mandag 22. mai 2017

Høgenibba i Hornindal (1191 moh)

20.05 Om ein klarar å starte helga på fredagen så vert ho så mykje lenger! Vi starta med ein kaffikopp som vart til tre hos Therese, så det vart seint før vi kom oss i posisjon for ei natt under open himmel. Det var så verdt det! Varmt og fint, utan insekt med fuglekvitter og med magisk utsyn over Austefjorden. Dagen etter sette vi kursen mot Hornindal, med håp om å sleppe mykje bering av ski på Høgenibba.

Midnatt og blåtime #skalikkjesovevekksommarnatta

Greit å slå opp auga til dette. #morgonstundhargullimunn

Austefjorden med Eidskyrkja til venstre og Matøskja til høgre. 

Vi forflytta oss til Hornindal og det tegna til å verte ein strålande sommardag. Skredsøkaren vart att i bilen, og full dekning med solfaktor vart prioritert frå start.

Vi bar skia opp halve skitrekket. Indre Hornindal i vårprakt

Høgenibba kvit og lovande bakerst der

Lunsj i lyngen med herleg utsikt mot sør. #trivselsfylket

Kvite bakkar og steikande sol. #Bikiniføre.  

God plass og stor varde på toppen! Skikkeleg rundskue.  

Grodås 1100 meter under oss. 

Herifrå var det rare vinklar til kjende fjell. 
Djupdykk i kartet var naudsynt. Vi såg lenger enn vi trudde i sør, og kortare enn vi trudde mot nord. 

Vidare mot Gjugra og Kvivsdalshornet. Guridalen ned mot høgre.
Landskapet nord for Høgenibba var veldig spennande, eigentleg fjellskiterreng som freista til fleire turar. 

Ny utsikt mot Austefjorden - vi står på kommunegrensa mellom Volda og Hornindal

Det skya til frå sør, og vi ville ha godt lys nedover. Gjugra får bli neste gong, og vi sette kursen nedover Guridalen

Perfekte bakkar ned Guridalen, men dessverre verdas tråaste føre. Det lugga og reiv og det var berre såvidt det gjekk framover. 

Guridalen - fin plass - og eit skikkeleg snøhol

Vi stod på ski ned til grusvegen og eit godt stykke nedover. Stølane som låg her var skikkeleg fine. Lyset hadde blitt flatt, men både Storesætra og Bruasætra er verdt eit besøk seinare og. Dei har vore flinke til å ta vare på kulturlandskap og bygningar her. 

Runden vart på ca 10,5 km og med ca 850 høgdemeter

Vi runda av med is og kaffi på Grodås i 20 (!!!) varmegrader. Skikkeleg helgetur - og mesteparten av helga framleis framom oss!!  

onsdag 17. mai 2017

17.mai feiring på Trollstigen

17.mai.
Etter mykje att og fram og ustabile meldingar trakk Møre og Romsdal vinnarloddet i 17. mai-lotteriet. Vennebrunch vart ombooka til vårskitur. Det var stas å køyre innover fjordlandskapet. Levande bygder var pynta for dagen med flaggborger og nysprungen bjørk. Fossefall fulle av smeltevatn, våryre bekkar og livlege lam på beite. Blikkstilt på fjorden og snøkledde tindar som spegla seg. Berre køyringa var verdt turen.

Vegvesenet hadde vore sympatiske nok til å sette bommen heilt oppe ved Slettvikane, så vi kunne ta på skia ved bilen.

Slettvikane mot Trollstigen og Stigbotnhornet

Synnøve og Roar var kjente og hadde kontroll på kart og klister. Eg var turist og førstegongsreisande her. 

Innover Langfjelldalen

Gratulerer med dagen! 

Det vart fort for varmt, trøya måtte av og solkremen på. Vi hadde lyst å utforske området litt og la opp til ein rundttur.

Lite hornmusikk, men elles verdas beste 17. maitog. 

Frå høgde 1076 innover Langfjelldalen. 

Vi var i Reinheimen najsonalpark ved den nasjonale turistvegen på nasjonaldagen. Nasjonalkjensla hadde gode kår. Dette er grenselandet mellom Romsdalsfjell, Sunnmørsalpar og Tafjordfjella, og det meir avrunda fjellandskapet i Oppland. Perfekt fjellskiterreng. 

Isglupane, her representert ved 1126

Spennande og variert landskap innover, der ein kunne sjå korleis isen ein gong hadde jobba seg gjennom terrenget. 

Botnen austafor Isglupen 1257 var bratt og skavlete, så der rauk rundturen - einstemmig. Det vart difor lunsj nummer to i varme berg med fortreffeleg utsikt. Ikkje eit vindpust, og moglegheit til å drive aktivt slaraffenliv. Synnøve hadde med sjampis på søte småflasker og det sette ein ekstra spiss på dagen når (i alle fall den eine) korken gjekk til vers med karakteristisk "poff".  

17.mai lunsj med bobler. 

Det var ikkje krise å gå ut att same vegen. Flott landskap, mykje nedoverbakke som venta, og vi var dristige nok til å halde fram i shortsen.  

Greit panorama midt i mot

Nedover mot Valldalen

Nøgd Trollstigeturist. 

Totalt omlag 19 km og 600 høgdemeter