Lurefjorden
Landskapet er ganske annleis her, lave åsar og opne fjordar, og mange område med holmar, øyer og sund. Straumane er berykta og ei av Norges to sjøsluser ligg her. Eg hadde slitt med å navigere i dette landskapet der alt ser likt ut, men Nina er kjent og traff slusa på første førsøk.
Lindås sluse frå vest
Vi padla oss inn mot slusa, og der kom det plutselig nokre plastbåtar i kjempefart. Vi skvatt unna på kvar vår side av slusa.
Båt i slusa
Vi var ikkje førebudd på dei kjempebølgjene som kom i etterkant. Den tronge kanalen forsterka på eit vis hekkbølgja som kom som ein vegg mot oss.
Ufrivillig bading....
Nina vart skylt på land på si side, medan det var litt meir plass hos meg. Det var straum, men ikkje så mykje, så det var greit å padle gjennom. Med ny respekt for småbåtane måtte eg ta ei æresrunde med fotograf..
Slusepadling
Jepp - gjennom!
Idyll i Lindåsbassenget
BADING!
Vi fann oss eit fint svaberg der vi lunsja og sola oss eit par timar før vi sette kursen mot Lindås sentrum.
Lindås brygge
Lindås frå sjøen var ein liten plass. Moderne brygger og gamle hus med eit snev av sørlandsstemning. Vi tok middagen på Lindås brygge på returen,og det var knallgod mat!
Padling innover i dei store skogane (Haukåsstraumen), men framleis i saltvatn. Merkeleg kombinasjon!
Bergen og omland friluftsråd (BOF) har gjeve ut kart og informasjon om padling i Lindås. Vi padla ei av rutene. God informasjon, og avmerka leirplassar. Det er ikkje flust av leirplassar i terrenget her, så greit med tips..
BOF Leirplass (nr 7 på kartet). Fin plass, så eg kunne godt telta her.
Padling i Lindås
På veg heim padla vi ut Lurestraumen. Den var skikkeleg virvlete og artig, og vi hadde heldigvis medstraum. Det vart ein brukbar lang tur (ca 31 km), så det var heilt greit at straumane i fjordane var med oss på slutten.