23.01 Mange har snakka om Ryten i det siste, så det var artig at Per hadde blinka seg ut akkurat den på laurdag. I bilen var det utstyr for det meste, elle melle og truger frå start. Tung, våt snø og gjennomslag sjølv med truger. Vi gjekk frå Bergland.
Start på Bergland og sola i ryggen oppover bakkane.
I skaret og utsikt mot Vesterålen
Vi gjekk med truger ca halvvegs, så la vi dei i frå oss. Det var hard snø og fint med broddar i 150 høgdemeter. Dei siste 100 høgdemetrane er det tyngste eg har gått på lang tid. Tynn skare, med 5- 45 cm sukkersnø under og is i botnen. Først gjekk ein gjennom skara, deretter sankt foten ned i 2-3 omgangar til snøen nådde knea og vel så. I tillegg fekk broddane aldri skikkeleg feste i botnen. Som å gå med bakglatte ski, berre utan ski. Den som gjev seg er ein dritt. Ikkje turglede og utsikt akkurat dei metrane der. Det var tanken på toddy og matpakke, å nå fram til neste stein, og å i det heile overleve 3 skritt til som stod i hovudet.
TOPPEN!
Som vanleg er det verdt det. 180 grader hav, 180 grader alpine fjell. Pastellfargar og gyldne solstreif.
Mot nord-ish
Sørover
Vestfjorden og fastlandet langt bak der
Kvalvika rett ned. RETT NED faktisk..
Rått!! Fine surfebølger.
Panorama fra Ryten - Flakstadøya og Moskenesøya
Flakstadøy-fjella rett i mot på veg heim.
Det er mykje lettare å gå nedoverbakke og vi var smartare i vegvalet. Det var godt med trugane på siste delen. Nok ein herleg dag på fjellet! (Lærdom: Ta alltid trugene med heile vegen!!) No håpar eg berre mildveret får bearbeide all snøen. Det er ikkje noko særleg om skisesongen startar med den lagdelinga der i botnen.
På køyreturen heim kom fullmånen opp og det var magisk og fantastisk og nydeleg!!
Fullmåne over Gimsøya (Hoven til venstre)