10.desember Flott ver - og vi heiv oss avgarde. Desember er full av så mykje, så vi pressa inn køyenatta mellom heimekontor, adventskalenderar, julepynting og oppfølging av sjuke folk. Sjølv om vi måtte tidleg opp for å rekke jobb neste dag. Vår aller første hengekøyenatt var i Borgundgavlen, så det passa godt å avslutte prosjektet der. No var vi betre kjent der ute og hadde ein perfekt lokalitet i tankane. Det var stup mørkt då vi la avgarde, men mildt og vindstille.
▼
søndag 20. desember 2020
Desembernatt i naturen
Vi har vi blitt gode på å henge opp køyene! Synnøve ordna med festen - 12 av 12 turar var gjennomført!
Bål på tilrettelagt bålplass. Lysa frå Sula og byen i horisonten. Stjerner som gløtta fram mellom skyene.
"Villmark" tett på byen er gull verd!!
Godt å vere ute. Fin prat. Vi kunne NESTEN ha bada. Puste med magen.
Det vart ei superkomfortabel natt. Passe varmt. Perfekt høgde og vinkel på køya. No kan vi det!!
Morgonlys til morgonkaffien.
Månen stod opp seint, men godt.
Vi rusla oss ut av skogen forbi ei lyssett Borgund kyrkje i blåtimen før sola stod opp.
Adventsstemninga seig på.
fredag 27. november 2020
Novembernatt i naturen
27.11 Best under press! Tidlegare i månaden hadde det vore både sommartemperaturar på 15 grader og full storm. November nærma seg slutten, og vi kjente presset på utenatta. Etter ei kreativ idemyldring landa vi på Taftasundet denne gongen! Klårver og måneskin i ein mørk del av Ellingsøyfjorden var planen. I tillegg satsa vi på så kort gangavstand frå bilen at "kjøpeved" var eit alternativ. I eit tilrettelagt friluftsområde med badeplass, regna vi med at andre hadde fyrt opp rekveden.
Måneskinn
Riggen er klar!
Kveldskosen sikra!
Lys frå Ellingsøya og byen, men mest mørkt
Heilt vindstille. Vi vert nesten satt ut når det er så stilt. Bålrøyken siva loddrett oppover. Det var ikkje kaldt og fjorden låg blank.
Det vart ei god natt i køya! Denne kvelden hang eg beint, og heldt varmen. Då er utenatta best!
Høgt heng vi, men sure er vi ikkje!
Vi var oppe før sola, tente frukostbål og kokte kaffi. Soloppgangen er jammen sein på denne tida av året!
På heimveg. Flott lys.
11/12 i boks.
torsdag 19. november 2020
Kvalpadling til Reinfjord - 2020
13.11 Fredag den 13.! Den einaste dagen med lite vind på meldingane, og vi satsa på flaksen og la opp til ein lang dag på sjøen, med rekognosering både på Spildra og i Reinfjorden. Gråare morgon, og mørkare då vi la ut, men heilt vindstille.
Grålysning og eit hav av moglegheiter framom oss! (Foto: Kristin)
Første stopp Spilderodden. Sjølv om det var blikkstille, var det drag i sjøen, og vi måtte konsentrere oss under ilandstigninga.
Beste landinga på Spilderodden. Foto: Bjørn Tore
Rå natur.
Spilderodden! Klar for neste etappe. Foto: Kristin
Spekkisar lang bak der. Gopro frå Kristin.
På kryssinga over til Reinfjord hadde vi god bør, og såg eindel spekkhoggerar langt unna. Den gruppa vi hadde nærast oss vart jaga hardt av ein turistrib. Heilt unødvendig.
Rødøya.
Det var her borte alt skjedde i dag. Spekkhoggarar og knølblåst. Men øya var utanfor vår radius, sjølv om det såg så nær ut..
Vi peila oss mot Reinfjorden. I mangel på kval, kunne vi jo dra på oppdagingsferd. Åra før frå Skjervøy har Reinfjorden vore utanfor vår rekkevidde. Vi har sett at det på det jamne har vore mykje kval og fiskeriaktivitet her.
Dramatiske fjell og speglblank fjord. Innerst i fjorden ligg det ein gapahuk og det er fin plass å raste. Det visste ikkje vi før etterpå, så vi sette kursen mot bygda.
Reinfjord sentrum.
Vi fekk låne grillhytte og helse på både fastbuande og gjestar. Medan vi tok lunsj seig eit par knølkvalar innover fjorden. Vi fekk ikkje så mykje ut av det. Eit par av dei lokale som var ute med båt fekk ei stor kvaloppleving og vinkande dyr rett ved båten. Dei fortalde også overbevisande om då storkvalen jaga silda på tørt land her for eit par år sidan.
Trivelege folk og ein nydeleg plass. Her fann eg roen. Eg kunne godt tenke meg ein vinter i Reinfjorden, lære meg med motorsag, sage ved, lese bøker og nyte det som måtte komme av ver og lys gjennom dagane. Nett no seks fastbuande, og mange utflytta patriotar som heiar på bygda.
Bygda Reinfjord.
Ei klynge av hus, ja eit heilt samfunn i perfekt le for både nordvest og søraust.
Siste solglimtet leikar seg med fjelltoppane.
Vi hadde lang veg heim og måtte etterkvart dra. Det var framleis stilt på sjøen og solnedgangen var godt i gang før vi kom oss avgarde.
Sildefiske pågår
Foto: Kristin
Herleg mørkepadling heimover. Obligatorisk beinstrekk i Bjørnvika, der vi fekk hjertebank av våre eigne skuggar. Då vi kryssa Jøkelfjorden var det ein slags morild i vatnet. Artig for ungan! Bjørn Tore organiserte GPS quiz på avstandsberekning i mørket på kryssinga. Enten var vi god, eller så hadde vi flaks! Etappa for dagen vart 32 kilometer. Ei hederleg distanse i november når ein er nesten på Lopphavet!
Sjekk den kvalfasongen på ruta då! :) Endomondo frå Kristin
Vi var usikre på dei neste dagane, med mykje meir vind på vermeldinga og lite kval i fjordane. Denne dagen hadde likevel vore ubeskriveleg flott, og gjekk rett inn i minneboka.
Utan mat og drikke..... Bakehuset i Nord-Norge har skjønt kva vi er ute etter i november, og Kristin mekka verdas beste kvalgryte til oss!! Eg er heldig!!
onsdag 18. november 2020
Kvalpadling frå Jøkelfjorden 2020
12.11 November er fargetid og kvalpadlesesong i nord. Koronapandemien gav mykje usikkerheit om eg kunne reise, og det var lenge tvil om silda ville trekke inn i Kvænangen. Vi klarte likevel å samlast og satsa på eit nytt utgangspunkt. For første gong la vi ut frå Jøkelfjorden.
Morgenstemning innover Jøkelfjorden
Padletog i morgenrauden ut fjorden
Vi har fått kvalblikket!! Den første blåsten langt ut i fjorden er observert! Foto: Kristin
Det var blåst å sjå, men alt for langt unna! Vi var på rekognosering i nytt område, og bestemte oss for lunsj og beinstrekk i Kjerringvika. Veret var flott, lyset magisk og det var kjekt å vere ute - sjølv utan kval!
Kaffikokaren trør til, med Kristin sin kjele og bål ved Bjørn Tore. (Foto Kristin)
Kva har no dette vore for eit hus?
Kvænangstindane er fantastisk fine - også frå denne sida.
Etter pausa la vi oss midtfjords innover. Brått dukka det opp ein blåst! Fleire kvalar var på veg rett mot oss! Det vart eit kort og nært møte, med to kvalar på kvar side av oss! Artig!
Foto: Kristin (GoPro)
Blåst! Foto: Kristin
Ein stor og ein liten knøl. Foto: Bjørn Tore
Ein hale forsvinn i solnedgangen der borte
Silkepadling heimover.
Vi er i gang med kvalpadling 2020! Foto: Kristin
Det vart lysfest med eit hint av kval første dagen. 25 kilometer padling
Endomondo: Kristin