Hornindalsrokken (frå Arkivet)
Vi for rett frå Runde til Hornindal, telta og om morgonen 20. juli var vi klar. Fjelltur! Ein fin måte å "toppe ferien" på. Skodda låg, men det var slik skodde som brånar i sola, og der toppane oftast går klar.
Hornindalssetra
På tur inn i skoddeheimen! Med eigen pressefotograf.
Det skin opp.. WOW! Det er jo eit heilt landskap her inne!
Normalruta er bratt, men med forbausande god sti. Nikolai på 9 år leda an i brattene og for som ein vind oppover.
Kjerringane kjem etter, sakte, men sikkert
Det skin stadig opp og vi får nokre flotte skue oppover bakkane.
Over ei "flate" med stor ur
Nina traskar avgarde.
Rokken er ikkje fult så stolt frå denne sida. Her skal vi rett ut av bildet til høgre og så gå ryggen frå høgre og opp mot toppen.
Siste kneika - vi ser toppen!
Langt mindre bratt enn "normalruta" lenger nede, og veldig greie forhold i dag.
Spennande utsikt! Knappe 1000 meter rett ned i Tyssevatnet
Tyssevatnet. Issoleie. Skikkeleg fjell. Skikkeleg fjelltur.
Hurra!
Fornøgd, men med eit godt grep i varden.
Bitteliten FB-oppdatering på toppen? Nikolai rista litt på hovudet av toppiveren til kjerringane, og konstaterte tørt: -Ej e IKKJE slik so dåkke.
Mot Hjørundfjorden
Lunsj, lur og fin utsikt mot Kvitegga
Bestaste turkameratane! Det gråna til og vi la på heimveg.
Vegskilje i skaret ved Lidafjellet. Nina og eg tok same veg tilbake, normalruta ned Sætredalen til høgre. Therese og Nikolai tok Kjellstaddalen til venstre. Dei kunne melde om ein veldig fin tur ned, og kanskje litt slakare rute.
Omlag her går stien. Forbausande bra til å vere så bratt. Bratt på ein slik måte at det ikkje slo ut høgdeskrekken min. Trur kanskje det er lengste/brattasta mota eg har gått nokon gong?
Bergfrue - Møre og Romsdal sin fylkesblomst.
Hornindalsrokken ligg på grensa mellom to fylke og tre kommunar; Ørsta, Stranda, Hornindal.
Frå Hornindalssetra brukte vi 4,5 time opp med fleire gode pausar, og 2,5 time nedatt.
Skikkeleg fin topptur - og ei fantastisk avslutning på ferien!
Liten utsiktssnutt frå toppen!