Rulledagbok 2018

15. februar Bassengtrening! Det gjekk mykje betre enn sist, og eg var langt meir komfortabel i vatnet no. Det lausna på stormrulla , men litt stor skilnad på sidene, så vrangsida må terpast. Standard rulle med kastetre satt på begge sider og eg fekk til fleire handruller på godsida. Chestscull var heilt ute av hukommelsen, det fekk eg ikkje til.

2. februar Bassengtrening! Veldig kjekt å vere i gang att. Vrangsida framleis vrang, og rusten, men fekk prøvd på litt av kvart. (Vanleg rulle, armpit, butterfly, stormrulle 1.0 og EI handrulle på godsida. Mengdetrening stnd rulle på vrangsida). Usikker på static brace og sculling - som vanleg.

22. januar. Påmeldt Qajaqakademi på Stokkøya august 2018.

13. januar Januarrulle i boks. Nydeleg laurdag mellom lågtrykka. Eg rusla ned i fjøra på Valderøya og rulla litt. Både rettsida og vrangsida satt, men eg finn ikkje att den gode trygge rullekjensla.



I 2018 er eg utfordra på månadsrulling av Marian - og den tek eg med å rulle på "vrangsida". Eg har og lyst til å få med meg rulletreffet på Stokkøya for første gong. Julegåva "Til Lene, frå Lene" vart grønnlandskajakk, så eg satsar på at 2018 skal verte eit godt nytt rulle år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar