Josten 2014

Jostedalsbreen. Han har vore der i horisonten i aust gjennom mange turar. Det har vore ein draum lenge. I alle fall sidan 1995.

Jostedalsbreen sett frå nord frå flyvindauge i 2012

På veg heim frå Snøhetta i 2013. - Vi skal ikkje gå på Josten då? - seier Nina. Therese tek ballen. Brått er det ein venners venners gjeng, ein dato og eit konkret turmål. 

For 5 av 6 er Jostedalsbreen eit litt hårete mål, og vi treng meir kompetanse og krefter. Facebookgruppa er eit faktum, og vi legg press og delar erfaringar. Utstyr, trening, brekunnskap. Motivasjonen er stor!

Eg (t.v) let meg presse til dekktrekk av gjengen på Flø (t.h) (Foto: Guro Flø). Dei er så aktive med dekktrekkinga at ein kan verte halvskremt av mindre.

Planleggingsmøte, innkjøp og trening. Frå nyttår trenar eg meir enn eg har gjort på lenge. Variert trening. Kondisjon og styrke. Mest mogleg lange turar på helgene. Er det nok?

Testhelg og treningshelg på Grotli palmehelga. Seks har blitt til fire. Ein bråkete menisk og vonde hofter har sett to ut av spel. Ein doktorgrad som skal forsvarast kjem inn frå sidelinja og skrellar av den 4. 
Vi er tre og vi går!

Mat... og resten.... Hatar pakking. 

I gong med turen - Heillstuguvatnet dag 1

Det vi må lære før vi kan gjøre det, det lærer vi ved at vi gjør det.
(Aristoteles)
Sygneskarsbreen (Foto: Therese Moe Øye)

Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til.
(Olav Duun)

Amundsen skrev: «Den første bræ var brat, men den anden var en fuldstændig himmelfart. Det var en fornøielse at se Bjaaland bruke skiene op der. Man kunde se, han hadde gaat op en bakke før.»

Småttene. Om det ikkje var ein fornøyelse å sjå oss gå, så kom vi oss no opp!

Saman i ingenmannsland - whiteout.

Det vesentlige ved lykken er ikke rikdom og nytelse, men aktivitet, den frie utfoldelsen av evner, samt vennskap med gode mennesker. 
(Aristoteles)


Siste camp - strålande dag!

Undrer meg på hva jeg får å se over de høye fjelle?
(Bjørnstjerne Bjørnson)

Turen Jostedalsbreen 2014:
- 5 dagar på bre/ski + reise dagen før og etter
- 93,5 km lang
- Rikeleg med høgdemeter både opp og ned

Kva har eg lært? Kva sitt eg att med?

Nina og Therese er herlege personar å fare på tur med. Saman har vi handtert utfordringane undervegs med ro og innestemme, og teke dei vala som var naudsynte der og då. 

Jostedalsbreen var fantastisk vakker, og veret utruleg skiftande.

Eg har lyst til å gå fleire turar på kryss og tvers over breen. Eg har og lyst på fleire lengre turar med pulk og telt. Det er ein god måte å "ture" på.  Kanskje vi er 6 stk neste gong? 

Heime att, brunbarka i fjeset, med flass på nasen og appetitt som ein hest kjenner eg meg heldig. Heldig som har helse og moglegheit til å teste grenser og dra på slike "ekspedisjonar".

Vi er alle oppdagelsesreisende i livet, hvilken vei vi så enn følger.
(Fritjof Nansen)


Pakkliste (ikkje fasiten, men omlag det vi hadde med): 
Ski, skistavar, skisko
Skismøring, kortfeller og langfeller
Parispulk, trekksele og taudrag
Telt, liggeunderlag, sovepose
Fjellduk
Kokeapparat, drivstoff og fyrstikker
Termos 2 x 1 liter, vassflaske(r) til minimum 1 l drikkevatn
Termokopp, djup bolle, skei
Våtserviett, antibac
Dopapir
Solkrem/sinksalve/kuldekrem
Toalettsaker (i hovedsak tannkrem/tannbørste)
Linser
Førstehjelp: Sårpleie, gnagsårpleie inkludert brødposar, smertestillande
Hodelykt
Spade
Kamera med ekstra batteri, mobil
Kredittkort, kontantar, DNT-kort og DNT-nøkkel
Tools - skrutrekkar/tang/gaffa/rep-kit telt. Ha med til å fikse bindingar, brennar, telt o.l
Mat og posar til varm drikke til x dagar (og minimum 1 dag ekstra)
Snackpakkar til x dagar

Klede med:
Tørt skift med tynn ulltrøye/stilongs
Mellomlag
Dunjakke
Ekstra hals
1 sokkeskift til natta
Balaclava
1 ekstra sett med undertøy
Lue til natta

Klede på kroppen når vi går:
Ullnetting - stilongs og trøye
Ullsokkar 2 par - tynt og tjukkare
Vass/vindtett jakke og bukse
Gamasjar, vindvottar, ullvottar
Vind/vasstett lue/pannebånd
Hals
Solbriller (min kat 3) (og skibriller)
Kartmappa, kart og kompass
Snack i lomma

Breutstyr:
Bryst- og sittesele, innbindingstau, karabin, klemknuteslynger
Isøks, broddar
Snøanker, isskrue, utstyr til redning (Rescue Kit/Rescyou)
Slynger, karabinere
Kniv

Fellesutstyr:
(Vi delte sjølvsagt på telt og kokeapparat og.)
Tau til bre: vandretau/redningstau
Ekstra skitupp
Større førstehjelp, spjelk, brannskade o.l
GPS
Reservesolbrille
Reserveskistav

Hugs til neste gong:
- Reservekompass
- Reservevottar
- Notatbok og blyant
- Maske/betre system for å dekke fjes
- Mellomlag i jakkeform
- Tjukkare dunjakke
- Vurder varmeskjørt

Eg traff ganske bra med det meste når det gjaldt pakking. Noko finjustering på klede og mat kan gjerast, og vi hadde rikeleg med bensin til brennaren. Men akkurat dei desilitrane veit eg ikkje om eg vil knipe på. Eg treng kanskje ikke fjellduk heller, om gruppa er einige om å sette opp telt i pausar ved dårleg vær og har med ein fjellduk som HMS/førstehjelp-utstyr i gruppa. Kan knipe på "toalettsaker" og ta med berre små porsjonar av det ein trur ein treng i staden for heile tuben. Eg hadde rumpeveske med dagens porsjon snack, varm drikke og neste måltid. Praktisk, men ikkje streng tatt nødvendig. Til neste gong skal eg rigge meir feste på sjølve pulkselen (til snackpose og vottar/lue) og droppe rumpeveska.

Vi kan jobbe meir med å redusere vekt (felles skismøring, felles tannkrem, felles solkrem osv) om vi orkar..  

3 kommentarer:

  1. Takk for fyldig rapport frå Josten! Kjekt å lese om korleis de har hatt det, litt vondt å ikkje kunne bli med og litt godt å kjenne på at valet om å bli heime var rett, trass alt. Blir du med og tek ein kaffi på ein holme ein dag? Eg har ein splitter ny presskanne-kopp som skulle vore testa :)

    SvarSlett
  2. Eg prøver å ikkje vere misunneleg- d e jo ikkje fint, og turen e dokke vel undt. Men no vart det som det vart og det kjem fleire turar. Gler meg til detaljert oppdatering over ein kaffikopp på ein holme ein av dagane ;)

    SvarSlett