Stølsturar 2021-23

Vi er omringa av stølar og setrer, og det er på høg tid å utforske dei nærare! Då kan eg kombinere alle dei tinga eg likar best! Være ute, gå nye stiar, finne ut meir om historie, arkitektur, tradisjon og vegetasjonstypar. Saman med Synnøve, min nyfikne og spreke ekspedisjonspartner, har vi skjønt at stølsturar er meir som eit livsprosjekt!   

Spenna klar for setreturar og stølsvandringar! 




Juli 2022 - Sommartur i skogen på stølsjakt
Store kontrastar mellom gammal og ny bruk. Attgrodde stølar og opptrakka toppturstiar. Gudmundsetsætra.

Juni 2022 - Stølssanking Snaufjellet over
Herleg sommardag i fjellet med overgangstur frå Giskemo til Vestre. Innom Lisetsætra, Gamle Lisetsætra, Skardbøsætra og Vestresætra.

Mai 2022 Frå fjord til fjell i Fjørå - setretur med ski!
Vakrare vert det ikkje! Fjordlandskapet om våren får alle dei nasjonalromantiske kjenslene i sving! Nedstestølen, Nysætra og Høgsætra.

April 2022 Vår i bakkane på Magerholmsetra
Nytt område for meg. Flott nærtur og interessant kulturlandskap. Gamle Magerholsetra/Daleplassen og Magerholmsetra.

Mars 2022 - BOM! Vi klarte ikkje å sette av felles tid, og veret spela ikkje på lag. Strafferunde.

Februar 2022 - Setretur rundt Svartløkvatnet
Setretur i preppa langrennsløyper er vinterluksus! På runden rundt Svartløkvatnet fekk vi sjå nærare på minst sju stølar; Bygdasetra, Tomresetra, Jostølen, Frostadsetra, Barlindhaugsætra, Brautasætra og Svartløken.

Januar 2022 - Lisetsætra og Amdamssætra
Verken eller føre, og det vart ein tung tur i snø til fots opp skogsbilvegen til stølane. Fine stølar og flott utsikt - og god trim! Her må vi nok tilbake på sommarstid, eller med fjellski!

Desember 2021 - Vaksvikfjellet - overgangstur frå støl til støl
Langrennsski i løypene til Grytalisætra og Kjersemsetra. Fin tur og fine stølar, som fortjener eit nytt besøk i barmarksesongen og!

November 2021 - Emblemsfjellet på langs med stølsblikk
Nysnø og julestemning. Kulturlandskapet viser att, også med snødekke. Innom Eikenossætra, Røssevollsætra, Emblemssætra (Skillingsetra) og Puskesetra

Oktober 2021 - Stølshopping i SkodjeRunde innom Steinsetsætra, Skodjestølen og Apalviksætra med nydelege haustfargar og fine skogsopplevingar attåt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar