søndag 30. april 2017

Topp topptur på Værøy

16.04 Marian for med ferga, og vi hadde eit døgn att på Værøy. No ville vi til topps! Frå Sørland ser ein vegen opp på Natotoppen, eller Håen (438 moh) som den eigentleg heiter.


Rømdalen og siksakkvegen bak kyrkja

Kristin hadde sett dokumentar om ørnhus og  var godt inne på temaet. Langs vegen fekk vi sjå eit med sjølvsyn. Trikset var å sitte nede i brønnen, med eit kjøttåte til ørna. Åtet var festa til eit tau, og ein drog åtet nærare og nærare seg sjølv til ein fekk tak i føtene til ørna. 


Eg "sitt på ørnhus". Tvilar på om tolmodet strekk til. (Foto: Kristin)

Flott utsikt mot Mosken og Lofotodden

Brukbar gammal historie bak landskapet vi vandra på heile dagen.

Hemmeleg bygg på toppen, og eg er sikker på at  i som alle andre tok bilde akkurat på rett side av skiltet som seier ikkje ta bilde nærare enn dette...

Luftig og vakkert

Lunsj på Grunnereggtua. Sola varma og det var skikkeleg påskestemning. Utsikta var og ganske grei. 

Frå Håen mot Måstad og Måhornet bakerst. Sanden rett ned til venstre. 

Med zoom såg vi ut til Røstøyene i det fjerne

Skamheia og Sørland

Vi gjekk kanten rundt heile Skamheia. Lett å gå, fantastisk utsikt og strålande klåre fargar. 

Stranda - sanden. Her er det vistnok ei grotte med spor frå 3000 år tilbake. 
Neste gong får vi padle rundt?

Kristin - konge på haugen

Sørlandsvågen og sentrum på Værøy. Ferga på veg inn.

Sørlandshagen var eit skikkeleg sanddynelandskap. neste gong kan det fort blir telting her.  

Vi gjekk opp att til toppen og ryggen heilt ut til hornet. 360 grader horisont, hmykje hav og resten kvite Nordlandsfjell tagg i tagg bortetter.

Vandring på taket av Værøy

Kveldslyset vart raudare, og vi gliste breiare og breiare. Det var ein slik dag ein berre kunne gå og gå og gå. 

Grei avslutning på livet i Lofoten for denne gong. Hornet nærast, før Mosken og Lofotodden bak. 

Vi hadde brukt dagen, og det vart innandørs overnatting på Lofoten Værøy Brygge. Godt nøgde med dagane på Værøy, men framleis mykje att å sjå. Vi må ut at. Det er heilt klart!

5-dagars sokkane står stødig på kaia. 

Snipp snapp så hadde vi brukt påskeferien ute, og etter fine dagar kan vi leve med at arbeid og plikter  (og flytteprosess) ventar.  

20 kilometer gåing på topp topptur på Værøy. Vi tok vegen opp og stiane ned att. Endomondokart frå Kristin.


Vi seier ofte at det einaste som manglar på turen er kval. På veg nordover frå Reine var difor gleda stor då vi fekk sjå ein flokk spekkhoggerar: Tur komplett!

KVAL!! 

Note to self: 
Ta med hjelm på Værøypadling
Kristin har kjentfolk med hus på Måstad
Det må være ekstremt lite vind for å ha det hyggeleg i kajakk her ute. 

lørdag 29. april 2017

Værøy - turisme og taxitelting

15.04. Ny dag - ny øy! Vi sette kursen mot Værøy, der ingen av oss hadde vore før. Det var friskt på fergeturen over, og vi bleikna litt då fergemannskapet sa det var sterk kuling på Vestfjorden. Sopass ja! Ambisjonsnivået for padling vart justert, og vi skjønte at det vart kreativ turisme på oss. Strålande sol, knallblått hav og godt selskap kompenserer i stor grad for padling, så vi såg ikkje heilt svart på det.

Værøy! 

Innseglinga til kaia- litt ruskete forhold på sjøen

Værøy fyr, Lofotveggen bak, bra dønning inne i hamna og.

Aha! Det er Værøy som har Lunde i kommunevåpenet sitt. Etterkvart lærte vi at alle Lundehundar stammar frå øya, og at grenda Måstad gjorde det godt med fugl som del av næringsgrunnlaget.


Tørrfisk i alle fasongar - overalt! Noko av dette vert til lutefisk, og omlag 40% av all lutefisk i Norge kjem frå Værøy!



Tørrfiskhav på Værøy med Lofotveggen bak

Vi heldt fram med å støtte det lokale næringslivet. Kafeen på butikken var åpen, og dei hadde både junkfood og heimelaga blautkake. Vi hadde ikkje ein krystallklar plan, men starta med å gå rundt hamna og ut til fyret. 

På Røst var det meste på stell. På Værøy var det meir blanda drops, og både Kristin og eg fekk Svalbard-vibbar. 

Kyrkja midt i bygda

Hamna, og særleg den gamle delen i Røssnesvågen var fin. Førsteklasses kystkultur, og god miks av gammalt og nytt.

Fyret ytst på moloen


Innimellom alle fiskehovuda var det jammen eit fyr gitt!

Værøy fyr - det neste på oppussingslista til Kystverket Nordland. 

Fyrpause! I le-sida var det rett trivelig i sola og dunjakka. Vi dyrka påskefregnene og klekte ut ein plan.. (Foto: Kristin)

TAXI-telting!!! 

Vi transporterar normalt alt pikkpakket i kajakkar og IKEA-bagar. I mangel på padleføre fungerar taxi like godt. Vips var vi på Nordland. Nordland har fantastisk utsikt, og er mest kjent for det som HAR vore her; Steinalderbusetnad, flyplass, sjokoladefabrikk og elektronikafestival. 

Lekkert på stranda - steinen heiter Heimretussen

Både folk på kaia og taxi-sjåføren hadde informert oss om festivalen og det vart nemnt narkotika, razzia, mykje folk og veldig god stemning og ikkje noko bråk. Festivalstemninga hang framleis i bakkane. Det var diverse installasjonar og alt trevirke hadde skruar i seg. Det kjendes ut som vi var på mini-festival, sjølv om vi berre var høge på frisk luft og påskeferie. 

Knall utsikt mot Mosken og Lofotodden - Kristin poserar.

Festivalinstallasjon? Kompassrose? Hasjblomst? Fleire framlegg? 

Telting!

MINI-festival!!!  



Kveldsunderhaldninga var det ikkje noko å seie på. 

..og der vart vi henta! Eksepsjonelt mykje kjappare å pakke taxi enn å pakke kajakk. Vi legg oss til uvanar her ute: taxi-telting som konsept er testa og bestått! (Taxien er og ein del av det lokale næringslivet, så vi støttar villeg!)

Tilbake på Sørland var det framleis litt vind, og mindre dønning. Vi gjekk ut på Kvalneset og sjekka forholda. 8-10 m/s på vindmålar. Effektiv temperatur ned mot -10. Padling vart nedstemt, under ein liten porsjon tvil. Er ein i tvil så er det eigentleg ikkje noko å lure på. Dropp det. 


Endomondoinfo frå Kristin: Samla Kvalneset og 2 x rusletusle gjennom hamna: 5 + 6 + 9 km (20 km)


Note to self: 
Det er tele på Værøy i april, ta med spikarpluggar
Skrujarn og bits, inkludert umbracobits, må alltid vere med