Normalt sett skulle vi hatt full vinter i januar. På Sunnmøre er det omtrent ikkje snø å oppdrive no, så vi bestemte oss for å teste teltet på den kjente vintersportstaden Alnes.
Helsport Svea 3 Camp skulle settast opp for første gang..
Sygni i god driv innover.
Sist eg for på telttur med ryggsekk i fjellheimen, ein eller anna gong midt på 1990-talet, lova eg meg sjølv: aldri meir. Det er berre alt for tungt å bere. Padleteltinga har gjeve meirsmak, og det er no faktisk slik at nokre plassar er litt vanskeleg tilgjengeleg med kajakk.
YEAH! Framme på teltplassen i Styregjølet.
Vi hadde plukka ein teltplass som ikkje låg så langt frå bilen, som skulle ligge i livd for sørausten og kulingen som var meldt. Sidan det ikkje var så langt til bilen, tømte vi sekkane ved basecamp, og for tilbake for å hente ein sekk ved og eit juletre som eg tilfeldigvis hadde til overs.
Sygnis heimelaga kyllinggryte. Namnamnam
Det vart matlaging på bål og både lang kveld og tidleg kveld. Skikkeleg koseleg å sitte ute. Ikkje spesielt kaldt heller. Nokre vindkuler laga gnistregn, og vi sløkte skikkeleg, med Lærdal friskt i minne.
Sygni
Eg har sove bedre i telt, men det var heller ikkje noko å klage på. Eg er vel berre litt generell stiv og støl.
Styregjølet har truleg frått namn frå adjektivet "Styren", som tyder vill, uroleg, bråkete. Kanskje fordi sjøen kjem inn og bryt her. Eg kan stadfeste at det var nokre vannvittige dønningar i løpet av natta. Eg vakna eit par gonger og tenkte på uver, men det var berre store bølgjer som braut og drønna.
Førstinntrykket av SVEA: Stort, god takhøgde. Nokre gjennomtenkte løysingar på t.d pluggfesta langs kanten på duken, ventilar, glidelåsar. Eit par av bardunane var ikkje skikkeleg festa i teltet og lausna, og det er jo litt irriterande, sjølv om det går heilt fint å knyte dei på att. No er eg vant med sjølvståande telt, så eg fekk heilt hakeslepp når eg såg kor mange pluggar som eigentleg skulle til. Eg sakna refleksmerking på bardunane. Det er heller ikkje laga handtak/hemper som er berekna på at alt skal gjerast med vottar. At dette teltet står uansett ver tvilar eg ikkje på, og stormmattene er gode å ha i vind eller snø.
Storstova. Ballsal. To personar har kongeplass, og det er nok mogleg å vere tre til nød.
Svea Camp 3 frå Helsport
Sklir godt inn i terrenget.. Stramma opp etter alle kunstens reglar.
Det vart frukost med bål og matlaging på bål. Kaffi, egg og bacon, alt mekka på bål. Herleg!
Det er ikkje feil å sjå Erkna i morgonsol over frukosten.
Utsikt til 4 fyr frå leirplassen er ganske bra.
Det skulle vere ei hole i nærleiken av teltplassen, så vi la etterkvart ut på jakt etter Huldrehola.
HOI! - Her er ho! Sygni fann den på første forsøk
Først måtte vi forsere under nokre store steinar som låg i klem. Ein trong ikkje vere geolog for å skjøne at desse steinane kjem til å dette ned ein vakker dag. - Men ikkje i dag, bestemte eg, og for forbi.
Sygni overlevde første hinder
I "forgangen" hang denne 20 meter over hovuda på oss.
Hola var større og mykje kulare enn eg hadde trudd, og det gjekk bratt nedover og innover.
Ned her....
Spooooky! Spennande og flott. Nye avsatsar. Lenger og lenger innover.
Vi såg tau og holrom vidare innover, men var ikkje heilt førebudde på klyvinga, så her stoppa vi for denne gong. Eg skal tilbake hit med eige tau og reservelys!
Frå Huldrehola mot Remøy og Runde
Føremiddagen vart runda av med fotosafari på heimvegen
Framleis bra dønning innover...
Det bryt godt ved Alnes fyr
Herleg tur! Treng ikkje vere langt heimanfrå for å vere turist!
Vintersportstaden Alnes er eit eldorado for surferar (med bra blodomløp.. brrr)
Her er det ein liten surfar på bølgja....
Det var mange andre som gjorde som oss: var bølgjeturistar med fotoapparat!
Herleg tur, og store opplevingar rett utanfor stoveglasa! Om det kan kallast vintertelting når eg ikkje hadde behov for å ta fram vottane ein einaste gong er eg usikker på. Teltet er offisielt testa og bestått!
Takk for turen Sygni!