fredag 2. juni 2017

Hengekøyepremiere!

2. juni Synnøve og eg har endeleg skaffa oss hengekøyer etter lang tids snakking. Ulike patentar, men like forventningar. Enkel tilgang til fleire netter i naturen og kanskje ny motivasjon til å gle seg over skog og kratt?

Mai var travel og juni teikna til å verte like eis. Vi satsa difor på kortreist testtur, og hamna i Borgundgavlen. Dette er på mange måtar villmark midt i Ålesund, og ein skal ikkje mange meter frå stiane før det er attgrodd, gamle krokete tre og rikeleg med både liggande og ståande daud ved og faktisk rett så triveleg.

Det vart bål, og Synnøve sørga for kveldsserveringa og nykokt kaffi på morgonkvisten. Eg vart med andre ord både vekkskjemt og oppvarta.

#Skalikkjesovebortsumarnatta

03.00 Synnøve i ticket to the moon - køye. 

Meg i AMOK-køye

Utsikt frå køya. 
Sunnmørsalpar og sommarnatt i Astrup-aktig innpakking

Natta kan oppsummerast med 60% god søvn, 30% intens fuglesong og 10% nydeleg himmel og sommarnatt i pastell.

Vi lærte litt om korleis vi skulle henge desse køyene, og evalueringa av første test er klar: meir enn godkjent. Eit nytt årsprosjekt er under oppsegling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar