8.-12.08 I kajakkmiljøet er "Stokkøya" synonymt med eit
avslappa padletreff. Her er det nerding på alt som gjeld grønlandsrulling og tilhøyrande utstyr samt uhøgtideleg kappleik i båtbygging og rulling. Eg har tenkt på det lenge, men i år var første gongen eg fekk det til å delta, på treff nr 10 i rekka.
Førebuingane starta i vinter. Eg fekk tak i ein moderne variant av grønlandskajakk (Rebel Ilaga).
Tuiliqen fekk eg testa heile to gonger veka før eg for oppover. Rullinga har eg hatt eit avslappa forhold til, inntil eg på generalprøva heime klarte tilsvarande 82 poeng. Då skaut sjølvsagt ambisjonane i veret.
Generalprøve i Skjonghamna med kajakk og tuiliq (Foto: Audun)
Antrekket er overraskande komfortabelt å rulle med. Dei viste nok kva dei gjorde, grønlenderane. Vi har bytta ut selskinnet med neopren, men prinsippet er det same.
Nytt land for meg. Trøndelagskysten er ikkje så verst, sjølv om han ligg noko avbakeleg til.
Strandbar og padlecamp. Stokkøya i eit nøtteskal.
General Bernt ønskjer velkommen! (Gjett kva flagg det er....)
Camp Nøklevann.
Eg la meg inn på Oslofolket denne gongen. Nøklevann ro- og padleklubb stilte mannsterkt med begge kjønn.
Workshop dag 1 med Dubside.
Det vart gjennomgåande mykje rulling og lite bilde. Eg slit framleis med vrangsida, framoverlente ruller og kan få tendensar til panikk i vatnet. Men du og du så mykje ein prøver og lærer på eit slikt treff! Etter dag ein var eg mørbanka i skrotten, etter dag to kunne eg nesten ikkje gå...
Ulike grupper på sjøen
Slik gjekk no dagane. Ulike grupper kvar dag: Padleteknikk med grønlandsåre, nybegynnarrulling, lære vekk rulling, rulling på djupt vatn, synkronrulling og dronefilming. Eller eigen aktivitet om ein heller ville det. For ein kontrollfrik som meg var programmet i grenseland laust i snippen. Det var likevel akkurat nok organisering til at det heile gjekk smertefritt, og det såg ut til at dei fleste fekk gjere noko dei likte og hadde utbytte av. Dagane var fulle av aktivitet, nesten travelt til tider. Store glis over heile fjøla. Dette treffet fokuserar på tradisjon - noko som gjer at ting nesten garantert vert gjort likt som i fjor - og det er berre å spørje dei som har vore der fleire gonger. Alle deler erfaringar og historier.
Fint ver og god vasstemperatur dei første to dagane gjorde sitt til at det var superkjekt å vere i vatnet. Eg målte 17 grader i sjøen på stranda.
På Grønland driv dei og med tauøvingar. Øvingane skal trimme og herde gode padlarar. Dubside demonstrerte, og dei som ville fekk prøve. Kjempeartig og tungt - og tau står på ønskelista!
Dubside demonstrerar "low rope" - øvingane
Foto: Anne
Kubb om kveldane
Hotellet
Fredagen var det dritver, kviledag og båtbyggarkonkuranse. Eg var ikkje så delaktig i bygginga, men det veldig artig å sjå på og. I løpet av nokre timar vart det designa og bygd kajakkar som etterpå vart testa i mangekampøvingar på stranda. Nokre trelister, tau, tape og plast var utgangspunktet. Resultatet vart tre lekre smekre svarte skjønnheiter.
Ein viking går i land: Vidar
Kapp-padling
Rundt flagget og retur...
Spennande innspurt!
Jørgen endar som vanleg opp slik....
Slim fit design...
Oppi skal han - her er det berre å kle på seg kajakken!
Alle kajakkane vart og rulla etter alle kunstens reglar
Jannie fekk skikkeleg dreis på harpunen! (Harpun står og på ønskelista no..)
Natt til laurdag var det få i teltleiren som sov godt. Kuling og styrtregn. NM dagen var ruskete og våt, men ikkje verre enn at det vart konkurranse.
Første pulje ut fekk ein tøff start!
Dommarbua og publikumstribuna
Løpande rapportering heim frå Nøklevann ro- og padleklubb..
Anne ferdigrulla, og Jørgen skal i ilden....
Opptak rulling (best utan lyd, still kvalitet på høg..)
Publikum også UNDER kaia... #gutteklubbengrei
Anne (vinnar), Dubside (dommar) og Jørgen (vinnar)
Topp tre herre
Topp tre dame
Eigen innsats: Rota det litt til i konkurransen. Klarte ikkje å halde konsentrasjonen. Fekk 59 poeng og er ikkje nøgd med det, sidan eg hade klart fleire ruller rett i forkant. Men då er det berre å fare heim, øve meir og ta turen neste år! I denne konkurransen trur eg at alle først og fremst kjempar med seg sjølv.
Uansett så var det veldig kjekt å delta på treffet, med god miks av nokre gamle og masse nye kjente. Om du er bittelitt interessert i rulling så er det verdt å ta turen! 7.-11 august 2019 - ny sjanse!
Strandbaren i solnedgang