- Klart det skal padlast heile året! Det var heilt klart i september i alle fall. Etterkvart som dei sibirske minusgradene fekk taket på Vestlandet må eg vel innrømme at motivasjonen dalte og frykta auka. Frysing er det eg hatar mest og toler minst.
Lysta på EIN tur til i år var likevel sterk i gjengen. Jungeltelegrafen gjekk og 4. søndag i advent let vi jul vere jul og drog på tur. 5 stk godt påkledte slepte ut kajakkane i puddersnø og -6 grader på Øyra.
-Dette er beviset på at vi har blitt ein SKIKKELEG klubb, gliste Odin.
Heilt inne ved fjæresteinane dukka det opp ein sel. Sjelden dei går heilt inn i sentrumshamna. Dyrelivstafetten heldt fram og i løpet av turen fekk vi nærkontakt med oter, skarv, hegre og ørn. Vinterpadling = meir dyreliv.
Kvifor gå rundt grauten når du kan padle rundt Møkalasset? Stilt og fint på sjøen. Litt meir bølgjer, straum og austatrekk ytst ute.
Snøkvite fjell og knallblå fjord. Låg sol med oransjeraude strålar gav varme tonar både til landskapet og dei vinterbleike padlarane. Vinterpadling = fantastisk lys
Kjekt å vere på tur. Drøs og prat. Vi ser det sjølv at vi har det fint på slike dagar. Bortskjemd på utsikt. Eg kjenner at det stikk litt i bringa. Berre nokre dagar att til eg skal flytte på meg. Det er jo reint idioti å flytte frå desse kjekke folka og den flotte naturen.
Det rare var jo at det ikkje var så kaldt.. Padlemuffer med ullvottar inni held meg varm på nevane, og to lag ull under tørrdrakta var perfekt. Litt kaldt på føtene, men elles perfekt! Det gjeld å grue seg nok på førehand.. Då vert det betre enn ein trur..
I Sauesundet finn vi livd frå trekken og pausar. Varm drikke. Strekke på føtene. Istappar og grantre syt for julestemninga. Hardhausar ja! Vi skulle no hatt oss eit bål, meiner Kjell. Neste gong. Det er vi einige om.
GPS-en en viste 12,5 km. Merkeleg korleis mange av turane våre blir omtrent akkurat så lange....
Eg gjorde mitt beste for å overbevise gjengen om kvifor dei skal planlegge padlehelgeturar på Sunnmøre neste år. Deretter kor viktig det var å drive langtidsplanlegging når det gjeld turar i Askvollområdet, med publisering på heimeside, Facebook, SMS osv. Så får vi sjå om noko av dette dryp inn og det blir fleire turar i lag på oss i 2011. Ser eg eit stjerneskot på nyttårsaften så veit eg kva eg skal ønske meg...
Heim. Foto: Odin
Takk for turen!