Midtsommarhelg. Dei lysaste nettene er NO! Vi hadde avtalt å gå i Skarvatnet om ettermiddagen. Regnet hølja ned frå morgonen av, og motivasjonen var dalande. Pappa skar igjennom; Vi skal no fiske litt.
Ikkje direkte lett å få fyr på bålet denne gongen. Men vi gav oss ikkje så lett.
Skal tru om det vert heit kaffi?
Mangelen på plan B (termos) var nok avgjerande for innsatsen med fyringa
Skarvatnet. Fisking. Ro i sjela. Her er det godt å vere.
Kva har vi her?
Karianne med dagens første
Pappa med dagens ca nr 10.
"-OIOIOI, dette er ein (skikkeleg) stor ein!" Det vart vel sagt på nesten alle nappa. Det viste seg at Skarvassauren anno 2013 var forbausande jamstor og igrunn ikkje så stor i det heile. Sprek og bitevillig kompenserte i grunn for det med storleiken.
Karianne - aure 0-1. Vi vart lurt. Innimellom.
Men det var så travelt at kaffien, som vart kokheit og krutsterk (rørt med furupinne - abrakadabra), nesten ikkje vart drukken. Røyking, fotografering, dopausar osv var det nesten ikkje rom for. Det var BET!
Eg fekk mi dose eg og.
Mygghatten er kanskje ikkje HEILT moderne, men med vindstille og "smekke" så er den genial.
Resultatet på benken heime: 40 stk - 4,5 kg totalt.
Karianne og eg pakka med oss meir mat og turutstyr medan "gamlingane" for på fest. Vi for oppatt i Skarvatnet.
23.55
Fjellteltet fekk seg varige mèn etter at Karianne testa det på Alden i storm og kastevindar. Fint brukbart, men bogane vert aldri meir symetriske.
Kanonbra teltnatt. Mjukt og fint og passeleg varmt.Det hølja ned om natta og utover morgonen så vi kava ikkje med å stå opp.
Opplett mot Talstadhesten
Finare og finare. Varmare og varmare. Midtsommarhelga vart berre betre og betre.
Karianne i kjent Skarvasspositur
Mot Trollvassbotnen. Vakkert.
Vi gjekk tom for mat - og for motvillig heim utpå dagen. Kunne sølvsagt grilla småaure. Fiske her oppe no er meir å sjå på som utfisking enn matauk. Det var jammen bet om førmiddagen og, så det var ei skikkeleg kjekk økt i vatnet. 9 nye fiskar på lista.
Årets første traff vi på veg heim
Småauren vart reinska, og nokre forsøkt filetert. Fleire av naboane er ivrige på å steike seg slik "småkree", og mindre ivrige på fiskinga. Passar oss godt. Vinn - vinn.
Junitelting i boks!