onsdag 12. april 2017

Moskenes - Værøy - Røst; fergeturen til havriket

12.04 Påskepadling! Helgedagsfreden senka seg, beslutninga var teken, sjauing og lasting var unnagjort, og vi seig ned på framste rad ved vindauga i salongen. Nokre transportetapper er meir enn berre transport. Sagnomsust, eventyrleg, verhardt, det er mange assosiasjonar knytt til denne ferjestrekka. Vi var på veg på nye eventyr, i ukjent land, i vårleg kveldssol.

Allereie rett utanfor moloen på Moskenes ser ein øyene som ligg og lokkar lenger ute

Ferja passerar Lofotodden i godt driv. Sivilisasjonen slik vi kjenner han ligg bak oss. 

Mosken - magisk og mytisk. 385 høgdemeter, rett opp frå havet. Dei einaste fastbuande har vinger.

Moskstraumen er ein av verdas kraftigste havstraumar, og tidevatnet kan gje høgdeskilnader på opptil 4 meter i sundet, og store malstraumar. Straumen har inspirert forfattarane av både "Moby Dick" og "Ei verdsomsegling under havet". Nokre galningar padlar ut her. Eg har som prinsipp å støtte næringslivet i distrikta, og tek difor ferja...   

Værøy! Her har eg aldri vore, og det ser spennande ut! 

Nordlandsnupen på Værøy (450 meter høg) 

Lag på lag, etterkvart som vi kjem nærare

Innsegling til Værøy i solnedgangen. Nato-toppen med mastene ragar over Sørland

Værøy fyr. 
Ute av funksjon, og erstatta av moderne lykter i leia utanfor. Står øvst på vedlikehaldslista til Kystverket Nordland, etter å ha fått skikkeleg juling i storm.

Kommunikasjonsknutepunkt i havna. 

Vi mannar oss opp mentalt, og samarbeidar så det går greit å få fulle, tunge kajakkar over på neste ferge. Nærare utforsking av Værøy må vente, vi skal vidare utover i havet. 

Bæring av kajakkar er det aller aller kjipaste på påskepadling. Etter dei siste krafttaka våre så låg kajakkane trygt og godt på land på Røst. 

Klok av tidlegare erfaringar hadde vi booka oss inn på Fiskarheimen første natta. Med ankomst seint om kvelden og lågt blodsukker er ikkje orientering i ukjent landskap og telting det luraste å utsette vennskapet for. Dessutan var det prinsippa om å støtte lokalt næringsliv, då.

Vi brukte 25 minutt på dei 100 metrane frå kaia til Fiskerheimen - sjølv i mørkret var det utruleg vakkert!

 
Hamna på Røst

Tørrfisk overalt. Fisk i måneskinn er vel Røst sitt svar på elg i solnedgang. 

Fullmåne



Røstlandet by night. 

Eg gledde meg til morgondagen. Kystkulturen reiv i nasen, blåtimen gjorde alt magisk og feriedagane låg som perler på ei snor framom oss. 


2 kommentarer:

  1. Beautiful photographs, sunset and the evening dress. Regards :)

    SvarSlett
  2. Underbart! Väntar med spänning på nästa del...

    SvarSlett