5. august. Humøret steig i takt med sola utover morgonen. Før vi hadde komme oss på vatnet var sommarferiekjensla på plass. Vi var verkeleg på øyhopping på Helgeland, slik vi hadde drøymd om!
lørdag 31. oktober 2020
Sommarpadling frå Gjerdøya til Rødøy (dag 2)
fredag 30. oktober 2020
Sommar i nord - polarsirkelpadling (dag 1)
4. august. 883 kilometer heimanfrå starta ferien for alvor. Ein køyredag med vinduspussarane på, hytteovernatting langs E6 og proviantering på Mo var unnagjort!
Snorkling på Giske
26. juni Sol og sommar, og det freista med ein snorkletur på Giske. Det er langgrunt på alle kantar av øya, og sjølv utan noko særleg svømmeferdigheiter kan eg få ein snik-kikk i ei magisk og framand undervassverd!
onsdag 28. oktober 2020
Mørkepadling på Molnes
28.10 Sesongstart for mørkepadling! Mallavika - Molnes tur retur vart 7,5 kilometer padling i mørkt landskap og fin dønning. Når auga venner seg til mørkret er det ikkje lenger så svart. Silhuettar og konturar i landskapet blir tydelege. Det skya til, men med vindstille og 10 plussgrader var det likevel ein nydeleg kveld ute. Dønningen som traff land brusa og støya, men det høyrdes verre ut enn det var. Torunn tok ei lita overraskande økt med rockhopping og surf. Beinstrekk med bål og prat gjorde godt og eg lada batteria for vinteren. Padling i små grupper må vere ein av dei beste aktivitetane som er godt innafor smitteverntiltaka. Kanskje det er slike turar som blir sosialiseringa framover?