Første turdagen var det damene som drog.... Sol og fint. Vi kryssa grensa, kom opp til vatnet og drakk te. I løpet av lunsjen skjønte vi at vi ikkje var ved Saksin, men eit heilt anna vatn. Ops. Men uansett skulle det vere ei grenserøys på haugen mot sør. Så med godt mot la vi oppover lia. Det viste seg at det var ikkje berre eg som var litt nyfiken på dette.
På toppen av haugen var det ingenting. Ikkje ein liten taslevarde eingong. Rett skuffa vart vi. Men no såg vi Saksin! Kjempeinnsjø gitt! Og når vi skulle ta ein nærare titt på den så fann vi jammen røysa! Lærdom nummer 1 - RR ligg ikkje på toppane. Og dei er gule.
Røys 204 A (eller nummer ein - som vi kalla ho)
Stas å stå med ein fot i kvart land. Med Karianne i tweedsen og røysa frå 1930 var det nesten så vi kjente eit "fordums sus" i bakkane og nasjonalromantikken bløma i hjarta. Eller noko i den dur.
Slik er ho altså, grensa.
Hadde det ikkje vore for at Karianne sendte med oss kikkert hadde vi ikkje funne den neste. Vi kikra etter den frå nabotoppen, og såg ein gul prikk på ein heilt anna plass enn der vi hadde tenkt å gå, ut i frå kartet. Utruleg dårlege kart i dette området her, altså..;o)
Riksrøys 204 B var kanskje ei B-røys, men for ei utsikt! Ho låg og flotta seg mot Ranseren og Børgefjell nasjonalpark.
Litt slitne men veldig godt nøgde med å ha nagla RR nr 2 for dagen.
Neste turdag drog vi i lag med gutta til Saksin. Fiska litt og kosa oss i finveret. Utpå dagen vart damene raustlause og dårleg med napp var det og... Det låg ei kjempestor riksrøys på toppen like ved. Denne kunne vi sjå frå lavvoen til og med. Så då går vi vel dit då? Og det gjorde vi...
Nummer tre!
Røys 204 viste seg å vere ei skikkeleg stasrøys. På toppen av Movretjahke 1206 m.o.h. Her var det kongemerke på grensesteinen og årstal som var litt vanskeleg å tyde - trur det var 1760.
Norsk side hadde helde seg best - ikkje noko tvil om krona her nei!
Riksgrensen er merket med grenserøyser, i skogtrakter ved en grensegate. Grensen var opprinnelig merket med 374 grensemerker, de aller fleste røyser. De første 11 (bygd 1661) står i grensen mellom Norge og Bohuslän, de neste 294 i resten av grensen mot Sverige (bygd 1751–64), så 59 i grensen mot Finland (1760-årene) og 10 i grensen mot Russland (disse er bygd etter 1826). Ved hver ny grenseoppgang er det senere bygd nye røyser, antallet er (2005) vel 800. Riksgrenserøysene har form av avskårne kjegler, ca. 1½ m høye, ca. 2 m brede i bunnen og ½ m smalere øverst. I toppene er murt inn opptil 1 m høye steinplater (hjertesteiner) med innhugd nummer, byggeår og kongenavn.
Mykje av dette hadde vi no funne ut sjølv allereie.
Kent køyrte heim over Trysil - og der fekk han jammen med seg endå ei riksrøys. Så no har vi berre ca 796 att å finne!