tirsdag 19. mai 2020

Mainatt i naturen

19.05  Midt i veka vart det brått ein inneklemt kveld med sommar. Slike stunder må nyttast - det kan i periodar vere lenge mellom kvar gong.. Kortreist er også fint. Vi har etterkvart nokre perler i nærleiken på lur. Nær heime og så nær veg at vi kan stå opp tidleg og rekke kontoret. Eller som no - heimekontoret. 

Dette MÅ bli bra!!

Våren festar grepet

Plan A var bortover til høgre her...men då vi kom ned var det ingen tvil: Det MÅ bli holmen! Fjøra var perfekt til å komme seg tørrskodd over, og det var omlag 12 timar til vi måtte returnere. 

Før vi flødde inne var det diverse arbeid som måtte gjerast. Vedhenting frå fastlandet og oppsett av køye. Eg har kjøpt Amok Segl, som skulle testast for første gong. 

Bananane er klare til kvelden, og vi flødde sakte men sikkert inne. Eller ute. På holmen. 

Vi har lenge snakka om å ta turmatlaginga til eit nytt nivå. Vi starta forsiktig, med geitepølse og pinnebrød (hugs å ta med ekstra mjøl neste gong) 



00.30

Foto: Synnøve 

Ettergløden varte og rakk. Det vart ei aldeles nydeleg natt. Varmt og deileg. Ingen mygg. NO snakkar vi livskvalitet. Ein skal ikkje sove vekk sumarnatta. Dei nettene som er her allereie i mai, som er så lett å gløyme om ein berre fokuserar på gradestokken og nordavinden. 

Vi droppa morgonbad og rakk jobben.