fredag 28. juni 2019

Holmehopping med turistforeninga

26.06 Pust djupt inn og og les fort...: Midtsommarpadletur med Ålesund og Sunnmøre Turistforening! Då Kyrra og eg snakka om turen for eit halv år sidan, såg vi for oss solnedgang, havblikk og T-skjortepadling. Slik vart det ikkje! 5 stk la likevel ut frå Blimsanden i klassisk sommarver på Sunnmøre - som egnar seg perfekt for tørrdrakt!
Området er eksponert for vind og bølgjer, og sjølv om det var ein fin dag fekk vi kjenne på litt sjø og vind som kom og gjekk saman med bygene. Vi fekk oss ein fin runde og nokre flotte selopplevingar! Vindretninga var perfekt til at vi ikkje skremte dei frå liggeplassen, og dei nyfikne ungdommane heldt oss med selskap i pausa. Det er og alltid kjekt å treffe andre padlarar og høyre om deira erfaringar og opplevingar. 

Blimsanden - sommarstemning og sand mellom tærne uansett! 

Sommar på Sunnmøre - 50 shades of bluegrey

Markblomsterbonanza på holmane. 
Dei fleste holmane her ute er naturreservat med forbod mot å gå i land no på denne tida. 



Her var dei fastbuande heime og dreiv med slaraffen og andre selsomheiter. 
 
Beinstrekk på hovedholmen med lykta

...men ikkje aleine i farvatnet. Omringa av sel og cruiseskip på alle kantar. Ulla fyr i horisonten.

Sommarpynt i steinørkenen!

 
Slik ser det ut på flo..flotte formasjonar!

- Kven er du? 


 

Vi fekk mest vind i pausa, og slapp relativt billig frå bygene. Sjøen løya, og vi fekk fin ferd heimover. 
 

Quiz: Kva er dette? (dersom nokon gjettar rett så legg eg ut litt meir info frå "faktisk forskning" der denne/dette var involvert i løpet av turen)

Turen vart ca 11 km. 

torsdag 27. juni 2019

Lepsøya rundt

14.-15 juni Vi nyttar alle vervindauge til å vere ute! Fleire har rusta seg for campinglivet og eg har vore på alt for lite teltturar dei siste åra. Etter å ha lodda stemninga var vi tre som la i veg frå Roald med mål om å utforske Lepsøya. Det er ikkje så langt over, men Vigrafjorden er ofte skvalpete og vindfull, og det er sjeldan eg padlar her.

Avreise frå Roald - ut på eventyr!

Liv i sjøen over Vigrafjorden, sjølv på ein fin dag

Lepsøya i sikte!

Beinstrekk nedanfor Rønstadhellaren.

Her er altså hellaren..
Flott plass, og mogleg camping. 
Men vi syns det var for kort padling og for tidleg på kvelden til å gje seg, og iskald nordavind fall ned frå hamrane.

Både Torunn og Roger har vore på Lepsøya på skuletur i ungdommen, og eg gjekk rundt øya i vinter. Så vi fokuserte på sjøvegen - som var ukjent mark for oss alle. Nordavinden var i periodar seig, medan vi padla langs gamle gravrøyser og dungar med oppsamla plast. Plastpiratane her ute gjer ein enorm ryddejobb!!
  
Skikkeleg HAVpadling. Flott lys, og vinden løya etterkvart. Vi fekk ein liten smakebit på dønning frå storhavet då vi runda nordvesthjørnet av øya.

Nytt fyr på lista!

Hellevik fyr - i privat eige. 

Vi satsa på leir på Kjerstadsanden, og som vanleg gjekk tida fort og kvelden kom brått. Det var godt å trø seg i land på berga ved stranda og konstatere flatt nok gras til minst tre telt! Dårleg med ved var det, men simsalabim så dukka ein av plastpiratane opp, og då ordna det seg med ein vedsekk. Små plassar og kjentfolk altså! 


Kjerstadsanden
 
Junicamp I. Flott lys ved ankomst...

...vart til nydeleg flammande solnedgang. 

Bål, mat og prat. Ungar som leika på stranda. Eit cruiseskip som seig forbi. Kvalitetstid. Sommarstemning.



Eg vakna av at det var sol, alt for varmt i teltet og havblikk!! 
Det måtte bli morgonbad! Det vart det, og det var IKKJE varmt i vatnet... Soltørking på varme berg tinte oss opp att. 


Morgonstund...

Test av expedmadrasser i ulike storleikar og variantar. Foto: Torunn

Eg tolka stemninga som god, både i camp og då vi kom oss på sjøen att. Håpet var sjølvsagt at begge skulle få smaken på campinglivet og nye turar? Det såg lovande ut. 



Med vinden i ryggen og ny vinkel på Sunnmørsalpane runda vi austsida av Lepsøya. 

Nordøyvegen under bygging. Det var pæling og eit veldig til bråk i området. Så då vart det politikkdiskusjon. Samstundes var det naturreservat på holmane og eg hadde ikkje samvit til å stoppe innanfor reservatet for naudsynt ærend. Verda er full av paradoks.  

Anleggsmaskiner i fleng - Nordøyvegen under bygging

Beinstrekk

. Solveggen - varmare enn Syden!! Foto: Roger

Vigrafjorden var i sommarlune, og vi hadde ein lett bris i ryggen heile dagen. 

  Det var varmt og deileg og lettpadla - heile vegen heim!
Solmøre! Sommarpadling! Himmel og hav for eit liv!

Turen vart omlag 28 km. Måtte det bli MANGE slike framover! 

onsdag 26. juni 2019

Grilltur på favorittholmen

6. juni fekk vi sjansen på å tjuvstarte på sommaren. Det var knallfine vermeldingar, med over 20 grader! Vi for ut med grilling og bading i blikket. Padling i T-skjorta var akkurat mogleg, men heller ikkje meir. Middagen ute var stor suksess - og eg har no avansert frå grillpølse til burger! Sunnmøre leverar ofte mange årstider på ein dag - og denne kvelden fekk vi ein skikkeleg floing i fleisen på heimveg. Håpar det vert mange middagar ute i løpet av sommaren - det var både kjekt og sosialt, med ein god dose trim!

Sommarpadling!
 
Favorittholmen!



Kyrre gjekk for bål...

...eg gjekk for grill! Veldig fin liten sak det her. 

Middag i det fri! 100% suksess!

Nydeleg - og lovar godt for sommaren som står for døra

Ups...? bading vart avlyst og vi fekk massa motvind og skvalpesjø på veg inn att. Valderøya tok ikkje av i det heile for vestavinden. Rart, men slik var det. 

Alle padla frå "si" hamn , og eg frå Knutneset. Turen vart ca 16 km t/r