lørdag 31. oktober 2020

Sommarpadling frå Gjerdøya til Rødøy (dag 2)

5. august. Humøret steig i takt med sola utover morgonen. Før vi hadde komme oss på vatnet var sommarferiekjensla på plass. Vi var verkeleg på øyhopping på Helgeland, slik vi hadde drøymd om! 

Camp nummer 1 - Gjømma ved Gjerdøyhamn

Frukost....kaffi....blodomløp.....humør...

NO vart det feriestemning! 

Vi ser SOLA!! Teambilde for dagen

Laguna som vi hadde campa ved var grunn, full og skjel og aldeles nydeleg! 

Vi er jo turistar! Så vi tek bilde, og tek bilde av at vi tek bilde osv
Øya Hestmona var kul og med oss frå start. Vi visste at om nokre dagar skulle vi utforske meir sørover her. 

Små bygder, kule fjell og masse sjø! Rødøyløva steig fram! Den var også kul! DIT skulle vi no! 

Topp forhold, knallfin padling, fin gjeng. 100% sommar. 

Kva er dette? 

Det var nok landskapskunst, og artig for "ungan" å padle rett på denne holmen. 
Nokon hadde tatt toalettinstallasjonen heilt bokstaveleg, og lagt att "visittkortet" sitt. 


(Foto: Torunn)

Vi hadde beundra Rødøyløva i timesvis, men hadde det ikkje travelt med å komme dit. Padling, fotografering, holmehopping og sightseeing krev sitt og ein vert svolten! Etter litt att og fram fann vi ei nydeleg strand nord på Gjerdøya - og der var det godt å vere!! Lenge!!! Grilling, bading og soling. Heilt til vi vart leie. Ingen tidsfrist. 

Esvågen

Sommar i nord!

Betre enn syden. 


Utpå ettermiddagen for vi vidare. Skvalpesjø og sommarbris i Breidsundet. 

Stø kurs mot Rødøy! 

Isbre på fastlandet. Sommarpadling i øyriket. 


Framme!

Dag 2: 17 km padling (GPS kart fra Lene H)

fredag 30. oktober 2020

Sommar i nord - polarsirkelpadling (dag 1)

4. august. 883 kilometer heimanfrå starta ferien for alvor. Ein køyredag med vinduspussarane på, hytteovernatting langs E6 og proviantering på Mo var unnagjort! 

Vi forlot eit ferje- og eksportfylke til fordel for eit anna.

Klar for sommar i nord!

Veret var surt, og vi manna oss opp. Kunne det vere lurt å starte med ein betre middag innandørs på Oscarsbrygga på Tonnes? Det gjorde vi (og det var lurt!).

Ferdig oppmanna og pakka. 

Grått, vind og ganske surt til å vere sommar. Meldingane var betre allereie for neste dag, og vi skulle ikkje langt. Så då var det berre å hive seg i pakkinga. Den første personlege sigeren var i hamn då alt fekk plass i kajakken!  

Sjø og byger, men humøret er bra! 

Det var fleire i leia, og vi venta på seglbåtane før vi kryssa over frå fastlandet til øya Vikingen. 

Polarsirkelen på Vikingen

Øya er eit landemerke i leia, og var første mål for oss i ferien. Sjøen var rufsete ved holmen og det var krevjande å lande med tunge kajakkar på rullesteinstrand. 
 
Ferdig landa, klar for sightseeing! Foto: Torunn

Polarsirkelmarsj på Vikingen


Polarsirkelteambilde! 
Den gode stemninga hadde ingenting med veret å gjere. 

Med dette stadfestar eg å ha stått på polarsirkelen! 

Lite le for vind og ver. Eg hadde tenkt at det kanskje gjekk an å telte her første natta. Det trong vi ikkje diskutere ein gong. Vikingen var ikkje ein stad å vere lenge - denne dagen. 

Artig medvindpadling neste strekket. 

Inne i sunda vart det straumsjø og vi var litt i tvil om vegen vidare. Vi småsurfa forbi Selsøyvær i ei faderleg fart, og tok ein flåteprat inne i vika. Samrøystes til litt meir padling og jakt på teltplass for natta. 

Idyllen Selsøyvær

Over mot Gjerdøyhamn, med håp om teltplass innimellom dei grå holmane ein stad. 

Det vart leirplass, vindskjerm og varm middag. Ein bratt start på ferien. 

Ikkje ei sur mine på nokon i løpet av dagen! Veret kan ein ikkje gjere noko med, med ein kan velje folka å feriere med.  Finaste gjengen! Vi starta det som skulle verte ein tradisjon; å debriefe om kvelden. Alle måtte trekke fram sitt høgdepunkt for dagen og tilsvarande på andre enden av skalaen.  

Dag 1: 12,5 km padling (GPS-spor frå Lene H)

Det var lurt å ete middag FØR vi la ut i kjipt ver og ukjend landskap. 
Berestropper er fint.     


Snorkling på Giske

 26. juni Sol og sommar, og det freista med ein snorkletur på Giske. Det er langgrunt på alle kantar  av øya, og sjølv utan noko særleg svømmeferdigheiter kan eg få ein snik-kikk i ei magisk og framand undervassverd!




Mange krabbelurer på tur


Fargerikt og variert. Bittesmå, små og litt større fisk. 




onsdag 28. oktober 2020

Mørkepadling på Molnes

 28.10 Sesongstart for mørkepadling! Mallavika - Molnes tur retur vart 7,5 kilometer padling i mørkt landskap og fin dønning. Når auga venner seg til mørkret er det ikkje lenger så svart. Silhuettar og konturar i landskapet blir tydelege. Det skya til, men med vindstille og 10 plussgrader var det likevel ein nydeleg kveld ute. Dønningen som traff land brusa og støya, men det høyrdes verre ut enn det var. Torunn tok ei lita overraskande økt med rockhopping og surf. Beinstrekk med bål og prat gjorde godt og eg lada batteria for vinteren. Padling i små grupper må vere ein av dei beste aktivitetane som er godt  innafor smitteverntiltaka. Kanskje det er slike turar som blir sosialiseringa framover?  

Mallavika by night

Raudt lys er godt for nattesynet. Lene H  padlar forbi rett fram her.
Det er ei utfordring å finne rett nivå på lysa vi brukar: godt synlege, men utan å blende oss sjølv eller andre. 

Beinstrekk og kvalitetstid! 

Takk for turen!