torsdag 14. august 2014

ASKR 2014 - Long ramble del 1

20.-22. juli. Dette var andre gongen eg deltok på Arctic Sea Kayak Race, frå no ASKR. Forrige gong (2011) fekk eg sjokk på sjokk på sjokk. Det vart padla fort, langt, eg var urutinert på camping-livet og eg var veldig, veldig sliten. I bilen heim svor eg visst at eg aldri skulle vere med på noko slikt att. Eg var difor spent på om ASKR hadde endra seg (det håpte eg i grunn ikkje) og om EG hadde endra meg (her hadde eg i grunn store håp og forventningar).



Litt nytt: start på Ringstad - og første kveld i høgste grad i sivilisasjonen. 

Teltleir på plena ved sjøhuset. Kristin sin fantastiske kvalbiff provance til middag.

Det var ein perfekt miks av gjenkjenneleg og nytt. Denne gongen skjønte eg litt meir av "informasjonsystemet" og vi traff faktisk kjentfolk både her og der. Utruleg hyggeleg! Samstundes var det nye folk, nye fjell og sommarver til terningkast 6. 

På sjøen! Her er bølingen sleppt laus på ramble. Eller tur, som vi kallar det lenger sør. 

Heime padlar eg stort sett i små grupper, maks 4-5 personar. Eg vert difor utruleg fasinert av å vere del av ein heil bøling på tur. Vi padla faktisk forbi her i 2011 og. Då niregna det, og skodda hang heilt i sjøen, så eg har ikkje SETT noko akkurat her før.

Bøling i fin natur

Kva er dette? Eg trudde vi skulle snirkle berg, men det var meir som ei felle. Eller fotosluse, der "Bladet Vesterålen" hadde rigga seg til med fotograf og padlekonsulent. 

Fine folk! 

Det er vel ein sokalla "vinn vinn" når dei lokale fotograferar turistane og turistane fotograferer dei lokale og alle partar er nøgd med attraksjonen og opplevinga.. Link til bildeserie frå ASKR i Bladet Vesterålen

Framleis bøling, framleis fin natur. Padlar i T-skjorte. Herleg!

'
Kristin i flett ny kajakk! "Pippi" er lang og smekker (Skim differ).

Lofotveggen og padlerar. Timesvis padling med slik utsikt er greit på ein feriedag. Heilt greit. 

Litløy fyr heilt sør og ytterst i Vesterålen. 

Her bur det ei dame, og ho har vore med på "Der ingen skulle tru...." Skulle nesten tru eg la opp turane etter Oddgeir Bruaset, men det er altså heilt tilfeldig, at vi stadig er på plassar han har vore før oss..

Kunstpause. Det er hardt å vere på ramble i solsteiken. 

I 2011 var eg utslitt, våt og kald på tilsvarande tidspunkt. Det var betydeleg lettare å henge med no, sikkert fordi EG er i betre form. Det var og merkbart andre typar kajakkar. I 2011 var det berre Nina og eg med skeg. No var det mykje meir all-round kajakkar, og ikkje ein Epic havracer å sjå nokon stad. 

Landing på Gaukværøy! 

Her er det fantastisk fint! Sist gong overnatta vi her, no er det berre lunsj. 
(Ein av personane i boka Skogsmatrosen heiter Gaukværøy etter denne øya)

Vi heiv oss i badinga tvert! Grei temperatur. 

Gaukværøy. Knallfint!

Det låg eit par i telt her som tydeleg var ute på romantisk tur. Dei fekk nok ei overrasking då heile bølingen landa på same stranda.. 

Gjengen på veg vidare til Åsand (Foto: Kristin)

Eksponert og litt guffent strekk det her. Folka forsvinn nesten heilt ned i neste bølgedal...

Ny lekker strand - Åsand

Meir bading! Det var fleire grader kaldare her enn på Gaukværøya, men likevel ser folk uforskamma blide ut. 

Camping og middag går leikande lett slike sommardagar, sjølv om vi hadde padla 37 km. 

Finfin utsikt frå teltet

Livsnytar Jarle. Grillmarinert kvalkjøt a la Kristin

Kristin og meg i fornøgd restitusjon etter middag. Humørspreiaren Randi Skaug.

ASKR har nokre hovudingrediensar: Padling, bål og sand. 

Leirbål

Midnattsol over "Nykan"

Skodde neste morgon, og vi gjorde oss klare for neste etappe. 

Frå Kristin sin "Endomondo" - første dag på long ramble, 37 km.

6 kommentarer:

  1. Du er blitt steike flink å ta bilder! Kreativ og i det hele tatt! En fornøyelse å lese innleggene dine for tiden. :)

    Men guffent strekk! Det er jo av de kuleste! (Ok, kan fort bli guffent med litt mer vær ja. Men dog. Det ER kult der.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggeleg å høyre! Takkar og bukkar. Guffent strekk var eigentleg meint veldig ironisk i denne samanhengen, sidan bildet viser totalt havblikk... :) Eg hadde vel streng tatt ønska meg meir "gufne" forhold her ja. Så håpar eg resten av ASKR kjem i bloggen i helga. #saligetterskotpåbildefrontenfortida

      Slett
  2. Great photos Lene! Always fun to read Norwegian blogs via Google translate...

    SvarSlett
    Svar
    1. Thanks! Busy days, so my blogging is a little behind. I had to check out Google translate myself, and had a great laugh here! If you put in some good will and fantasy I guess you get most of it. :) I'm in general giving Google a hard time, using "nynorsk" - the minor written form of Norvegian. As any small country/population we keep two official languages - two variations of Norvegian to be on the safe side. (Keeping us occupied at all levels with very important matters - like spelling..). I also like to make new words - putting ordenary words together in new ways.. ;)

      Slett
  3. Litt av en fellestur det der, i noken heilt herlige omgivelser! Kan berre henge meg med kommentarane ovenfor at innlegga dine er kjekke å lese, og med fine bilder. 2 tommler opp Lene! ;-)

    SvarSlett
  4. Fantastisk kult landskap i vinglass bilde! Flott skildring og flotte bilder. Nesten så jeg får lys å bli med en gang, sjøl om jeg har forbandt meg på at det skal jeg IKKE. Men da kreves nok en heeeeelt annen kajakk en Romany......

    SvarSlett