mandag 24. september 2018

Ruskevershelg på Runde fyr

22.-23. september
Helgeturen gjekk til fots til Runde fyr. Eg har lenge drøymt om å vere her ute i ruskever. No såg det ut til å klaffe bra, med rikeleg vind og bølger. For første gong skulle eg overnatte i DNT-hytta - sjølvaste fyrmeisterbustaden. Kristin kom frå Tromsø, og Malin frå Oslo, og vi hadde mykje å snakke om sidan sist.


Vindfullt og vått! 

Dei lokale heltane let seg ikke distrahere av veret 

Første glimt av fyret

Flotte haustfargar og frådande hav. 

Kristin og fyrlykta

Svinøy fyr i horisonten

Ei lampe som gløde i mørket, og lose dæ ut og frem, som tar dæ bort og hjemmefra, men også tar dæ hjem...
(Har du fyr - Ola Bremnes)
Vi sneik oss ut på tur inn i mellom regnbygene. Skiftande lys og heftig ver.  


Bølgjene slo mot Grasøyane og kasta kvite skumtoppar fleire titals meter til vers.



I overkant mykje "påfyll" på badeplassen i berga denne dagen

Heftig ved moloen, heilt greit å ikkje komme inn med kajakk eller båt i dag. 



Det var tydeleg korleis grunnene i nord skjerma Kvalneset frå dei tyngste havbårene.  

Tung sjø mot land


Nydeleg tur over Rundebranden og Lundeura tilbake på søndag 


Fasinerande bølger - på trygg avstand:
Ved Goksøyra laurdag

På innsida av Kvalneset


Ved moloen



På innsida

 











Goksøyra på søndag


søndag 9. september 2018

Vilt og vakkert i Vetvika

8.-9 september NB: Før du tenker på å padle til Vetvika, skal du vere heilt sikker på at både du sjølv og dei du padlar saman med har vore ute ein vinterdag før. Det er eksponert og rotete farvatn, og ein må alltid rekne med å handtere straumen frå heile Nordfjorden, tung dønning frå vest og skiftande vind og lokale byger (på grunn av Ålfotbreen like innafor). På strekket er det få, om nokon, plassar å gå i land, og det er sjeldan eg padlar i område med så lite "plan B" som dette.

Når det er sagt så hadde vi eit vervindauge på 1,5 døgn denne helga, med meldingar under 2 m/s vind, og vi meiner at vi har vore ute ein vinterdag før...

Måløybrua: 0 m/s. Timing is everything! 

Idyll! 20 grader og full sommar. 

Vi la ut ved den gamle handelsstaden på Vågsberget, for å få kortast mogleg strekk å padle. 

Eg hadde gløymt både kart og kamera heime - noko som var ei sjokkerande oppdaging. Nina hadde heldigvis dobbelt opp med kart, så vi berga. Synd at det berre vart mobilbilde frå land på denne turen, men slik vart det denne gongen! 

Beinstrekk og første stopp på Klovningen


Topptur på den eine "humpen på Klovingen. Veststeinen i bakgrunnen

Turen vidare gjekk rett ut til Veststeinen, deretter rett mot venstre og inn i Vetvika, mellom fjella (bak Nina). 

Frå Måløy til Klovningen hadde vi vindstille og straumen med oss, så det gjekk på eit blunk. Det var havblikk og vindstille med lange seige dønningar då vi la ut frå Klovningen. Vi sette kursen rett mot Veststeinen. Det var stilt og nydeleg heilt til vi kom dit. Då kom det ein floing frå ingensteds, og i løpet av 2 minutt så var det vindbølgjer, vindkast og mykje å forholde seg til. Siste strekket med dønning på skrå bakfrå, vindbølgjer på skrå bakfrå frå andre sida og kastevind frå fjella rett inn frå sida var det litt meir krevjande å padle. Det skiftar fort her ute!  


Ankomst Vetvika. Goldt, utriveleg og idyllisk på ein gong. Foto: Nina

Stort landskap

Framtidig Kannestein?

På stranda var det nesten ikkje ved - og det som fantes av trevirke var små klossar og pinnar på 15-20 cm. Vi saumfor stranda og enda opp med to ikeabagar med småbitar.  


Septemberbad! Det vart symjing med oter, men han stakk før vi fekk ta bilde.
Det vart middag og bål, og etterkvart ein aldeles fantastisk solnedgang! Himmelen stod i brann, og vi hadde orkesterplass.  





Korleis det skulle verte å komme seg FRÅ Vetvika var litt spennande. Det var ikkje dekning for å sjekke vermeldinga, og vi visste det var bygever på gang dagen etter. Vi skulle ha eit greit vervindauge, men utan dekning fekk vi ikkje sjekka oppdaterte vermelding. Vi stod difor tidleg opp, og var effektive i pakkinga.  

Klar for avreise - veret såg lovande ut og vi hadde trua!

Då vi kom ut av vika var det allereie sørvest vind og rotesjø. Etter å ha runda neset, forøvrig med skikkelege skvalpebølgjer, fekk vi fin medsjø og medvind nokre kilometer. Den største utfordringa var eit par plutselege vindrosser frå fjellet. Når ein tek støttetak i lufta opp mot sidevinden..... vel. Det gjekk bra. Då vi kom til fjordmunningen fekk vi ei ny utfordring, som eg heilt hadde gløymt å ta høgde for! Straum! Heile Nordfjorden skal jo inn og ut her... Vi var heldige og kom over på siste floinga, så vi hadde i alle fall straumen med oss. Straumbølgjer og vind gav krevjande padling heilt til vi kom over på Vågsøysida. Dei 2 sekundmetrane med vind som var meldt såg ikkje vi noko til. 

Attende på Vågsberget! Yess - vi klarte oss godt!  

Bygeveret gjekk i fjorden. 

I løpet av helga vart vi einige om å ta opp att prosjekt månadstelting. Vetvika var kul, men eg kjem ikkje til å padle her ofte. Det er for eksponert. Klovningen derimot, dit har eg lyst ut att! Skikkeleg kul plass! Dette er sjøfuglreservat med ilandstigningsforbod frå 1. april til og med 31. juli. 

Kart over turen. Raud = laurdag (16 km), blå = søndag (12 km) 
Snittfarta var imponerande trass forholda, så vi padla i mindre enn 5 timar til saman i løpet av helga. 
Vindmålaren på Måløybrua viste 13 m/s då eg for heimover.