We had signed up for the “Qadrathlon” "Kjeringi Open" in Sogn. The drive was stunning; Fjords and mountains, snow, sun and spring. The westcoast of Norway at it's best. Saturday morning we started early to get to the top of the mountain "Kjeringifjell" (meaning "Woman Mountain") at 1314 masl. The competition started here at 13.14. First downhill, then crosscountry skiing, before running. The last leg is cycling. The finish-line is down by the fjord. If you do all legs you can call yourself Superwoman afterwards! Great fun and a very good excuse to spend the weekend with our friends here.
Gjensyn med gamle vennar var stas og fredagskvelden vart vi sittande og diskutere løp, lage strategiar og prate "tudlesognamoal". Eg angra veldig på at eg hadde lagt att utstyr og takka nei til startnummeret mitt. At ein skal vere så snusfornuftig!
Vekking 6.30. Avgang "heime" 07.45. Det var ein fordel med erfarent bakkemannskap. Logistikk og lokalkunnskap var gull verdt.
Syklane klare til siste etappe
På Kleppa med resten av utstyret. Utplassering av joggesko, på med fjellski og bæring av langrennsutstyr til neste vekslestasjon. Forventningsfulle.
Langrennsutstyret plassert i båsar her.
Opplegget var ekstremt velorganisert. Dette kunne dei, arrangørane.
No la vi i veg på preppa løype oppover fjellsida.
Fine løyper
Fjordutsikt innover
Disco-hola. Her var det lunsj.
Humøret på topp - formen grei. Sognefjorden utover
Maur?
Det var triveleg å gå i flokk og følgje oppover fjellet. Alle tok det med ro, og hadde tid til å nyte utsikt, sol og ein prat.
Nesten oppe
Løypa gjekk over nokre haugar, og toppen var småkupert. Vi måtte ta høgde for å gå opp nokre kneiker på nedoverturen og. Berre dei aller beste kom til å ha nok fart til å suse over.
Flott utsikt!
Toppen: Kjeringafjellet (1314 moh)
Organisering på toppen
Potensielle superkjeringar! Klare til innsats.
Klar, ferdig, GÅ!
Starten
På eit blunk var alle ute av syne. Eg fekk fjellet for meg sjølv nedover.
GPS-info, fjell-etappa: 6,6 km, 853 høgdemeter fall, 114 meter stigning. Trym Nygård Løken var raskast på denne etappa med 7min 24 sek. Det er rått! Eg brukte 29,5 min på fjellski (snitt 13,4 km/t, maks 40 km/t).
Kristin og Jarle jobba seg målretta gjennom etappene og kom seg i mål med hederlege tider.
Dei nye Superkjeringane i Kystverket!
Eg tok det meir med ro. Snarveg til stadion i staden for langrennsløypa, gjekk rett på sykkel på Kleppa, og stakk innom "heime" på vegen. Vi hadde gløymt å sette "sprudlevatnet" på kjøling om morgonen, og nokon må ta ansvar for dei viktige tinga. Det kan ikkje vere berre leik og moro.
Jorunn, Arnt Ola og ungane hadde kosa seg på kaia medan dei venta på målgang. Det var opplegg for ungar, utstillarar, griling og underhaldning i målområdet. Eg sykla ut, og vi vart sittande der nokre timar. God stemning. Ungdommane frå Danseverkstaden og Roar Werner med "Kjeringi Open - sangen" var høgdepunkt. Kanonarrangement! Berre blide folk å sjå. Eg trur Kjeringi Open totalt sett er det mest velorganiserte arrangementet eg har vore på. Byråkratbygda leverar!
Sognefjorden!
Sjølv utan startnummer hadde eg komme meg frå fjell (1314 moh) til fjord (0 moh) på godt under to timar (og totalt utan krefter etterkvart, så det var i grunn greit utan startnummer).
Blomar på frukttrea. Lam i bakkane. Snø i fjellet, vår i bygda. No er det vår!
Litt prega av ein ekstremt lang og innhaldsrik dag laurdagen, toppa med sein kveld på Sognefjord hotell - veldig kjekk helg i lag!
Tusen takk til Jorunn og Arnt Ola for at vi fekk komme på besøk! Det var kjekt å sjå at de har fått det så fint, og ei veldig hyggeleg helg! Eg har fått augene opp for at Leikanger er ein brukbar plass. #Trivselsfylket
Eg veit kor eg har tenkt å vere 16. april 2016. Sjåast vi?
#Superkjering.
Film frå Kjeringi Open 2015 (Verd å sjå! 3 minutt med "heile konseptet")
Link til Kjeringi Open på Fjellfant.com (Kristin sin versjon)
Link til Kjeringi Open på Fjellfant.com (Kristin sin versjon)
Kart frå:
http://www.kjeringi-open.no/INFORMASJON/Kart/LOEYPEKART
Hugs til neste gong:
- God tid fredag ettermiddag - kjekt å sosialisere
- Skismøring er avgjerande - preppe ski, glider på randoski, festesmøring langrennsski
- To lunsjar på veg opp er lurt
- Sette frå seg sykkelen i rett gir og sjekke bremsene dagen før
- Ingen grunn til å være forkjøla før eller under denne helga, det kan vi droppe neste gong