Jacta est alea.
We were participating in the triathlon "Tripp trapp triathlon" in Lysefjorden near Stavanger. The first leg is 25 km kayaking. The second leg is up 4444 steps along a hydropower pipeline. Than there is about 12 km hike over the mountain and at last 30 km cycling. I came in last, but still extremely satisfied with completing the run. We will be back to run again some day! It's a long drive to Stavanger, but we got to see a lot of friends and family along the way as an extra bonus.
Tida flyg, vi rekk nokre testturar og eg fortrenger trøblete luftvegar og lite treningsgrunnlag. Mildrid kjøper seg ny bil som er egna for transport av mykje utstyr, Nokre dagar før: Pakking, logistikk, fly, bil og etterkvart samling av troppane på Flesland. Ein mørk og regnfull kveld. Vi let telt vere telt og finn eit motell i sjangeren shabby. No er vi i gang! Frå Bergen er det nye og ukjente vegar, store ferjer og kjekk køyring. Marit møter oss med eit smil i Stavanger og tek oss rett på "godtebutikken" (Ut i naturen). Her treff vi folk som skal på "Tripp trapp" og får både tips og nervar... Med proppfull bil matar vi GPSen med Forsand. Inger Anita - som ingen av oss har møtt før - har invitert heile hurven heim til seg. Det ordnar seg for snille jenter!
M & M. Dagen før dagen. Spenna klar og ein smugkikk på Lysefjorden
I Forsand er det både hjarterom og husrom. Sofie viser oss rundt, og det er lett å verte glad i både folk og natur. Vi vekslar mellom den gode samtalen over kaffikoppen og anspent planlegging og pakking utover kvelden. To av oss skal delta, resten skal vere med å arrangere. Eg tullar med at det fort kan verte eit triHATlon.
Strålande morgon - og vi har flyten. Tidleg på plass, dobbelsjekk av utstyrsdepot til vekslingane. Trippelsjekk av at vi har med sko. Ei brødskive i kajakken medan vi ventar på starten.
Før start på Lysefjordsenteret
Nervane under kontroll - før start
Padlarane kjem på vatnet - utsikt mot Forsand og Uburen (440 moh)
Lysefjordbrua. Her skal vi sykle over seinare på dagen.
3, 2, 1 - PANG! Startskotet går, Folk stod på brua og heia. Vi hang godt med i bakre del av feltet. Surfskiene forsvann raskt av syne, og havkajakkane fann ut av styrkeforholdet seg i mellom. Det var ein flott dag på fjorden. Straumen var med oss, litt vind i mot. Skoddedis i klippeveggane. Svaberg og gråe fjell ramma inn fjorden og for oss eit heilt ukjent landskap. Det går jamnt innover med oss. Vi et litt sjokolade i farta. Etterkvart ser vi Preikestolen. Ikkje så imponerande frå sjøen i grunn. Vi har berre kart over inste delen, og eg lurer på om vi snart er framme. Det viser seg å vere eit nes til, men no har vi kontroll på kraftlinjene til neste gong. 3,5 time på padlinga - 24 km.
Midt i Lysefjorden - vi ser slutten av padleetappa
Flørli - trappene rett opp bak kraftstasjonen
Flørli er ei typisk kraftverksbygd. Vi ser røyrgata frå sjøen. Ferja kjem inn og vi må improvisere ilandstigning. På land, skifte litt, joggesko, drikk ein Yt, gå på do. Vi tek oss tid her, for å vere budd på trappene.
Tripp trapp for alvor. Dei første tusen trinna går fort. Eg har starta i grenseland hardt, og må justere hårfint. Dei neste 500 trinna går greit. Eit knapt minutts pause og fotografering. Deretter går vi i kvar vår rytme vidare oppover. 3000 trinn og eg begynner å få trua på at det går. Vi heldt trøkket jamnt heile vegen opp. Eg brukte 1 time og 6 minutt på 726 høgdemeter og 4400-ish trinn. Mildrid tok meg med eit par minutt.
Effektive høgdemeter. Her er vi på ca trinn 1700
Rett i himmelen
Gammalt elveleie - artige svaberg
God utsikt til neste etappe
På Skåpet serverte Folkehjelpa bollar og saft. 4 km og 400 høgdemeter nedatt til syklane. Det hadde begynt å regne og etterkvart hølja det ned. Stien bestod av vekslevis sleip gjørme, glatte røtter og runde våte steinar. Vi småsprang heile vegen frå Skåpet og ned. Drittetappe. Eg har aldri vore så glad for å sjå ein sykkel før. Ved syklane var vi gjennomblaute og det freista lite å skifte eller ete. Vi heiv oss på syklane og Mildrid for i frå. At ho er råare enn meg på sykkel var vi begge fullt klar over, Eg trakka nedover bakkane og vart etterkvart HEILT tom i kroppen. Kramper i leggane, i låra, akutt "muskelsvinn" og generell dyster stemning. Eg hadde mest lyst å gå av sykkelen i nedoverbakke. Regnet gav seg og eg heldt ut. Etter to skikkelege kneiker kom eg på kjente vegar ved Forsand, og det hjalp både på humøret og føtene. Eg fekk i meg litt vatn og kroppen vart litt meir på lag over Lysefjordbrua og ned til senteret. Eg vart passert av eit par karar rett før mål. Der stod Mildrid og heia! Eg var kjempenøgd! Det var berre SÅ kjekt å trille under MÅL-banneret. Eg var sist, greit nok, men verken knekt eller utklassa. Den personlige sigeren var stor, og det einaste som betydde noko! Sliten, men ikkje død. Fullført. Tørre klede, mat og vi svevde rundt på parkeringsplassen ei stund. Høge på oss sjølve, endorfiner og meistring. Det var heilt klart for oss begge at vi må gjere dette om att ein gong. Nytt mål om å knipe ein time på tida. No veit vi kva det går i!
I MÅL!!! (Foto: Mildrid)
Kart med GPS-track
Tripp trapp triatlon 2015 bestått. Stavanger Turistforening fortjener mykje skryt for eit profesjonelt og vellukka arrangement. All logistikken med kajakkar og syklar gjekk som ein leik, Det var folk på dei rette plassane for vekslingane og tryggleik. Alle arrangørane var blide, heia og laga god stemning.
Arrangørane representert ved gjengen på Flørli
Foto: Stavanger Turistforening, Fjellsportgruppa
Formen dagen derpå? Ikkje verre enn at det vart strandtur og hoppebilde på Hellestø med Marit.
M & M. Dagen derpå. Feistein fyr bakerst der. Neste gong?
Kristin inviterte på bollelunsj, som smakte fortreffeleg. Latterkulene rundt bordet med Kristin, Trond Egil og Siri var topp restitusjon. Restitusjon del 2 tok vi på Manger folkehøgskole saman med Olea, eit veldig hyggeleg innslag på veg heim. For å vere heilt sikker på å komme heim kjempeseint og utslitte for vi innom "godteributikken" God-tur og testpadla Rockpool taran og Pilgrim expedition. Det kjem vel meir om det seinare på bloggen tenker eg..
Hillevåg ullvarefabrikk - nok ein "godteributikk". Folkehøgskulecamping for "gamle" damer på Manger.
Glitterkajakk på taket og triathlonfakter luktar 40-årskrise i følge ungdommen, men det har vi vel aldri nekta på.
Dum vivimus, vivamus