fredag 26. juni 2020

Pinsepadling dag 3 - Sognesjøen - Kolgrov

31.05
Sjølvvakne utan klokke. Varmt i teltet. Sol. Bikke seg ut og sprade rundt i bikini. Feriekjensla fyller heile kroppen. Vest i Gulen var det ein nydeleg dag. Vi hadde funne ein bra leirplass i skyminga kvelden før. Smale sund og lyngrabbar hulter i bulter. Kaffivatnet på kok. Vi har det ikkje travelt. Det er ingen avtalar. Ikkje noko som skal rekkast.

Morgonbad i camp perfekt. I dei smale sunda var det fin temperatur i vatnet. 

Kongar på haugen! Lyng gjev ofte høg komfort, sjølv om det ser litt humpete ut. 

Eg kunne jo ikkje vere dårlegare..

Cowboyfrukost for svoltne jenter.

Sognefjorden venta framom oss, så vi gjorde oss padleklare i tørrdraktene. 

Ny dag - nye opplevingar

Snirkling mellom holmar og skjer. Grunne sund, turkis hav. 

Det er mykje stein. Flotte formasjonar. Første ørna på turen letta rett framom oss. 

Øyriket vest i Gulen er flott, men overraskande lite i utstrekning. Framom oss opna Sognefjorden seg.  

Sogneoksen

Vi kryssa rett over frå Sogneoksen til Kverknappen, omtrent 5 kilometer. 

Øyriket i Gulen forsvinn bak oss. Knapt ei rukke på sjøen. Silkeføre. 
Herleg padling. Lett å halde god driv. Kjempeenkelt på slike dagar. 

Kverknappen. Gode gamle Solund!! Her snakkar vi STEIN!

Etter opne kryssingar er det deileg å komme inn i mellom skjer og holmar og snirkle litt att. 
Det blir litt antiklimaks etter ei slik kryssing. Vi hadde jo førebudd oss på Sognefjorden ei stund. 
Oppsummert var det mange behov: Meir vatn, beinstrekk og lunsj. Vi var heller ikkje heilt sikre på kvar vi skulle legge ruta. Nina begynte å kjenne det i skuldra og vi hadde ikkje ubegrensa med fridagar framom oss. Samstundes visste vi begge veldig godt at Utvær låg i vest og venta på oss. Skal, skal ikkje... 

Vi bestemte oss for å ta ei strategisamling med høveleg servering i Kolgrov, og sette kursen mot vest.    
Innpadlinga til Kolgrov

Kolgrov
Fin lita bygd, med hyggelege folk og rikeleg reint og godt ferskvatn. Hit vil eg tilbake!

Maten smakar ekstra godt med slik utsikt! 

Fulle vassdunkar og oppdatert vermelding. Klår melding frå dei lokale: Skal de til Utvær så er dette dagen! Så då var det berre å køyre på!!! 

Ut frå Kolgrov - mot vest!!! 

Solund i eit nøtteskal. Menneska klorar seg fast. Kultur i naturen. Tøffe forhold og sterkt samhald.

Strekket Gulen - Kolgrov - ca 15 km

Link til Holmengrå fyr - kjem
Link til Utvær fyr - kjem 

torsdag 25. juni 2020

Pinsepadling dag 2 - Draumen om Holmengrå

30.05
Heilt sidan eg segla forbi med båt, og fekk vite at holmen og fyret heitte Holmengrå, har eg hatt lyst ut dit! Det er ein barnesang som demrar for meg, om ein mann på ei øde øy. Holmengrå er akkurat ein slik holme som eg såg føre meg at den mannen satt på ute i havgapet.

Mamma klarte å finne ut kva barnesang det var:  


Det bor en gammel baker
på en bitte liten øy.
Han er så lei av kaker
og krem og syltetøy.
Men han må sitte likevel
og spise sine kaker selv.
For han bor helt alene
på en bitteliten øy. 

(Inger Hagerup)

Nina og eg kikka ut på Holmengrå frå Rongevær i 2012 - men då var det ikkje dagen for å padle ut. Eg hugsar at vi snakka om vi nokon gong ville klare å komme oss ut der. Etter første glimt av Holmengrå no, lurte vi på det same... Holme er ein underdrivelse. Ei klippe i havet er meir rett. Vi klarar jo alltids å padle ut, men kjem vi oss i land? Tvilen gnog oss dess nærare vi kom.

Holmengrå! 

Ei blankskurt klippe i havet

Surrealistisk og fantastisk med flott arkitektur her ute! 
Vi bygde landet på andre prinsipp enn marknadsøkonomi og samfunnsøkonomiske analyser ein gong..

Det var nesten ikkje dønning eller vind denne dagen. Likevel var det drag rundt øya. Kvar kjem vi oss i land? Vi padla rundt. Nokre trapper og installasjonar for større båtar var det, men med lågvatn var det utanfor rekkevidde for oss. Lysta på å gå i land var omlag like stor som frykta for å feilberekne med fullasta kajakkar og slå hol i skroga. Sjølv om vi alltids klarar å svømme i land, må vi og klare å ta opp kajakkane.  


Hovudlandinga til Kystverket låg i skuggen. 4 meter med loddrett betong. Velkomstkomiteen var på plass.

Vi heldt nesten på å gje oss. Det låg an til mange kilometer padling uansett kvar vi skulle. Det var ein kalkulert risiko vi hadde tatt. Eg var overmoden for beinstrekk, og tok ein halv runde til. Eg låg lenge på den minst vanskelege plassen. I periodar var det mindre drag i sjøen. Og eg trudde at eg kunne få med meg kajakken opp... og jaggu!!! Det gjekk utan svømming, med båten like heil!! 

Ser enkelt ut på bilde. Litt meir spennande i verkelegheita. 

I sola på svaberga var det berre å flekke av seg padlekleda og sprade rundt i bikini. Det viktigaste først - MAT! 

Scampigryta er ein klassikar på padletur - og smakar alltid fortreffeleg! 

Det første som slo oss då vi gjekk i land var at holmen slett ikkje var grå!! 


Berga var kledd i rosa, gult og kvitt. Det bugna av blomar! Rosenrot, strandnellik, jonsokblom, syrer og sildrer.





Vi gjekk langs gangvegane til fyret og tok inn sommarstemning og idyll. Skarven på austsida fekk vere i fred for oss. 

Fyr nummer to på pinsepadlinga!!

Vi er så heldige som får oppleve slike stader!! 

Norsk fyrhistorisk forening skriv at "Holmengrå sannsynligvis er den mest øde beliggenheten av et fyr mellom Stadt og Svenskegrensen". Fyret vart etablert som innseilingsfyr i 1892. Tårnet som står i dag vart bygd i 1955, og fyret var bemanna fram til 1986. Lyset frå fyret rekk 13,3 nautisk mil. 

onsdag 24. juni 2020

Pinsepadling dag 2 - Fedje til Gulen

30. mai
Dag to starta med lang frukost, soling og rusletur på Hellisøy fyr. Vi måtte vidare, og det sa seg sjølv at ruta vidare måtte bli yttersida, vest om Fedje. Havet låg paddeflatt, det var varmt og ikkje eit vindpust.

Farvel til Hellisøy fyr

Fedje vestside

Framleis vest om Fedje 

Signalbygget i bakgrunnen er Fedje sjøtrafikksentral

Sjøtrafikksentralen er ein del av Kystverket. 
Sidan 1992 har dei helde auge med tankskipa til og frå Sture og Mongstad samt overvaka og regulert skipstrafikken til og frå Bergen. Vi hadde og planar om å nytte tenesten deira utpå ettermiddagen.  

Framleis vest om Fedje, på veg inn mot Karlsøysundet

Fedje sentrum! 
Ei skikkeleg triveleg bygd i ei skjerma naturleg hamn nord på øya. Med kyrkje og ferje i sikte satsa vi på at det også fants butikk med sal av is!

I sentrum var det så mykje turistar og ståk at vi grabba isen vår og rygga ut att frå butikken. Dei fastbuande gjorde så godt dei kunne for å følgje opp gjestane, men dei tilreisande oppførte seg omlag som om korona berre var ei øl...   

Idyll på Fedje

Vi skulle ut i opnare farvatn, og tok på meir klede. Neste etappe hadde eit par usikre element. Sola steika og vi snirkla oss gjennom skjergarden nord for Fedje og etterkvart gjennom naturreservatet Innarsøyene. Flott havpadling! 

Første glimt av Holmengrå fyr...

For å gjere ei lang historie kort - vi kom oss dit!!! Her kjem etterkvart eit eige innlegg frå fyret. 

Fyr nummer to på turen! 

og holmen var ikkje mykje grå....!!



Utsikt frå toppen av Holmengrå - ytre del av Fensfjorden. 
Vi såg såvidt Utvær fyr heilt i vest. Fjella i Solund lente seg karakteristisk mot vest, med låge siluettar av øyer og holmar i Gulen framom.  

Etter middag (i bikini!) og rusletur opp til fyret ringte vi sjøtrafikksentralen. Dei kunne informere om skipstrafikken i området, og gje oss oppdatert vervarsel. Bodskapen deira var klar og hyggeleg: Få skip, inga skodde og GOD TUR! 

Dressed for Fensfjorden

Nina har ofte gått over Fensfjorden med småbåt og veit at det kan vere ruskete. Eg har og erfart at det kan vere meir sjø her enn på Sognesjøen. Vi hadde difor stor respekt for neste kryssinga, og tok på tørrdrakt i tilfelle uføresett. Ut i frå veret og oppdatert vermelding kryssa vi langt ute, ca 7 kilometer tvers over, rett frå Holmengrå. 

Drikkepause midtfjords

Farvel til Holmengrå i det fjerne

På full fart inn i tidlegare "Trivselsfylket"

 Gulen er ny padlemark for meg, medan Nina har vore her fleire turar før. Etter lang kryssing var det godt med stein, berg og sund. Det var mykje straum i sunda og vi måtte orientere oss litt kvar vi eigentleg var komne.  

Målet for dagen var å krysse Fensfjorden. Vi  var på ein måte ferdige med oppgåva og datt litt saman. Vi var ubesluttsomme og det var ikkje mange innlysande teltplassar. Vi runda holme etter holme. Brått såg vi rett inn til Byrkenesøy. Gulen er ikkje så stort, her ute. 

Kvelden senka seg

Månen var med

Nydeleg solnedgang. 

Vi hadde framleis ikkje funne leirplass. Det var ein nydeleg stille kveld på sjøen med speglande sjø og vakkert lys. Då sola gjekk ned var vi leie og trøtte, sjølv om sommarnatta framleis var magisk. Vi vart einige om at på denne øya her MÅ det berre bli camp.  

Vi fann tang å dra opp kajakkane på, lyng å sette teltet i og slik vart det. Nokre villsauar sjekka oss opp då vi kom, så vi skjønte at maten måtte gøymast godt over natta. Etter ein fantastisk dag med mange inntrykk sovna eg allereie på veg inn i posen. 

Sauebesøk i campen (Foto: Nina)

Dag 2 - blå linje  - temmeleg nøyaktig 30 kilometer. 6,5 time padling. 
Dag 1 - raud linje - temmeleg nøyaktig 30 kilometer