lørdag 22. april 2017

Påskepadling på Røst

13.04 Påska si beste padlevermelding, så vi var tidleg og målretta oppe. Stor takhøgde og mykje horisont på Røst.

Morgonstemning på Røst

Ny dag - nye moglegheiter. Vi nytta sivilisasjonen og dagslyset til å låne eigna reiskap for å flytte kajakkane til næraste beste utsett. Det freista lite å starte dagen med eit tre meters hopp frå ferjekaia.

Kajakktralle a la Røst (Foto: Kristin) 

Funkar som berre det! I alle fall med den trafikken som er tidleg på skjærtorsdag..
 (Foto: Marian Leonardsen)

Røst i dagslys kjentes ut som ei god blanding av Mørekysten og Bulandet/Værlandet. Rett heimekoseleg med andre ord. 

 . Førebels på rett side av bygene.

Fotogen kajakk, dame og hamn. 

Vedøya og Storfjellet. Vi la i veg på øyhopping sørover. 

Øyene nedover her er landskapsvernområde og naturreservat, og frå 15. april er det forbode med ilandstigning i reservata. Strategisk timing med andre ord.

Vedøya - med sveitserhytta. 

Rundt 1960 kom det sveitsiske fugleforskarar til Vedøya og sette opp ei hytte som forskningsstasjon, og her har det visstnok vore stor produksjon av vitenskaplege artiklar. Vi sparte Vedøya til nærare utforsking på returen. 

Storfjellet med diverse nykar bak. Det var motvind og motstraum frå alle kantar, og vi låg midt i verskiftet. Frontar og gråver framom oss, og sol bak oss. 





Vi fann ein særdeles godt egna stad for vinterleg lunsj, sør på Storfjellet. 
Øyriket gjekk frå grønt til kvitt på ein halv time. 
  
Brrrrr - lat oss komme oss i kajakkane att. 
Sandøya med hyttene. Ellevsnyken og Trenyken bak.

Vi held fram med øyhoppinga, men med eit auge på klokka, og det andre på verfrontane som gjekk rundt oss. Interessante straumtilhøve kring den Ellevsnyken. 

Trenyken. Frå venstre: Austnestua, Spjuten, med Helvete før neste topp Steigen og Breien

Nyken =nøkken. Eg skjønnar godt at ein kan tru på nøkken når desse dukkar fram frå skodda. Her har det vore folk i fleire tusen år,og det skal vere ei grotte med holemaleri på Trenyken. Vi såg ikkje grotta, noko som var litt irriterande, men på den andre sida, så var det for mykje ver til at vi hadde komme oss i land der uansett. 

Vi rundar Trenyken og der dukkar den siste nyken opp: Hernyken. 

Yttersida av Trenyken, og ikkje noko grotte å sjå.

Vi hadde lyst til Skomvær, men det vart mykje ver, og vi var langt til havs. Så Trenyken vart vår siste runding på denne turen. Einstemmig. Det var tungt nok å komme seg opp att gjennom straum og vinden friskna til, frå ny kant slik at vi framleis hadde motvind. Fasinerande. 

"Vår" front, som held følge med oss heile dagen.

Ny rast på Storfjellet - nord denne gongen. Pinnkaldt og vakkert, med Lundefugl rundt øyra. 

Vedøya, Røstlandet og Værøy og Mosken bak. 

Toppskarv

Røst har store sjøfuglbestandar, og det har vore forska på desse sidan 1950-talet (http://www.seapop.no/no/lokaliteter/rost.html). Lunden er mest kjent, og talrik her, men slit med å lykkast med hekkinga og talet går stadig ned. Det er registrert meir enn 300 fugleartar på øyene. 

'
Frå Storfjellet til Vedøya låg det lundefugl på sjøen over alt. Dei er utruleg fine, og eg har vore oppteken av dei sidan eg var lita. 

På Vedøya skulle vi også i land, på kultur og naturvandring. 

'
Vishellaren. (Foto: Kristin)
Hole nederst i enden her - det freista lite til nærare utsjekk, men det såg ut som ein kunne gå langt innover. Det var leirereir i veggane på grotta, men ingen av oss visste kva fugl som lagar slike.  Ekko og rimeleg skumle lydar i området der.  Vi høyrde ramn og lydar som tyda på ørnungar i nærleiken. 



Det eigentlege trekkplasteret her var "Reiret" som er del av Skulpturlandskap Nordland


"Il Nido" av Luciano Fabro vart plassert på Vedøya i 1995. Kunstnaren har sagt at skulpturen er laga for fuglar. Egga spelar på livet og dei klassiske søyleformene fortel om svunnen storheit. Det handlar om liv, død og ny start.



Kveldslys over Røstlandet

Det var iskaldt, seint og vi hadde to valg: 
1. Telte på Vedøya og risikere å vere verfast der neste dag.
2. Finne ein egna camping/hytte på Røstlandet. 

Kristin tok grep og var reisebyrå, og prinsippet om å støtte lokalt næringsliv låg i botnen. 
Det vart hytte på Røst og litt meir padling. Det vart tungt nok over i motvinden, og det vart sein kveld før vi kom fram. Eg hata litt i det siste sundet. Klokt val og kjekt å køye innom hus.  

Kart frå Kristin. 

30 km padling. Bratt nok sesongstart det. 
Målt vind på Røst om ettermiddagen; jamnt mellom 8-11 m/s
Effektiv  temperatur: -10 (-1 og vind)


Note to self: Skaff Storm Cag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar