17.-19. november 2017
Kvalen heldt seg framleis ved Skjervøy, så vi omorganiserte heile opplegget vårt. Jarle og Trude kom med hurtigruta om kvelden medan vi andre fekk med oss Lyngsalpane i soloppgang frå bilen.
Skjervøy sentrum. Kul plass. Tettbygd samfunn i ingenmannsland.
Mildrid spenna klar!
Nokre av fiskarane var allereie på veg inn.
Vakkert!
Teambilde!
Pastellpadling (Foto: Mildrid)
Omringa av spekkhoggarar i blåtimen på veg inn att. (Foto: Mildrid)
Den siste spekkhoggaren vart med inn i hamnebassenget.
Fredagen: Vi padla 16 km, og såg ca 20 spekkhoggarar og 10 knølar. Ein stor sprettspekkis som hoppa 2-3 gonger. Masse unge dyr som og hoppa og spratt litt. Vi traff og på knøl og spekkhoggarar i mørket, som var ei stor oppleving.
3 vart til 5 på laurdagen! Flokkpadling er kjekt.
Vi såg 3 knølkvalar på lang avstand, så kvalmessig var det langt under forventningane. Då er det bra at det sosiale og padlemessige held mål. Vi fekk synfart haukøya grundig og gjorde strandhogg med bål i Lille Taskeby. Ikkje veldig mange fine plassar å gå i land her ute.
Besøk av fleire Tromsø-padlarar. Fantastiske pastellfargar utover dagen!
Blåtimepadling på heimveg. Vakkert.
Teambilde! Vi let ikkje mangel på kval øydelegge stemninga. (Foto: Mildrid)
Red light paddling (Foto: Mildrid)
Skjervøy blenka som ein juvel i skumringa. Julepynt i vinterkledd landskap.
Søndag: Ny moglegheit på ny plass. Vi la ut frå Taskeby og held oss i Maursundet og midtfjords mot Molvik. Vind og fjordbølgjer og lite kval. Vi bestemte oss etterkvart for å prioiritere båling og gamla på at det gjekk å komme i land i Sæterbukta.
Taskebystranda
Mildrid i Maursundet
Seglbåt med kvalsafarifolk.
Sympatisk at det er fleire som prioriterer stille og sein framdrift...
Sætrebukta. Vi kom i land. (men eg kolva då vi skulle ut att..)
Grunneigaren var og på hytta denne dagen, og vi fekk låne bålplassen
Bjørn Tore fiksa bål før vi fekk snudd oss rundt.
Fin solnedgang denne dagen og! (Foto: Mildrid)
Sidan eg allereie var blitt våt, og rulleutfordra av Marian, var det like greit å rulle. Godsida gjekk greit, men vrangsida var vrang, og det vart bading og redning. Det ER lurt å øve med dei kleda og i dei forholda ein faktisk padlar. Note to self: 3 lag ull, og mykje stæsj i vesten gjev både god oppdrift og lite bøyelegheit. Og for meg er rulling og vasstilvenning ferskvare.
Eg vert redda (Foto: Mildrid)
Fantastisk solnedgang sette eit verdig punktum for kvalpadlina 2018. Eller som Jarle så treffande sa det: - Vinterpadling med eit hint av kval! Søndagen padla vi 11 km, og såg to knøl frå land før vi la ut og elles spegghoggar på lang avstand.
#romantisk <3 finefolk="" nbsp="" p="">
3>