8. mai: Friheitsdagen! Mange gode grunnar til å ta seg ein lang fjelltur. Marita og eg har registrert oss på
Steplog, og skal samle postar. Dessutan skal vi reutforske vår barndoms dal og utvide horisonten på heimlege trakter. Eg trong dessutan å vere litt oppteken nett denne dagen.
På Mjølkeberget (rett på, ved hjelp av indianargenet).
Då eg skulle finne ein stein til å ha under kameraet medan vi tok sjølvutløysarbilde fann eg denne.
Vi lot oss ikkje stoppe, og la i veg vidare mot Melen, men slutta å løfte på steinar.
Nesten oppe. Sommar!
Toppen! Obligatorisk vardebilde. Høgaste punktet på ruta i dag (769 m.o.h.)
Det raraste med Melen er steingarden som strekkjer seg frå toppen og kilometervis utover fjellryggen. Eg har ikkje klart å finne ut kvifor eller når denne vart bygd. Det kan vere fogderigrensa mellom Nordmøre og Romsdal, eller kommunegrensa mellom Fræna og Eide. I gamle dagar var svenskane og innom ein kort periode i området og tulla med riksgrensa. Er det nokon som veit?
Heilt frå toppen....
...og kilometervis vestover fjellet
Med ein bil i Bollia og ein bil på Skotten hadde vi ein plan om å gå heile Stemshestenmassivet.
Midt på, mot Sjurvarden, ligg Olavsbu (i "gamle dagar" sang eg faktisk i kor i lag med Olav Hansen som har bygd bua).
Godt handverk dette. Eg har møtt min overmann i muring her.
- Å nei! Eg har mista mobilen! Marita ser fortvila ut. Splitt ny iPhone med ein drøss med bilder..
- Eg må tilbake, seier ho. Eg ventar. Det går fint.
Studerer hytta inni. Det går an å overnatte her.
Fin utsikt over ytre strøk er det og
Mobilen er tapt, Marita er tilbake og vi går på Sjurvarden. Vi snakkar med alle vi treff, og ber dei sjå etter hittegods langs vegen.
Bra utsikt til Farstadstranda og Hustadvika frå Sjurvarden
Vår lokale "Bessegg" på nedturen. Utsikt mot Atlanterhavsvegen og Averøya.
Siste post ved Skottenvatnet. 17. maistemning og høve til å drikke litervis. Fin utsikt, men dårleg med drikke på Stemshesten.
Har det gått inflasjon i turkasser, turmål, turbøker, turorientering og liknande? Vi er dei første til å innrømme at vi vert lurt - og motivert av slikt. Men i løpet av dagen hadde vi altså signert 9(!!) turbøker, registrert oss på tre Steplogpostar, og samla to kodar i turorienteringa til Fræna jeger- og fiskeforening. Heilt frivillig sjølvsagt.
Godt at dei kan samarbeide om pålen i alle fall..
På veg ned den siste traktorvegen kjem det frå meg: -Å nei! Eg har gløymt stavane mine!
Eg ser fortvila ut. Verdas beste teleskopstavar. - Eg må tilbake, seier eg. Marita ventar. Det går fint.
Å "jogge" opp ein bratt traktorveg var omtrent det siste eg hadde lyst til, men eg fann no stavane.
Turen tok ein heil søndag, og var på totalt 14 km.
Då vi sette oss i bilen tikka det inn ei melding på mobilen min: "iPhonen er funnen og kan hentast på Eide". Kva var oddsen for det?? Eg berre spør....