onsdag 17. august 2016

Svarttinden (767 moh)

17.08.16 TILBAKEBLIKK
Sommaren var på hell og arbeidsmengda tok seg opp. Kvar ein fin solskinnsdag kunne potensielt verte den siste på lenge. Det var difor lett å prioritere og stikke ut på tur rett etter jobb. Per og eg hadde snakka om Svarttinden heile året. Tinden er det høgaste fjellet på Gimsøya og er kjent for bra utsikt. Denne ettermiddagen vart vi ein heil gjeng på tur, så det vart både sosialt, trim og flotte opplevingar - reine kinderegget.

Ikkje noko tydeleg sti - og typisk Lofoten med høge kneløft rett frå bilen. 

Puh! Effektive høgdemeter, hjartet slår og lungene jobbar på. 

Vi kikka over kanten på Sundklakktinden og fekk første glimt av Svarttinden. 

Herifrå vart det berre magisk. Sjølv om vi høyrde ein og anna bil frå E10 så var det som vi gjekk inn i ei anna verd her oppe. 

Fotostopp! På verdas tak - den kjensla! 

Rygg etter rygg. Gimsøya og Hoven bak. 

Siste etappe - ein bratt grasbakke og meir høge kneløft.

Tilbakeblikk mot vest - i skaret her kom vi opp

Ingrid! Breie glis på alle saman. 

Vestover - lag på lag. Himmeltinden stikk opp til høgre. 

Søraustover mot Henningsvær og Vågakallen. Kveldsmat i sola. 

Det var dagen for ein runde. Vi gjekk ryggen ut til neste topp, Barstrandfjellet (697 moh).  

Tilbakeblikk mot Svarttinden

Lyset skifta frå minutt til minutt. Disen kom sigande. Det var så vakkert. 

Solnedgang over Gimsøya

Vi sjekka litt ekstra i terrenget sidan det var ein enorm flokk med ramn i fjellet. Vi fann heldigvis ingen ting. 

Månen stod opp i nord

Sola gjekk ned i vest

Og vi kom oss heilskinna ned!!

Dette var ein spesielt fin tur - ein slik som brenn seg på minnet og vert verande der. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar