torsdag 14. november 2019

Kvalpadling 2019: Skjervøy i pastell med eit hint av kval (dag 1)

14.11 Folk ser rart på meg når eg fer nordover i november. Dei fleste eg kjenner fer til Kanariøyene på denne tida. Eg pakkar for Troms og Skjervøy. Lyset i nord - rett før sola forsvinn for sesongen - ja det må berre opplevast. Veret er oftast stabilt og fint, i alle fall samanlikna med Nordvestlandet. Nokre dagar utandørs i november er balsam for sjela. Spenninga er stor, korleis vert det med kval og med ver i år?  

Velkommen til Tromsø! Foto: Kristin

Eg landar seint, og neste morgon fer vi vidare nordover. Supplering av utstyr frå Alfa Fritid, fergesvele, vintervegar, radio, småprat. Strategiar og planer vert lagt, men vi veit så inderleg vel at ved første glimt av kval - så er planane snudd opp ned.  

Den som skal på kvalpadling må tidleg opp.... 

Skjervøy 💗

Det er så vakkert her. Store landskap. Nesten ingen folk, utanom i Skjervøy sentrum. Bygda glitrar og skin, det er stor aktivitet med fiskebåtar og fiskeindustri. Her er det både husrom og alt som ein elles kan trenge. Og kvalturistar i fleng.  

Dagen er stille og skumringa går over i blått. 

Det er så vakkert at vi nesten ikkje treng kval! Store glis. Vi finn roa og tek innover oss havblikk, pastellfargar og fullmåne.

Eg har lokka med meg dei andre på potensiell langpadling. Det tek ikkje så lange tida før vi er ved Haukøya. Fantastisk formiddag på sjøen, men ikkje snurten av kval.  

Ingen hauk, men ei diger ørn, på Haukøya. 


Vi tok ein beinstrekk. Sør på Haukøya er det bratt rullesteinstrand. Denne dagen var det lett å lande, med berre småskvalpete vindbølgjer å ta omsyn til. Stive skrottar og sukk og stønning medan vi velta oss på land.   

Kva er det som skjer der borte?

Vi ser mykje båtar, både fiskebåtar og turistbåtar. Vi veit at det MÅ vere kval der. Då ser vi eit par finner komme innover sundet mot oss. Pausen vart avblåst og smidige som panterar hoppa vi i båtane og kom oss på fjorden att. 

Ei stor gruppe spekkhoggarar for forbi, utan at vi fekk noko nærkontakt. Vi padla vidare austover, og fekk med oss fleire på kort hald. Sjølv om det ikkje tok heilt av for oss erfarne kvalpadlarar, så var det ei fin oppleving.    

 
Foto: Kristin


Spekkisar på kort og langt hald. 


Fin strand på austsida av lille Haukøya. 

Det vart padling rundt lille Haukøya og i lille Haukøysundet tilbake. Vi hadde ved i kajakken og trong ein skikkeleg beinstrekk. På stranda i bygda Meiland passa det bra. Her fekk vi selskap av ein skvetten sel som låg heilt inne i tangen. Vi kunne sjå ei og anna spekkhoggarfinne i sundet medan vi åt. 


Siste oppvarming før ny økt i kajakken! 

Kvalitetstid.

Dagane er korte i nord i november. Vi fekk med oss solnedgangen på kryssinga over til Hekksteinen. I tillegg tok vi med oss to daude måsar. Det hadde vore observert mykje daud måse veka før, og forskarar i Tromsø var interessert i fugl om nokon fann fleire. Vi er jo interesserte i kunnskap, og stilte opp i folkeforskninga si teneste, med kvart vårt lik på bakdekk.   

Ved Hekksteinen tok vi beinstrekk nummer tre. Det byrja å bli mørkt, og vi rigga oss med meir lys på kajakken og meir sjokolade i magen. Fordelen med å ha vore her før er at vi veit litt meir om avstandar, kvar vi kan gå i land og slike nyttige ting. 

Mørkepadling på heimveg (Måne og to padlarar på bilde)
 
Fullmånen hadde vore med oss heile dagen. Det var aldeles nydeleg å vere på sjøen, og å nytte heile den lyse delen av dagen utpå. 

Skjervøy by night (eller i alle fall ettermiddag). 
Det er nydeleg her. 

Vinterpadling. 31 kilometer, 3 beinstrekk. 
Og vi hadde sett kval!

Heime på basen venta ferdig kvalgryte, fyr i omnen og terningar. 
...og endå hadde vi 3 dagar med fri framom oss!