Det var ein gong to finnmarkingar som skulle padle frå Lindesnes til Nordkapp. Som finnmarkingar flest var dei utruleg beskjedne, og la difor ut masse informasjon om planane sine på nettet i god tid. - Kanskje vi skulle vere med eit stykke? sa eg. - Ja, sa Nina.
Avreise Askvoll. Magnus og Nina. Iverksetting av plan C.
Opphaveleg skulle vi ta ei veke fri og til dømes vere med frå hytta til Nina i Lindås og så langt nord som vi kom. Kanskje til Askvoll, eller til og med til Ålesund. Sidan det er jamnlege ekspressbåtstopp på vegen så var vi ikkje så bekymra for det. Etter ein ribbeinsbrest, diverse kulingar og verfastdagar så vart planane stadig revidert (sjekk dei fire forrige blogginnlegga for alternativ bruk av feriedagar). Sjølvaste 17. mai var vi klare til padling.
Nuka klar for nye eventyr
Lars i sin "Cobolt origo"
Mai 2012 har bestemt seg for å vere vrang. Nordavind, og delvis sterk vind. Eg vart lang i armane mot Staveneset. Der passa det på alle måtar godt med lunsj. I sola, i le for vinden, med dunjakke, ja då var det i grunn ganske fint.
Stavfjorden
Stavfjorden gjekk kvit og det var mykje vind. Ingen hadde spesielt lyst å krysse. Grunneigar Olaf anbefalte teltplass på neset, og slik vart det.
Utruleg praktisk og litt hyggeleg når to sterke og blide karar står klar for å sjaue dei fullasta og kjempetunge kajakkane våre.
Fantastisk fin teltplass på til dømes Staveneset.
Eg fikk nesten
ASKR- assosiasjonar når vi fekk opp telta (jadda, det var ca 20 grader varmare i Vesterålen, men bortsett frå det då..).
Taramtitei! Ut på tur aldri sur. Middag smakar godt i frisk luft.
Vi fekk kvelden til å gå med yatsy og røvarhistorier frå nord. Triveleg!
Vekkarklokka på for å rekke vervindauge med lite vind neste dag. Første halvdel var grei, men så vart det meir og meir vind og tyngre og tyngre. Det er berre å innrømme det; karane er hakket vassare enn oss i motvind.
Magnus "Nordkaper" landar på Askgrova
Lunsj i Devika på Asgrova. Kort strategiprat, så splitta vi lag. Det er noko med å gje seg medan ein er på topp eller til dømes på talefot. Karane kryssa til Florø, og vi gjorde det nesten. I siste liten ombestemte vi oss og la oss i land på Hærneset helt aust på Asgrova. Nokre kaffikoppar seinare: -Løyar det litt kanskje? Nytt forsøk på kryssing. Det viste seg at vinden ikkje hadde løya, berre snudd litt meir på vest og Rekstafjorden gjekk kvit. Då hadde vi fått nok motbør og sette kursen sørover. Etter ca to åretak i medvinden var vi ved Tansøy.
Karane padlar til inntekt for Redningsselskapet ung. Bli med og støtte då vel? Kjøp ei etappe eller putt pengar på kontoene til redningsselskapet:
47502758981. Følg dei på turen nordover på bloggen
Fra 57' til 71' i kajakk.
Det er mykje tyngre å padle Norge på langs i til dømes motvind i forhold til medvind. Karane fortjener ekstra applaus for innsatsen. Eg fekk og tid til å reflektere litt over korleis det går an å finne motivasjon til å padle kvar dag i 80 dagar i strekk, når oddsen er stor for motvind heile vegen oppover...
Det var kjekt at vi fekk det til å klaffe tidsmessig med treff og fellespadling. Vi fekk og trigga investeringslysta. Til dømes ein langturkajakk som er lenger, har større lastekapasitet og kanskje til og med ror? Dessutan fekk vi demonstrert nokre nye uunnværlege friluftslivprodukt. Det er så mykje FIIIINNT å få kjøpt altså. Så det spørs om ikkje eg må ha ein prat med
Alfa fritid eg og.
Vårt bidrag til Norge på langs vart Askvoll - Asgrova, og ei strekning på heile 21 kilometer. Men vi hadde fleire feriedagar på lur så følg med i neste episode....