lørdag 21. mars 2020

Marsnatt i naturen

21.03 Mars hadde vore ustabil, reint vermessig, og brått slo koronapandemien inn over oss i tillegg. Byger og regn skulle i teorien ha pause frå fredag til laurdag, og vi la i veg med fokus på kortreist. Sula sørside hadde potensiale for hengekøyenatt! Eg hadde sjekka vermeldinga ofte og pakka etter den, og kanskje sett mindre ut av glaset... Snøen lava ned under køyreturen og då vi møttes på parkeringa. Vi var ikkje heilt sikre på kvar stien starta, sjølv om vi hadde gått den i lag før. Så litt surr og rot med tunge sekkar før vi fann ut av det. Skal ikkje undervurdere korte turar!

Og no snur eg historia bak fram. Det var nydeleg å ta morgonkaffien i sola! Ho varma for første gang i år! Vi var på ein flott stad med gammal skog dekt av lav og mose, fjordutsikt og kulturlandskap rundt kvar ein sving.

..og om litt er kaffien klar. Slike morgonar er gull verdt!

Køyene våre: Ticket to the moon og Amok

Storfjorden 

Soloppgang over Storfjorden og Sykkylvsfjell

Kaldt og frosen sludd i køya då sola stod opp


Hengekøyeperspektivet

Vi pakka og la ut etter vermeldinga, og for ein gongs skuld så stemte den ikkje heilt. I staden for opphald kom det sluddbyge etter sluddbyge, den eine med større snøfiller enn den neste.
Det var umogeleg å få fyr på bålet, alt var vått og sluddfillene slokte fyrstikkene etterkvart. 
Bakken vart kvit, og vi fann ikkje ved eller alternative oppfyringsremedier nokon plass.  



Litt laber stemning, så vi pakka saman for å fare heim. I 23-tida stilna det og letta opp. Ein klår stjernehimmel. Mørkeblåtimen. Så vi ombestemte oss ein gong til, gjekk ned att og hang opp køyene. Tarp hadde vi ikkje med, og det kom sjølvsagt sludd og snøklumpar ned frå trea om natta. Hengekøyene fanga det fint opp, meir som ei trakt, og alt la seg som ein smeltevassdam under rumpa. Mykje læring. Men når morgonen blir fin blir frysinga gløymt og stemninga på topp. 

lørdag 7. mars 2020

I skitrekk med Sygni

7. mars Sygni og eg klarar oftast å få oss EIN dag i trekk i lag i løpet av sesongen. I år traff vi perfekt med ein finfin dag på Overøye i nye Fjord kommune. Vi var litt spente på formen, men jammen låg ikkje skiteknikken og ulma ein stad langt der inne, og det vart tre kjekke timar i bakken før skrotten sa stopp. Mykje hyggelegare å vere her inne i vårsola i mars enn i romjula og kalde januardagar. Nypreppa og fine løyper og akkurat passeleg med folk. Favorittrekket!

Husmorferie!

Flotte løyper og flott landskap!