Nydelig vær og godt selskap. Stien innover til Selvikstølen var endå betre og meir opptrakka enn sist eg gjekk her. Og det er lenge sida. Tydeleg at Kvamsingane trimmar på. På Selvikstølen var det lunsj i solveggen og fotoseanse.
Gjelsvikfjellet rett bak oss.
Nydeleg på Selvikstølen
Litt kaldare vind oppe på Gjelsvikstølen. Vi fantaserte litt om stølslivet i gamle dagar og tok bilde på same steinen som oldefar vår sat på.... Stas!
Gjelsvikstølen anno 2010
Randulf på stølen ein eller annan gong på 1960-talet
Marie på "Oldefarsteinen"
Deretter gjekk vi rett på toppen med dødsforakt, og kapra plass 4 og 5 i fjelltrimboka for sesongen!
Dix points. Ny obligatorisk fotoøkt. Det var ein verkeleg fin dag, og utsikta kunne vi ikkje klage på.
Vi var begge litt negative til å gå same vegen ned. Samstundes hadde eg turen ned der med Karianne for 7 år sidan friskt i minne. Vi rota oss solid vekk i skogen, ting tok tid, og ho hadde gløymt røyken i bilen. Litt dårleg stemning der ei stund kan du seie....
Etter litt om og men sette vi kursen rett vest, og tok sjansen på skogen på nytt. Nokon (Sigmund?) hadde merka med vardar og maling så første delen var grei og lett som berre det. Ikkje akkurat noko sti, men brukbart lett terreng, i alle fall som nedoverbakke. Brått stod vi på ei myr og fann ikkje fleire merke. Men etter ei god økt i skogen dumpa vi no ned på ein skogsveg som faktisk førte oss heilt ned til bilen.
Zarek storkosa seg i haustskogen, og var sprek som berre det. Oppdrag Gjelsvikfjellet fullført. Heime venta breiflabb frå delikatessen.. Marie kunne ikkje fått eit betre inntrykk av Askvoll!