søndag 14. februar 2016

Sydalsfjellet på ski (736 moh)

13.02 Premiere med randonee-skia. Elle melle i fine fjell - og vi la turen til Svarttinden/Sydalsfjellet (736 moh). Varsom.no med faregrad 3.




Svarttinden - eit portrett


Turen starta i bygda Gravermarka, gjennom beitemark, granfelt og ei ganske bratt side (ca 40 grader?). Deretter var det berre herlege kvite viddar og bakkar.


Innover og oppover her - herleg terreng!
 
Lunsjutsikta - Gimsøystraumen


Eg mista termoskoppen min, og den for nedover bakkane.

Mange minusgrader og kald vind. Det vart arktisk stemning og greit å halde på dunjakke etter lunsj, sjølv i oppoverbakkane.


Toppen i det fjerne


Sjarmøretappa


Utsikta frå toppen. Fine folk på fjellski frå bygda tok oss att på toppen, og kva trur du dei hadde med? Jepp, termoskoppen! 



Retur over Steindalsheia (708 moh) med flott lys i havet og horisonten


Hardt men fint skiføre store delar av nedkøyringa.

Fantastisk å suse ned mot fjord og solnedgang!


Livskvalitet på ein laurdag!



Siste henget var føret flakete og ekkelt. Vi gjorde som dei lokale med fjellskia, og tok oss langs med granfeltet på øversida og så ned. Med randoski var ikkje det noko særleg, så neste gong går det rett gjennom skogen. Vi ser at mange er tøffare enn oss på ski - men turane vert ikkje mindre fine av den grunn. Sydalsfjellet er ei perle - og vi skal ha den på lista over aktuelle turar seinare og. Hadde vore stas å treffe på puddersnø her. 360 graders utsikt og ein relativt grei tur.











mandag 8. februar 2016

Pilan (700 moh) på fjellski

07.02.16 Søndag og skitur. Vi la turen til Laupstad og fjellet Pilan (ca 700 meter). Mykje ver og friskt i fjellet.

Magisk i Lofoten/Vesterålen


Ingrid er like blid om det er ein grå og våt morgon med white out frå start.

Vi hadde kikka på vermeldinga og var sterke i trua. Det klabba godt på fellene frå start, som eg for sikkerheits skuld hadde gnidd godt inn med fellevoks, typa raud (tørt og kaldt), i mine pudderdraumar kvelden før.


Håp i frå vest


Det vart kald vind og framleis litt grått. Vi rigga oss til med vindsekk og åt lunsj. Livet vert så utruleg komfortabelt i ein slik vindsekk. Ein kan ete utan vottar, bytte kle, og i det heile tatt få seg ein pause og tine opp skrotten. Ikkje berre naudutstyr, men komfortutstyr og!


Dit skal vi! - Ingrid hadde kontroll, og det letta så mykje at vi såg toppen


Baut etter baut, betre og betre utsikt.


Toppen! Fin egg, rå natur og bratt ned på andre sida.


 
Trolldalstinden med venner?


Pilan er på kommunegrensa mellom Vågan i Lofoten og Hadsel i Vesterålen.
 
Teambilde - og temmeleg arktiske forhold!


Nedturen var i grunn ein nedtur. Eg hadde fjellski, og det kunne ha gått greit. Pappføre og sastrugiformasjonar er ikkje optimalt for mi skiglede, så det vart meir som ei jobbeøkt ned att. Sautinden på motsatt side av dalen hadde mykje snø og fine forhold, men det kunne ikkje vi sjå i gråveret om morgonen. NO var det innlysande kva fjell vi burde ha gått på. Vi valde å glede oss med puddarfantastastane som kom fykande ned med breie glis og orgasmiske hyl, og tenkte at det er vår tur neste gong.  


Imponerande kor fort vinden eroderar snøen og lagar kunst!


Lekker utsikt mot meir av Vesterålen


Mot slutten av turen fekk vi jammen med oss toppen på Higravtinden og Geitgaljen som stikk fram bak der.


Om ikkje nedkøyringa var heilt fantastiskså fekk vi ein veldig fin dag på fjellet, med mykje ver og mykje utsikt!


Pilan er ein sikker og grei tur - så hit går eg gjerne fleire gonger!