Rulledagbok

11.09 Surfeøkt med sving, svung og vrangruller!
Sygni, Kenneth og eg på Alnes. Fine og litt store forhold. Eller kanskje ikkje så store, men bølgjene var bratte. Eg klarte etterkvart å fange litt surfar, men eg fekk ikkje heilt dreisen på avslutninga. Alle rullene satt, og to gonger rulla eg opp på vrangsida! For ein bonus! Det å kjenne at kroppen legg seg i set-up'en automatisk, og frivillig vel vrangsida i reell velt i kvitt skum - #denkjensla!

15.08.15 Rulla på Ulla
Brottpadling med både kameratredning og rulle.

27.07 Rulleøkt i Ulsteinvik
Vi samla ein heil gjeng i Ulsteinvik, i ei skjerma hamn på "beste vestkant". Ungane med gummibåt, dei vaksne med rullekajakkar. Eg prøvde å rulle Skim Differ. Skikkeleg herk å stille inn pedalane, men for ein rullebåt! Standard, crook of arm, stormrulle og armpitrulla sat som eit skot på begge sider (med redningsvest!). Lettrulla og veldig god rullebåt. Mildrid lærte May-Elin å rulle, og ho fekk inn grunnbevegelsane i løpet av dagen! Veldig bra! Kristin friska opp rullene, fekk bryne seg med grønnlandsåre og fiksa ein drøss med nye ruller med god innputt frå Olea. Etterkvart fekk eg prøve ein greenlander. Utan vest. Standardrulle, crook of arm, armpit, stormrulle og norsaq-rulle på begge sider. Spine roll får eg ikkje heilt til, men eg gav meg fort på den. Handrulle på godsida sat på første førsøk! OG på neste forsøk. Ikkje på vrangsida, men greit nok. Prøvde på reverse sweep. Eg kjem opp på godsida, men bruker for mykje kraft, så det blinkar raude lys for skuldra.. Det er eitkvart med bevegelsen som eg må finne ut av. Øving framover: norsaq og handrulle i Nukaen, chest scull og reverse sweep.  

07.06 Rulling i sjø. 
Lånte greenlanden til Sygni, redningskveld ved Langevågsholmane. Kort rulleøkt: standardrulle, begge sider,  crook of arm, begge sider. stormrulle, godsida fleire gonger. Eigenredning 3 variantar - gjekk bra alle gongene. Refleksjonar: framleis kaldt i vatnet, stor skilnad på basseng-oppdrift og redningsvest/tørrdrakt i sjø. Ulike rullekjensler.

28.-29.03 Rulling i surf
Surfekurs i Hoddevika. Det vart bruk for rulla. Første dag sat den omlag 50% av gongane. Siste økta sat den 100%! Herleg kjensle å rulle opp att frå frådande bølgjer gong på gong. All rulling med muffer. Det er dette eg trenar for i bassenget. Generalprøva bestått med glans.

09.03 Reverse sweep-koden knekt!
Starta med Nukaen: Side scull, standard rulle, crook of arm og stormrulle godside gjekk fint. På vrangsida gjekk det ikkje. Eg måtte tilbake til forøvinga, og den fekk eg no til etterkvart. Prøvde på spine roll. Fekk det til ein gong med eit naudskrik, Ser at her er det bevegelegheit og tolmod som må til i gjerningsøyeblikket. Fekk prøve Greenlanderen til Sygni. Måtte maure litt med stormrulla i den og. Eg gjer ett eller anna rart på vrangsida. Etter ein del om og men og gode tilbakemeldingar frå Sygni så fekk eg den til nokre gonger. Handrulle: Godsida: superrulle, total bom og ei ny grei. Vrangsida. Bom. Prøvde med norssaq på vrangsida - bom - men då rulla eg opp med norssaqrulle på godsida. Deretter prøvde eg reverse sweep. Fekk det til to gonger på rad! Kjempeartig. Lett som ein leik i denne kajakken. Takk for at eg får låne! Prøvde reverse sweep i Nukaen til slutt. Fekk det ikkje til, men kom meg opp med å berre øve på avslutninga ein gong. Pass på skuldra - seier Edd. Kjenner det i dag at den er hard på skuldra ja, når ein ikkje får det til og legg all tyngda på armane.    

02.03 Ny rulle i boks!
Bassengøkt. Ordinær rulle begge sider - check (både grønnlandsåre og euro). Stormrulle godsida (også med euroåre) - check. Stormrulle vrangsida - eit mislykka forsøk. Deretter mange vellykka! No begynner den verkeleg å sitte på vrangsida og! Edd utfordra meg på "Cross hands"-rulla. Jaggu sat den på godsida på andre forsøk! Eg prøvde meg meir på "Back deck roll", utan å få det heilt til. No sat rotasjonen under kajakken betre, og eg fekk press på åra mykje lenger, men manglar den siste vippen. Fekk litt hjelp til å maure på siste del av "Reverse sweep", får det ikkje heilt til, men nærmar meg.  Curiosa: Euroshotgun-rulle gjekk fint. Øvde på mykje nytt, og kjem meg opp med reserverulle kvar gong no. Var ikkje ute av kajakken ein gong i løpet av økta. Framsteg. Trur alle hadde ein bra dag og god progresjon og det var breie glis i etterkant på alle mann (og damer).

23.02 Forsøk på reverse sweep
Litt sculling. Nokre vanlege ruller. Nokre stormruller. Godsida sit som eit skot. Eg fekk og til vrangsida i Nukaen for første gong, men berre to gonger så var det slutt for i dag.. Crook of arm sitt på begge sider. Spine roll får eg ikkje til. Utfordring frå Gøran : Back deck roll. Første forsøk: Skjønte ingenting av rotasjonen under vatn. Neste forsøk: Skjønte litt meir, kom meg rundt, og kom faktisk opp. Litt usikker på kor mykje som var rulling og kor mykje som var flaks. Mi eiga utfordring var reverse sweep roll. Eg testa med ein chest scull først, og kom lett opp att! Eg vart heilt forundra. Eg fekk det ikke til resten av økta, men veit jo då at det går. Skjønte etterkvart rotasjonen men klarar altså ikkje å komme meg heilt opp. Dette skal det øvast meir på framover. Framgang: Mindre redd og tek meg meir tid under vatn. No klarar eg å tenke litt under vatn. Jason innvia ny åre, Edd hadde med surfekajakk (Donald) og Kjetil knekte rullekoden på vrangsida i dag.

09.02 Terping på Stormrulle III
Endeleg ser eg resultat av terpinga! Juhuu! Eg slit framleis med å få til Stormrulla på vrangsida i Nukaen, men det er er på håret kvar gong. Og godsida sitt som eit skot. Eg testa stormrulle med Shuna, og det gjekk gullegodt. I Edd sin rullekajakk vart det stormruller på begge sider, rulle med kastetre og handrulle på godsida. Bra økt! Eg testa nokre variantar av bakoverlente som eg eigentleg kan, og dei var rustne. Ikkje snakk om at eg fekk til butterflyrulle i Nukaen denne kvelden. Neste gong må eg kanskje gå gjennom reportoaret og repetere litt.

02.02 Terping på Stormrulle II
Kom meg framleis opp med Stormrulle på godsida når eg feila på vrangsida. Fekk kjenne skilnaden på gode og dårlige variantar på godsida. Prøvde med Greenlanderen til Sygni, men med tuliq og briller som ikkje passa heilt. Det rann inn vatn og vart heilt kaos. Blæh. Neste gong VIL eg får til vrangsida!

19.01 Terping på Stormrulle
Kom meg opp med Stormrulle på godsida når eg feila på vrangsida. Det var no noko.

05.01.15 Pangstart på nytt år. 
På Ellingsøya "leikar" dei ikkje skulestart og bassenget var klart. Kjempeøkt med Nukaen og mange ulike ruller. Eg fekk til Stormrulla på godsida etter litt fomling, men vrangsida var .. ja vrang. Hjalp ikkje med ein god hjelpar heller, men eg har no begynt. Må berre innsjå at den sida av kroppen er dårleg koordinert og at venstresida har eit dårleg forhold til hjernen, nerveceller logikk osv.  På plussida fekk eg til "Standard roll with paddle held behind head" for første gong. Den satt på begge sider! Armpit Roll var umogleg på venstresida. Ny pers i poeng. Kenneth knekte framoverkoden og Edd fekk til framoverhandrulle i basseng. Pangstart. Rett og slett.

Ruller
Poeng
Høgre side
Venstre side
1   
Side Scull
2p/s
2
2
2
Chest Scull
2p/s
-
-
3
Standard Greenland Roll
2p/s
2
2
4
Paddle in Crook of Arm
3 p/s
3
3
5
Storm Roll (low brace over masik)
3 p/s3
3
-
9
Standard Roll with Paddle held behind head
4 p/s
4
4
11
Armpit Roll
3 p/s
3
-
18
Successive Standard rolls performed in 10 seconds
3 p/s
3
3
25
Hand roll, start tucked forward, finish leaning aft
7 p/s
-
-
Totalt I dag: 34
29 p/s



2014

21.12 Desemberrulle
Tur rundt Giske med Sygni og klart mål om desemberrulle. Rulling med muffer var litt annleis - alt gjekk saaaakte. Link til desemberrulla. No har eg rulla i sjøen minst ein gong kvar månad gjennom heile 2014!

15.12 Bassengtrening
Lenge sidan sist, og eg var spent på om det var forfall eller framgang i vente. I dag var det Nukaen og meg. Eg begynner verkeleg å få dreis på scullinga på begge sider no. Standardrulle - begge sider - check. Butterflyrulle gjekk greit, men betydeleg betre på godsida. "Paddle in crook of arm" - sitt godt på godsida. Terpa den fleire gonger på vrangsida, og etterkvart gjekk den brukbart der og. Prøvde handrulle, men det fekk eg ikkje til i dag. Forøvinga til Stormrulla har eg snust på ei stund. I dag gjekk det som ein leik, og eg kom opp fleire gonger. - Klar for neste steg? Edd spør og demonstrerar stormrulla for meg. Jammen satt den på første forsøk! Og på dei neste 3-4 forsøka. Artig å få til noko nytt! No har eg ei framoverlent rulle inne på godsida. Prøvde litt på vrangsida og, men det vrir seg for meg. MEN no ruller eg opp med standardrulle på vrangsida som plan B. Over jul er det stormrulle-på-vrangsida-koden som skal knekkast! Og deretter chest scull. Gøran har gjeve meg ei utfordring på å lære meg "back deck roll" som det hadde vore artig å svare ut før sommaren 2015.    

17.11 Bassengtrening
Nukaen var med. Eg starta i den, med strålande sculling på godsida og brukbar på vrangsida. Første gong eg har fått det til så bra i Nukaen. Vanleg rulle, begge sider; OK. Paddle in crook of arm, begge sider OK. Handrulleforsøk - mislykka. Prøvde nokre ulike variantar med varierande hell. Neste runde fekk eg prøve greenlanden til Sygni. Første forsøk på handrulle var mislykka. Etter ein serie med butterfly hadde eg EI perfekt - PERFEKT handrulle. Deretter 5 mislykka forsøk. Men det er kjem seg. Til slutt prøvde eg forøvinga til stormrulla - og den satt!!! Fleire gonger på rad kom eg meg lett opp. Det var veldig artig, så no er eg i siget på framoverlente. Skal testast i Nukaen neste gong.

10.11 Bassengtrening
I dag med Nukaen. Nokre standard-ruller på begge sider. Butterfly-rulle på godsida gjekk fint. Så over til det eg ikkje kan.. Edd gav meg gode tips både til handrulle-bevegelser og storm-rulle. Eg fekk terpa litt på grunnbevegelsane. God økt. Ikkje så mykje konkrete resultat, men fekk kjenne på nokre nye bevegelsar som forhåpentligvis lagrar seg i skrotten til neste gong. Meir øving og padding så trur eg mykje kan skje.

03.11 Bassengtrening
Grei treningsøkt. Fekk låne greenlanden til Sygni i dag og. Fleire av rullene satt betre, og eg klarte mange på begge sider. Klarte berre ei handrulle med eit nødskrik - så den må det terpast meir på. Vert for "laus" i båten og dett ut av posisjon med jamne mellomrom. Framoverlent er ei utfordring. Må hugse å drive "overøving" på vrangsida og. I dag slurva eg vel litt med det. Heile gjengen dreiv med handrulling i dag, gutane har blitt kjempeflinke, og Sygni pressa inn fleire. Kvar skal dette ende?

Ruller
Poeng
Høgre side
Venstre side
1   
Side Scull
2p/s
2
2
2
Chest Scull
2p/s
-
-
3
Standard Greenland Roll
2p/s
2
2
4
Paddle in Crook of Arm
3 p/s
3
3
5
Storm Roll (low brace over masik)
3 p/s
-
-
9
Standard Roll with Paddle held behind head
4 p/s
X
-
11
Armpit Roll
3 p/s
3
3
18
Successive Standard rolls performed in 10 seconds
3 p/s
-
-
25
Hand roll, start tucked forward, finish leaning aft
7 p/s
7
-
Totalt I dag: 27
29 p/s
A
Static brace
X
B
Butterfly
X
C
For –øvelse nr 9 – åre på panna
X
X
D
For-øvelse 5 – åre over båt
X

27.10 SESONGSTART i bassenget! Innesesongen kjem som julekvelden på kjerringa - kvar gong. I mørket og i høljregn står eg og vaskar kajakk, og bannar på at NESTE år... då skal eg vere i rute. Vel framme i bassenget får eg låne greenlanden til Sygni, så den Nuka-vasken kunne eg visst ha spart meg. Brått utan vest, utan lagvis med klede og tørrdrakt. Sjølv greenlanden er romsleg. Herleg vasstemperatur. Hovudet vert fyllt av klorvatn. Ugh. Det var både + og - med basseng ja. Det demrar for meg ting eg har gjort før. Rullemessig er det brukbart. Høgdepunktet var handrulle! Gode tips frå Sygni og Kenneth og vips, så satt den eit par gonger. Berre på god-sida rettnok, men handrulle er handrulle.

Scullinga er mykje enklare i ein greenland. Vrangsida var i grunn generelt vrang denne kvelden.
Butterfly (grei på god-sida, dårleg på vrangsida), for-øving til nr 9 med åra i panna (grei på go-sida). Chest scull får eg ikkje til i det heile tatt. For-øving til stormrulle (med åre over kajakk-variant, kom opp for første gong.) Stormrulle er prioritert på øvingsfronten før fleire bakoverlente. Eg fekk med nokre gode tips frå Edd som eg skal tygge på til neste gong. Håpar eg klarar det før jul!

Ruller
Poeng
Høgre side
Venstre side
1   
Side Scull
2p/s
2
2
3
Standard Greenland Roll
2p/s
2
2
4
Paddle in Crook of Arm
3 p/s
3
3
11
Armpit Roll
3 p/s
3
25
Hand roll, start tucked forward, finish leaning aft
7 p/s
7
Sum 23
17
7

19.10 Rulleøkt etter tur rundt Giske. Litt sculling - men stiv som ein stokk i dag. Vrangsida var vrang, og eg måtte ut av båten. Godkjensla fr å onsdag var vekk. Det vart eit par vanlege ruller på godsida, 7-8 ruller på vrangsida og nokre mislykka forsøk på andre ruller. Re-entry og rulle satt på begge sider. Greit å få øvd på det da. Elles: Sygni rulla Romanyen, Mildrid rulla og veileda og Ann tok rulle med grønnlandsåre etter nokre forsøk. Bra dag totalt sett.

15.10.14 Rulleøkt ute. Sygni og eg tok ei rulleøkt på Giske for å sjekke status FØR bassengsesongen. Inspirert av vellykka ruller var vi nesten ein time på sjøen. Sygni hadde med seg mange gode tips frå Stokkøya, som eg fekk nyte godt av.

Status på mi rulling med Nukaen i dag:
Ruller
Poeng
Høgre side
Venstre side
1   
Side Scull
2p/s
2
2 (u.t)
3
Standard Greenland Roll
2p/s
2
2
4
Paddle in Crook of Arm
3 p/s
2
2
9
Paddle held behind head – forøving med åre i panna
2 p/s
OK
11
Armpit Roll
3 p/s
3
Sum
15
9
6
u.t = under tvil

Static brace - høgre - fekk ikkje til - gjekk rett til botnen. 
Spine roll - høgre - fekk ikkje til
heile økta utan at eg måtte ut av båten. 
Suksessive ruller, innleiande øvingar - testa 2 x 2 stk på høgresida. Fekk dreisen på det på siste gongen. 
Prioritert øving framover i basseng: generell sculling, chest sculling og stormrulle. Elles er det tøy og bøy som gjeld om kveldane. 

1 kommentar:

  1. Ikkje verst det, å starte bassengsesongen med 15 poeng!

    SvarSlett