Rømdalen og siksakkvegen bak kyrkja
Kristin hadde sett dokumentar om ørnhus og var godt inne på temaet. Langs vegen fekk vi sjå eit med sjølvsyn. Trikset var å sitte nede i brønnen, med eit kjøttåte til ørna. Åtet var festa til eit tau, og ein drog åtet nærare og nærare seg sjølv til ein fekk tak i føtene til ørna.
Eg "sitt på ørnhus". Tvilar på om tolmodet strekk til. (Foto: Kristin)
Flott utsikt mot Mosken og Lofotodden
Brukbar gammal historie bak landskapet vi vandra på heile dagen.
Hemmeleg bygg på toppen, og eg er sikker på at i som alle andre tok bilde akkurat på rett side av skiltet som seier ikkje ta bilde nærare enn dette...
Luftig og vakkert
Lunsj på Grunnereggtua. Sola varma og det var skikkeleg påskestemning. Utsikta var og ganske grei.
Frå Håen mot Måstad og Måhornet bakerst. Sanden rett ned til venstre.
Med zoom såg vi ut til Røstøyene i det fjerne
Skamheia og Sørland
Vi gjekk kanten rundt heile Skamheia. Lett å gå, fantastisk utsikt og strålande klåre fargar.
Stranda - sanden. Her er det vistnok ei grotte med spor frå 3000 år tilbake.
Neste gong får vi padle rundt?
Kristin - konge på haugen
Sørlandsvågen og sentrum på Værøy. Ferga på veg inn.
Sørlandshagen var eit skikkeleg sanddynelandskap. neste gong kan det fort blir telting her.
Vi gjekk opp att til toppen og ryggen heilt ut til hornet. 360 grader horisont, hmykje hav og resten kvite Nordlandsfjell tagg i tagg bortetter.
Vandring på taket av Værøy
Kveldslyset vart raudare, og vi gliste breiare og breiare. Det var ein slik dag ein berre kunne gå og gå og gå.
Grei avslutning på livet i Lofoten for denne gong. Hornet nærast, før Mosken og Lofotodden bak.
Vi hadde brukt dagen, og det vart innandørs overnatting på Lofoten Værøy Brygge. Godt nøgde med dagane på Værøy, men framleis mykje att å sjå. Vi må ut at. Det er heilt klart!
5-dagars sokkane står stødig på kaia.
Snipp snapp så hadde vi brukt påskeferien ute, og etter fine dagar kan vi leve med at arbeid og plikter (og flytteprosess) ventar.
20 kilometer gåing på topp topptur på Værøy. Vi tok vegen opp og stiane ned att. Endomondokart frå Kristin.
Vi seier ofte at det einaste som manglar på turen er kval. På veg nordover frå Reine var difor gleda stor då vi fekk sjå ein flokk spekkhoggerar: Tur komplett!
KVAL!!
Note to self:
Ta med hjelm på Værøypadling
Kristin har kjentfolk med hus på Måstad
Det må være ekstremt lite vind for å ha det hyggeleg i kajakk her ute.