Etter naglebiting, daglege trippelsjekkar av yr.no, og panisk leit etter teltpluggar heile veka stod vi på Øyra i knallvær! To kajakkar - ein haug med bagasje og om mogleg endå større ambisjonar.
Alt fekk plass - men det tok ein time...
Nina med Alden
Småruskete Granesund, stilt og fint sørom Atløy. Forbi Vilnes tok nordavinden for fullt, og eg hadde mittt svare strev med å halde kursen. Vi kom oss over bukta oppunder Brurastakken og fekk att pusten. Men når vi runda hjørnet der vart vi litt bleike. Store bølgjer og kraftig vind direkte frå nordpolen. Tvibergsundet gjekk kvitt. Tilbake i Skarvikja for rådslagning. Tør vi? Er vi gode nok? Kva viss ein av oss får ein velt? Har vi kontroll?
På hjørnet ved Brurastakken mot Tviberg. Storenipa til venstre.
Ringte Kjell som sjekka yr.no ein gong til (meldinga sa 8-9 m/s). Vi åt, pausa, kvilte oss og venta på at vinden skulle løye. Nye personlege rekordar i tolmodigheit og fornuft vart sett denne ettermiddagen. Eit forsøk til og plan B i reserve. Når vi kom rundt for andre gong var det framleis bølgjer, men litt mindre vind. Vi kryssa! Tungt, men greit.
Vi padla langs Tviberg sørover for å finne teltplass. Stilt og fint på sørsida, men berre bratte berg. Kartet freista med ei fin bukt på vestsida. Berre at for å komme dit så måtte vi rundt att... Havdønning og bølgjer på ca 1 meter vart bekjempa (med skrekkblanda fryd). Men det var det verdt, for verdas beste teltplass låg nemleg i Kalvågen!
Kveld i Kalvågen
Fullpakka kajakkar er greie å padle men noko herk å bere. Vi er verdsmestrar til å sette opp telt og lage stormkjøkkenmat. God stemning i leiren!
Morgonstemning i basecamp. Hurtigruta kan sjåast til venstre rett over teltet.
Søndagen vakna vi til sommar! Hurtigruta kom tøffande forbi og vi mekka egg og bacon til frukost. No skulle vi til topps! Storenipa på 190 m.o.h er det høgaste på Tviberg, og vi kleiv opp. Møtte ein sprek og spenstig 8-taggar som var litt forundra over å få besøk. Utsikta frå toppen var heilt fantastisk i alle retningar. Turen vart avslutta med bad i sjøen! I september! Ikkje kvart år for min del..
På toppen! Solund i bakgrunnen.
Padleparadiset vi skulle ut i om ettermiddagen - Hindøy, Avløyp, Heggøy og Staveneset lengst bak
Kalvågen - vår perfekte teltplass (dog utan vatn), og Alden. Telt og kajakkar vart nesten usynlege frå toppen men ligg godt plassert inst i bukta.
Kjell kom padlande ut til felles lunsj før vi sette kursen austover att. No for vi på nordsida med øyhopping for auge. Stas med nærkontakt med to ørner. Hindøy - Avløyp - Heggøy. Vi rakk akkurat å komme oss gjennom Vaulen på Heggøy før det fjøra for mykje. Knallsol og stilt på sjøen. Kjell for innatt til Staveneset og vi padla Granesundet heim.
Testing av årefotografering. Storenipa på Tviberg bak
(Foto: Kjellay)
Avløyp
Smak av HAV - mot Kinn
(Foto: Kjellay)
Trangt og grunt og kjekt gjennom Vaulen
Oppdrag Circumnavigation* Atløy - Tviberg gjennomført med stil! Det store spørsmålet er kvifor i alle dagar vi ikkje har dreve med telting før? Eit par slike turar til og vi er klar for Arctic Sea Kayak Race 2011 til sommaren. I alle fall Short Ramble.
GPSen viste total 40,69 km padling. Sjølv om vi hadde brukt to heile dagar så var ikkje effektiv padletid meir enn 7 timar og 45 minutt. Vi skal jo ete nokre måltid per dag og.. Snittfarta på denne tida var 5,2 km/t. Pakking, telting og tur på land tek tid, og må leggast inn i berekninga av krefter og dagsopplegg. Sjå elles
Kjell sin versjon av turen her.
*Circumnavigation – literally, "navigation of a circumference" – refers to travelling all the way around an island, a continent, or the entire planet Earth.
Eller rundt Atløy......