fredag 21. april 2017

Mot Gråtinden (871 moh)

7.04 Påske i Troms! Ny dag, nye moglegheiter, med skiftande skydekke og nytt turmål! Søraust på Kvaløya ligg Gråtinden.

Dagens høgdepunkt! (Foto: Kristin)

God stemning og parkering ved stranda.

Idyll - og greit kjenneteikn ved start

Vi lagar våre eigne spor i dag!

 Konturar av gamle spor berre glimtvis å sjå.
Litt knotete gjennom skogen, men med litt sikksakk fann vi åpnare parti. Over skoggrensa vart det kongeføre og duvande kvite vidder så langt vi kunne sjå, og urørt snø. Mykje snø. Utan teikn til at det hadde vore folk før oss. 

Ver frå vest - lyskunst

Første glimt av ryggen på Gråtinden, verda vart kvit og ullen.

Lunsjen tok vi i vindsekken, og utanfor var det null sikt. Skulle vi snu eller gå? Det letta litt så vi gjekk vidare.


Platået før ryggen


Det var mykje snø, skavlar og diverse ras å sjå i dei brattare områda omkring oss. Bygene kom og gjekk, og ingen av oss hadde lyst å vere på ryggen utan sikt. Det vart høgde 707 moh på oss. 

Flakskred på nabofjellet

Gråtinden i all si prakt!

Det skein skikkeleg av 5 minutt etter at vi hadde snudd. Flott fjell! Då var vi mentalt omsnudd på nedoverdelen av turen, så ryggen fekk ligg ei fred. 

Fornøgd skiboms! Straumsfjorden og Balsfjorden bakerst. 

KONGEFØRE!!! 

Skikkeleg artig å renne her! Pudder og akkurat perfekt bratt. Dvs ikkje spesielt bratt. 

Unikt bilde: Eg legg på feller for å gå OPP ATT! (Foto: Kristin)
Det skjer sjeldan, men her var det verd det. 
Det var ekstremt mykje lettare å gå opp att i våre eigne spor runde to, enn å trakke sporet første gongen. 

Kristin i farta

Lekkert! Utsikt mot Malangen

Kart frå Kristin
t/r ca 9 km og litt over 700 høgdemeter der vi trakka eigne spor på runde 1, og ca 200 høgdemeter på runde to. 

Flott område! Hit skal eg på sommartur og! 

2 kommentarer:

  1. DIGGA at du verdsette nedkjøringa og gjor den ein gong til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kven skulle trudd Therese!! Det hjelpe med puddersnø og bakkar på jamt 20 grader ;)

      Slett