torsdag 25. juni 2020

Pinsepadling dag 2 - Draumen om Holmengrå

30.05
Heilt sidan eg segla forbi med båt, og fekk vite at holmen og fyret heitte Holmengrå, har eg hatt lyst ut dit! Det er ein barnesang som demrar for meg, om ein mann på ei øde øy. Holmengrå er akkurat ein slik holme som eg såg føre meg at den mannen satt på ute i havgapet.

Mamma klarte å finne ut kva barnesang det var:  


Det bor en gammel baker
på en bitte liten øy.
Han er så lei av kaker
og krem og syltetøy.
Men han må sitte likevel
og spise sine kaker selv.
For han bor helt alene
på en bitteliten øy. 

(Inger Hagerup)

Nina og eg kikka ut på Holmengrå frå Rongevær i 2012 - men då var det ikkje dagen for å padle ut. Eg hugsar at vi snakka om vi nokon gong ville klare å komme oss ut der. Etter første glimt av Holmengrå no, lurte vi på det same... Holme er ein underdrivelse. Ei klippe i havet er meir rett. Vi klarar jo alltids å padle ut, men kjem vi oss i land? Tvilen gnog oss dess nærare vi kom.

Holmengrå! 

Ei blankskurt klippe i havet

Surrealistisk og fantastisk med flott arkitektur her ute! 
Vi bygde landet på andre prinsipp enn marknadsøkonomi og samfunnsøkonomiske analyser ein gong..

Det var nesten ikkje dønning eller vind denne dagen. Likevel var det drag rundt øya. Kvar kjem vi oss i land? Vi padla rundt. Nokre trapper og installasjonar for større båtar var det, men med lågvatn var det utanfor rekkevidde for oss. Lysta på å gå i land var omlag like stor som frykta for å feilberekne med fullasta kajakkar og slå hol i skroga. Sjølv om vi alltids klarar å svømme i land, må vi og klare å ta opp kajakkane.  


Hovudlandinga til Kystverket låg i skuggen. 4 meter med loddrett betong. Velkomstkomiteen var på plass.

Vi heldt nesten på å gje oss. Det låg an til mange kilometer padling uansett kvar vi skulle. Det var ein kalkulert risiko vi hadde tatt. Eg var overmoden for beinstrekk, og tok ein halv runde til. Eg låg lenge på den minst vanskelege plassen. I periodar var det mindre drag i sjøen. Og eg trudde at eg kunne få med meg kajakken opp... og jaggu!!! Det gjekk utan svømming, med båten like heil!! 

Ser enkelt ut på bilde. Litt meir spennande i verkelegheita. 

I sola på svaberga var det berre å flekke av seg padlekleda og sprade rundt i bikini. Det viktigaste først - MAT! 

Scampigryta er ein klassikar på padletur - og smakar alltid fortreffeleg! 

Det første som slo oss då vi gjekk i land var at holmen slett ikkje var grå!! 


Berga var kledd i rosa, gult og kvitt. Det bugna av blomar! Rosenrot, strandnellik, jonsokblom, syrer og sildrer.





Vi gjekk langs gangvegane til fyret og tok inn sommarstemning og idyll. Skarven på austsida fekk vere i fred for oss. 

Fyr nummer to på pinsepadlinga!!

Vi er så heldige som får oppleve slike stader!! 

Norsk fyrhistorisk forening skriv at "Holmengrå sannsynligvis er den mest øde beliggenheten av et fyr mellom Stadt og Svenskegrensen". Fyret vart etablert som innseilingsfyr i 1892. Tårnet som står i dag vart bygd i 1955, og fyret var bemanna fram til 1986. Lyset frå fyret rekk 13,3 nautisk mil. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar