onsdag 17. mai 2017

17.mai feiring på Trollstigen

17.mai.
Etter mykje att og fram og ustabile meldingar trakk Møre og Romsdal vinnarloddet i 17. mai-lotteriet. Vennebrunch vart ombooka til vårskitur. Det var stas å køyre innover fjordlandskapet. Levande bygder var pynta for dagen med flaggborger og nysprungen bjørk. Fossefall fulle av smeltevatn, våryre bekkar og livlege lam på beite. Blikkstilt på fjorden og snøkledde tindar som spegla seg. Berre køyringa var verdt turen.

Vegvesenet hadde vore sympatiske nok til å sette bommen heilt oppe ved Slettvikane, så vi kunne ta på skia ved bilen.

Slettvikane mot Trollstigen og Stigbotnhornet

Synnøve og Roar var kjente og hadde kontroll på kart og klister. Eg var turist og førstegongsreisande her. 

Innover Langfjelldalen

Gratulerer med dagen! 

Det vart fort for varmt, trøya måtte av og solkremen på. Vi hadde lyst å utforske området litt og la opp til ein rundttur.

Lite hornmusikk, men elles verdas beste 17. maitog. 

Frå høgde 1076 innover Langfjelldalen. 

Vi var i Reinheimen najsonalpark ved den nasjonale turistvegen på nasjonaldagen. Nasjonalkjensla hadde gode kår. Dette er grenselandet mellom Romsdalsfjell, Sunnmørsalpar og Tafjordfjella, og det meir avrunda fjellandskapet i Oppland. Perfekt fjellskiterreng. 

Isglupane, her representert ved 1126

Spennande og variert landskap innover, der ein kunne sjå korleis isen ein gong hadde jobba seg gjennom terrenget. 

Botnen austafor Isglupen 1257 var bratt og skavlete, så der rauk rundturen - einstemmig. Det vart difor lunsj nummer to i varme berg med fortreffeleg utsikt. Ikkje eit vindpust, og moglegheit til å drive aktivt slaraffenliv. Synnøve hadde med sjampis på søte småflasker og det sette ein ekstra spiss på dagen når (i alle fall den eine) korken gjekk til vers med karakteristisk "poff".  

17.mai lunsj med bobler. 

Det var ikkje krise å gå ut att same vegen. Flott landskap, mykje nedoverbakke som venta, og vi var dristige nok til å halde fram i shortsen.  

Greit panorama midt i mot

Nedover mot Valldalen

Nøgd Trollstigeturist. 

Totalt omlag 19 km og 600 høgdemeter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar