tirsdag 15. januar 2013

Vintertelting i Hjørundfjorden

-6 grader, nydeleg soloppgang og ny monstervintersovepose i bagasjen. Klar for telting i januar. Det vert mykje logistikk og køyring når vi skal finne noko i mellom Askvoll og Ålesund, rekke litt telting og turing utan å ta fri, og helst padle i dagslys.

Hjørundfjorden frå Storfjorden (ferja Solevåg - Festøy). Hornindalsrokken i midten bak.
Sunnmørsalpane avdeling Sykkylven til venstre, avdeling Ørsta til høgre. 

Nina mista første ferja si med eit millisekund, og vi flytta startpunkt frå Sæbø til Standal (plan B). 

Nina på sjøen! (Hornindalsrokken i midten bak).

Klokka 14.00 var vi på sjøen. Bilar parkert etter avtale med lokale heltar. Den eine tykte vi var galne som for ut, og tilbaud henting, 24/7 om behov. Den andre var litt misunneleg på oss som skulle på tur. Begge advarte oss om spøkelse på øydegardane. Vi fekk råd om å bytte overnattingsstad frå Molaupen til Strandabøen. Plan C.  


Molaupen. Fjorden her er 400 meter djup.

Molaupen vart fråflytta i 1955 og planta med gran. Granfeltet er altså det som tidlegare var grøne bøar og slåttemark.

Restane etter våningshuset midt inne i granfeltet. Trist. Vi diskuterte litt kven som kunne gjere slikt - plante ned fleire hunde års livsverk til forfall.

God utsikt frå fjøsen! Ikkje kvar dag det har vore tørrdraktsnissar her tenker eg! Fjøsmateriala hadde tydleg vorte gjenbrukt, for her var det berre reine murar utan ei flis.

Det er litt kult å sitte i kajakk å sjå opp på slike tindar.
Den framste toppen er Molaupssåta, og bak i sola Sunnavindsnipa.

Strandabøen med del av Hundatinden bak.

Vi høyrte på dei lokale og sette kursen mot Strandabøen. Garden vart fråflytta i 1947, og her var det litt mindre gran og betydeleg betre vedlikehald. Vi rakk akkurat å komme oss i land og hive opp teltet før det var stup mørkt. Knallgod berekning.

Leirbål!

Laurdagskveld i særklasse. Leirbålet heldt minusgradane i sjakk på eit vis. Fjorden skvalpa og spøkelsa såg vi lite til. Vi laga middag og brente bål. Snopa og brente bål. Planla ferie og brente bål. 
(Dei som hadde vore her før oss meinte vist at eingongsgrillar, glasflasker og ølboksar var gode opptenningsmateriale til nestemann. Det er det faktisk ikkje.)

Tid for legging. Spennande. Eg kraup ned i monsterposen med stor forventning. Sovna som ein stein. Sov og var god og varm heile natta. Betre enn hotell! Det var nok rundt -10 om natta. Skjønnar at eg må minusgradtelte ofte for å forsvare innkjøpet av monsterposen, men du og du som det var verdt det.

Tunet på Strandabøen med Molaupssåta bak.

Strandabøen var ein kul plass. Det såg ut som folk her verkeleg hadde brydd seg. Ein haug med litt rare bygningsmurar, støttemurar, trapper, løypestreng, vegar på kryss og tvers. Innlagt vatn, frukthage, skikkeleg naust og molo. Det er interessant å sjå desse øydegardane. Det sett i gang mykje tankar om korleis folk har budd, livnært seg, om stå-på-vilje, om livskvalitet. Har vi det betre no? Eg tvilar.

Brukbar teltplass - nok ein gong. Randers topp bak oss.
Utsikt har dei hatt rikeleg av, folket på Strandabøen. 

Bål og frukostlaging. Kombinasjonen sove lenge og korte dagar er ei utfordring. I 12-tida var det eit kvarter med sol som nådde fjorden og Strandabøen. I 13-tida var vi klar for avreise.

Hjørundfjorden dag 2.
Hornindalsrokken framleis i midten bak, Barlindneset og Leknes til venstre - Sæbø til høgre.

Fjordpadling er berre så passelig inspirerande. Sjå bilde 1, 2 og det ovanfor. Fleire mil innover i fjorden og frå dag til dag, men minimalt med variasjon. Med -5 grader, motstraum og nokre sekundmeter vind i mot, var det dårleg med motivasjon til padling. Særleg hos meg. Vi padla likevel sopass langt at vi fekk ein skikkeleg sightseeing av Trandal frå sjøen. 

Trandalhatten (1220 moh) og sentrum.

Trandal frå sjøen: Utleigehytter, betongbygg Tussa kraft, ferjekai. Been there, done that. Vi hadde høyrt noko om ungkarsfestival i Trandal, men det var ingen av sorten på kaia ein tilfeldig søndag i januar i alle fall. Det var så kaldt at det freista meir å padle rett tilbake enn å hoppe i land og ta lunsj.

Regndalstindane bak og Trandalstårnet til høgre.

Mot Standal.
Frå venstre: Sylvkallen, Kolåstind, Sætretindane, Geithornet, Langenestind

Sjølv om fjordpadlinga er litt kjedeleg, så er nok dei alpine fjella rundt Hjørundfjorden nokre av Norges vakraste. Eg kjente at det klødde i fjellskoa. På veg over til Standal fekk vi litt medsjø og humøret kom seg. Det er jo litt artig å padle i saltvatn i alpeland. På kaia til klokka 16.00 - og pakka i bilen før det var stupmørkt. Bra berekning! (Rettnok holsvolten og tørst)

Kva har vi lært:
- Bensinbrennar er veldig mykje betre enn gass når det er kaldt - testa og utprøvd. 
- Vintertelting bør skje der det er mykje ved - bål er viktig!
- Alt frys; lukelokk, vatn i drikkepose, vatn på flaske, vatn som ligg i teltet om natta.
- Alt frys; oppvasken, neoprensko, våtserviettar, pålegg, brød, osv
- Alt tek lenger TID når alt av mat og utstyr er frose på dei merkelegaste tidspunkt. 

Kart. Padlinga vart totalt ca 22 km.

Meir om øydegardane (måtte sjølvsagt google litt då eg kom heim):

Molaupen
Kring 1900 budde det 16 menneske her. Garden vart fråflytta i 1947 og selt til Vestlandske kraftsamband i 1955. Bygningsmateriale fekk gardane på Ytre Standal overta. Dei hadde begynt å ta heim materiala (fjøsen) men etter Molaupulykka der 7 av karane frå Ytre Standal omkom stogga dette arbeidet. Det var kraftlaget som planta gran så respektlaust over heile bøen og tunet (grana var planta i vegen, på trappa og overalt).

 Strandabøen
Garden vart truleg rydda allerie på 1500-talet, og ligg inneklemt mellom to store fonngjøl. Huset her var det første i fjorden med ark, og kvitmålinga vitnar om velstand. Garden var i periodar av dei rikaste i fjorden, med bær- og frukthage, hausting av hassel, produksjon av tønneband, laksenot m.m. Det var og første huset med vassklosett og bad (1926). På 1920-talet vart garden rusta opp, og det vart bygd naust, kraftverk, elektrisk dreve ysteri, elektrisk vinsj for stein- og gjødselfrakting og rundt 1930 også eit gartneri. Gartneridrifta gjekk godt. Dei reiste til torgs i Ålesund to gonger i veka. Garden vart fråflytta i 1947 og selt til Vestlandske kraftsamband i 1960. Storfjordens venner og Hjørundfjord sogelag har teke tak i vedlikehaldsutfordringa. No er det Tussa kraft som eig garden. 
Etter mi meining bør det gå nokre kraftoverskotskroner til å ta vare på garden og historia! Her er 500-års dokumentasjon på sunnmørsk entreprenørskap!  

9 kommentarer:

  1. Det så ut til å være en flott tur, gratulerer med sovepose. Nydelig landskap.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Er imponert over aktivitetsnivået ditt, du er jammen proff på vinterpadling og flink til å nytte høva som byr seg.

      Slett
  2. Utrolig kult innlegg! Nesten så jeg må kjøpe meg vintersovepose!

    SvarSlett
  3. Så kjekt å sjå heimfjorden min :) har vært der med båt noen gonger, kikka bort på dinna Molaupen og forestilt meg korleis det en gang var der, og kven som så frekt har planta over. Strandabøen trur eg gjerne var en super plass å telte :) nydelig plass! Såg ut som en koselig tur ;)

    SvarSlett
  4. Flott turbeskrivelse :-)
    Hvilken type sovepose har du kjøpt ?

    SvarSlett
  5. Artig lesning og moro å høre hva andre mener om vinterpadling med overnatting :)Å satse på gass om vinteren er det samme som å ikke ha primus, kjøp multifuel brenner.
    Selv bruker jeg Optimus og lampeolje, det har fungert i hele vinter.
    Lykke til videre, det blir vel flere turer :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Har Trangia multifuel, førebels på bensin, men skal teste ut lampeolje etterkvart. Fekk heldigvis eit forvarsel på ein litt kald tur i haust om at det vart lurt med anna brensel ;)
      http://lenesintur.blogspot.no/2012/10/multifuelbrennar.html

      Slett
  6. Supre bilete og spanande tur. Er naturleg nok missuneleg her eg sit i luftforureina Bergen. Helsing Idar

    SvarSlett