1.mai Vårtur innover i fjordane vert fort ei reise i nasjonalromantikken, med blomstrande frukttre, leikne fossar og buldrande småskred. Sjølv om vi hadde fokus på stølar i området, var det umogleg å ikkje verte imponert av landskapet som spegla seg i den blikkstille fjorden: Frå irrgrøne spirer og blad nede langs fjorden til dei snødekte toppane meir enn tusen meter høgare oppe.
Garden Hauge ved Fjørå ligg på ca 400 meter over havet. Her er det tilrettelagt parkering og eit godt utgangspunkt for turar.
Austover og innover mot Tafjorden
Vestover og utover Norddalsfjorden
Første stølen var Nedstestølen, som vi ikkje skulle heilt bortom i dag.
Nedstestølen frå to ulike vinklar
Deretter passerte vi Høgsætra
Synnøve har tilgang til eit av sela på Nysætra - som var hovudmålet for dagen.
Selet! Båsplassar i kjellaren og enkel innkvartering i hovudetasjen.
Flagget måtte sjølvsagt ut på 1. mai.
Båsane står framleis og vitnar om anna bruk enn fritid og friluftsliv.
Vi gjekk eit stykke vidare innover. Vårskitur er fantastisk og det er fine slake bakkar bak stølane opp mot Insteheia.
Nysætra
Og fleire stølar freista til nye turar på andre sida av fjorden...
Valldal Bygdekvinnelag har gjeve ut boka: "Til seters. Setrar i Norddal".
Flott og informativ bok.
Flott og informativ bok.
Om Nysætra/Høgsætra:
Stølane vart etablert ca midt på 1800-talet. Fram til 1937 var det mykje geit. Deretter hest, kyr og sau. I dag er det kun litt sau som beiter fjellet. Dei fleste bygga som står i dag er sett opp etter 1947. Stølane og beiteområda har utfordringar med tørke. Tidlegare måtte dei frakte ved langsvegsfrå. I dag er det attgroing og skoggrensa kryp opp mot stølane. Vegen vart bygd i 1938-1940, berekna på hest og kjerre i første omgang. Før den tid var det berre sti til stølane. No kan ein køyre med traktor og bil på sommaren.

Nedstestølen:
Ikkje av dei eldste, men det var støl her ca 1870. Geitehaldet slutta i 1946, men stølen var i bruk med kyr fram til ca 1965. Her var det godt med vatn og det vart nytta løypestreng til å få ved opp og mjølk og gras ned.