgre utanfor bildet

Vi var først. Det var spor etter redningsaksjonen frå natta før, men elles stilt i dalen. Sola varma allereie i bjørkeskogen. Skia på frå bilen. 

Sva og gammal snø

Det er sjeldan eg gler meg til nedturen frå første steg. Pudderføre, store slake bakkar, godt lys, jau det kribla. 



Høgdemetera skal no gåast uansett, men flott føre og fin utsikt på vegen er heilt greit.

Fleire folk i fjellet. Meir utolmodige enn oss..

Etterkvart vart det hardt. Knallhardt. Iskald vind. Vi diskuterte litt. Klokka gjekk. Vi tok lunsj og såg an korleis det gjekk med dei andre medan vi togg i oss skivene. I bratta over breen sleit sjølv dei spreke karane med feste og bautinga. Nokre tok av skia og bytte til skarejarn eller broddar. 

Karane i bratta, rett før dei må av med skia. 

Vi vart einige om å gå på utsiktspunktet på ca 1200 meter over havet, nyte utsikta og suse nedover pudderet att. Vermeldinga sa overskya til ettermiddagen. Om vi gjekk for toppen ville vi bruke lang tid og sannsynligvis få flatt lys nedover att. 900 høgdemeter med pudder i strålande sol freista meir enn å kjempe med isen vidare. Eg trur eg held på å verte ein skikkeleg vinterentusiast når eg vel skiføret framom toppen. Kvitegga ligg der til seinare ho. 

WOW for ei utsikt!!!

Norangsdalen med stolte tindar! Slogen, Smørskredtindane og Skruven m. fl.

Teambilde for dagen! Det var ein skikkeleg FANTASTISK turdag. 

Therese med toppen på Kvitegga bak. Ja, eg skal dit. Ein gong. 

Vi trippa og var ivrige. Av med fellene. No altså. No skal det nytast!! Eg har ikkje hatt godt føre og godt lys på same tur i år, så det var på høg tid!

Juhuuu! SKIGLEDE!!!

Det var berre herleg!!

video
Smakebit av paradis! Therese nyt nedoverbakkane

Det varte dessverre ikkje evig, og brått var vi i skogen. Skogskøyring for å mørne låra skikkeleg fekk vi med på kjøpet.. 


Kjempekjekt på tur. Godkjensla heile dagen. For eit terreng! For eit føre!! Dette er ein av dei finaste skiturane eg har vore på! Kjekt å helse på Felicia - håpar det vert fleire turar på oss! 

Framleis tidleg på dag. Framleis sol. Vi sette oss i bilane. Cruisa dalen. Leika turistar. Åt sesongens første ute-is på Urke. Sunnmøre!!! Livskvalitet!

Frå Fivelstad mot Kvitegga

Urke. Slogen. Greit å kikke på under is-etinga. 

Stålberghornet og Jakta frå ferga. 

Eg har mykje ugjort her med både ski og fjellsko. Mange timar, tre ferger og to sveler seinare seig eg saman i sofaen heime. Gråveret har komme innover. Påskeveret er usikkert. Det gjer ikkje det slag.  Svisj, svisj, svisj. Eg er framleis høg på svingane ned Snødalen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar