tirsdag 3. november 2020

Øyhopping fra Rødøy til Hestmona (dag 4)

7.august.  Sommardagen låg framom oss - og vi var klare! Kajakkane inneheldt alt vi kunne trenge - og litt til - og vi hadde ingen avtalar. Hestmona freista i det fjerne. Kanskje kom vi oss dit, eller kanskje ikkje. Vi hadde mykje ugjort snirkling. 

Utsikt frå teltet. Grei utsikt frå "eiga" strand. 

Store glis frå første tak! Rødøyløva kneisa flott denne dagen og!

Farvel for denne gong - Rødøy! Hit kjem vi gjerne tilbake! 

Det var så havblikk at eg trudde ikkje det kunne bli blankare!!

...men det vart det!!

Ein runde på butikken og så rett vest i skjergarden. Holmar og sund, sand og laguner. Turkis hav. Steikande sol. Denne dagen vart slik eg hadde drøymt om at padling på Helgeland kunne vere! 

Endelause rekker av turkise sund!

Sommarferie!!! :) 

Kort veg til evig is på fastlandet. Svartisen var kvit, og dukka fram rett som det var. 

Lunsjbukta

Det skya over. Mentalt var det ein bitteliten nedtur. 

Ikkje ille sjølv med bittelitt skydekke! 

Gjerdøyvær såg idyllisk ut på kartet, men var litt spøkelsesaktig i verkelegheita


Innerstangholmen var verkeleg stang inn! Nydeleg stad for beinstrekk! 


Campinglivet altså!! Eg er bra heldig som kan dra på tur med fine folk! 

Vi snirkla og kryssa. Slo av ein prat med ein kveitefiskar. Spennande sandbotn under oss. Fugl som pjaska på med sitt. Sjøen stilna, lyset leika, alt spegla seg. 

Skarveberget med fjella på øya Aldra bak. 

Ser vi kveita her mon tru? 

Det var herleg å vere i feriebobla og berre skli avgarde. Vi kryssa Kvarøyfjorden som låg der utan ei rukke på overflata. Som så ofte før så gjekk klokka i frå oss. Det vart kaldare, og vi kom inn i skuggen frå Hestmannen. Silhuetten av øya Sanna i Træna kommune briska seg mot solgliren i vest. 

Sanna

Fergekaia på Hestmona og Hestmannen

Litt slitne og litt kalde trengte vi ein leirplass - og det fort! Dessverre var vi ikkje heilt i posisjon, og ingen av oss hugsa heilt kva vi hadde googla på kvar øy og ikkje på førehand. Den eine bukta etter den andre vart forkasta. For nær hus, for mykje trekk, for bratt. Vi kom til det punktet der vi var einige om at den neste vart den siste - uansett!!

Det såg ikkje optimalt ut, med høgt gras og vindtrekken rett ut bukta. Det første som møtte oss på stranda var i tillegg ein diger daud oter. Vi beit tenna i hop og starta lemping av utstyr og alt som høyrer med. Etterkvart fekk vi sjekka ut området. På nokre lyngrabbar like ved var det faktisk perfekt å slå  leir. Humøret var på stigande og Lene hadde middagsmenyen klar - klippfisk a la Haugen!

Foto: Lene

Det vart ein ganske bra plass til slutt..

Solnedgang og middag. 

Dagen hadde vore topp, og det var ei perfekt avslutning med verdas beste klippfiskrett. Solnedgangen denne kvelden var den finaste på heile turen! GPS'en viste over 30 kilometer padling, og det var ny personleg rekord på dagsetappe for opptil fleire. Nøgde og mette vart vi sittande på berga til nattemørkret tok oss.  




31 kilometer. GPS-spor frå Lene H. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar