mandag 17. juli 2017

Sømna, Brønnøysund og Torghatten

17.-18. juli Torghatten har stått på ønskelista lenge, og eg har aldri vore i Brønnøysund før, med unntak av eit kort stopp med Hurtigruta i mai. No var det ver, eg hadde tid og då vart det sightseeing!

Torghatten sett frå Hurtigruta. Klart ein har lyst tilbake hit! 

Første glimt av Torghatten i juli frå fergekaia på Vennesund

Sidan det er ferie, så kan ein gjere merkelege ting, som å stoppe på kaia etter å ha køyrd AV ferga. Eg "samlar" på skulpturlandskapa i Nordland, det var sol, og eg var nyfiken på kva Sømna kunne by på. Det er ekte luksus å ha eit hav av tid og fridom til å berre stoppe, vere og sjå.  

Jaha? Kva er dette for noko?

Haiku var blitt til Hai Ku Badekar - og eg vart fnisete, litt irritert og nyfiken på ein gong. Full pott til kunstnaren der altså. Link til nærare omtale av kunstverket. 



Vidare langs stranda gjekk det sti til Olavskjelda. 

Helande krefter i vatnet?  

Eg hadde ikkje noko akutte lidingar som eg kunne teste kjelda på. Dette skal vere den nordlegaste Olavskjelda, og er nemnd i skriftlege kjelder allereie i 1598. Stien var grei, men litt kronglete og nesten som å gå i ein jungel for å komme opp siste biten. Imponerande klårt vatn i bergsprekka. Skal tru kva "Olav den heilage" hadde tenkt, om han viste at vi 1000 år seinare freda alle plassane han var tørst og fann seg reint vatn å drikke?

Det lei mot kveld og eg tura vidare mot Brønnøysund og ein fin stad for villcamping på yttersida av Torget.  
+-
 
Sjølvaste Brønnøysundet



Hengekøyeliv - eg kan venne meg til dette..


Neste dag var nydeleg og tema for dagen var enkelt: Turist på Torghatten. Eg leikar ikkje turist, og det vart både igjennom, oppå og rundt.  

 

Artig å gå gjennom holet, det var imponerande. Stor kontrast mellom rå bergveggar og frodig vakkert kystlandskap utanfor. God sti og mykje turistar. Det var diverse postar på veg opp med geologisk informasjon - som gjorde det endå meir interessant.

Sti til toppen rett opp her - svabergvandring i ca 200 høgdemeter. 
Langt færre turistar her, men for ei utsikt!!!

Panorama frå toppen. For ein kyst!! Det klødde i padleturlysta. 

Her var det så flott at eg måtte "ta ein Gustav" og sitte lenge. 

Frå turstien som går rundt heile "hatten"

Grusveg rundt heile med ein avstikkar til minnesmerke frå flystyrten i 1988 der 36 menneske omkom. 

5,5 km rundt på flat grusveg. 
Ca 2,5 km t/r opp på toppen og dryge 200 høgdemeter

Før kveld i leiren måtte eg kikke litt nærare på Brønnøy sitt skulpturlandskap - Steinar Breiflabb som ligg midt i leia! Litt vanskeleg å sjå han frå land, men eg hadde jo vore på hurtigrutetur og fotografert før... Denne skulpturen er klart kulast å sjå frå båt. 

Ikkje ei steinrøys, men Steinar Breiflabb. 

Arkivfoto frå mai 2017 på Hurtigruta.

Brønnøysund/Sømna er eigentleg ganske likt heimkommuna mi og landskapet ved Hustadvika med strandflatene, landbruksbygdene og kystfjella. Skjergarden utanfor skil seg kraftig ut - og den står på ønskelista til neste gong. Elles var inntrykket trivelege kafear, god turistinformasjon og hyggeleg by - hit kjem eg gjerne att. 

2 kommentarer:

  1. "Ta ein Gustav..." - lo litt av den ;). Var også gjennom, oppå og rundt Torghatten i sommar - 10 år sidan sist!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har inntrykk av at halve Vestlandet var i Nord-Norge i sommar, og såg de hadde vore i same området. :)

      Slett