lørdag 19. november 2016

Premiere-tur med fjellsportgruppa til Heimredalsblåtinden (622 moh)

19.11 PREMIERE! NY FJELLSPORTGRUPPE!
Eg har dingla mykje med folk frå Lofoten Turlag i år. Denne helga fekk eg være med på turleiarsamling og årsplanlegging. Flett nytt initiativ er opprettinga av fjellsportgruppe, og gjengen tok like godt den første turen med ein gong! Eg var ikkje heilt førebudd, men etter mottet "ein angrar aldri på ein tur" vart eg no med. Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag.

Med start på Eggum sette vi kursen mot Blåtinden (622 moh).

Målet i kvitt bakerst. Det såg heilt uoverkommeleg ut. Mjuk start på dagen innover anleggsvegen

Rett opp røyrgata betyr faktisk: Rett opp røyrgata

Nedre Heimredalsvatnet og morena på Eggum

Det som såg ut som ein vegg då vi starta viste seg å være ein dal og variert terreng. 


Øvre Heimredalsvatnet og nærare målet no. Fjellet såg framleis heilt uoverkommeleg ut. 

Siste demninga på øvste vatnet

Det vart bratt og det var kjekt med broddar. Eg var inne på tanken på å snu midt oppi her. Foto: Ylva Asker

Vi kom oss opp innanfor akseptable rammer. Vi såg på kvarandre og gliste; Brukbart. For meg var det ein personleg siger. 

Gjengen på toppen

Lekker utsikt, og mystiske spor.

Ylva har det meste i sekken - og kva passar vel betre enn flagg og feiring på toppen? Det var trass alt premiereturen!

Stine i flett nytt DNT-antrekk

AHA. Det er ei naturleg forklaring på det meste

Flott utsikt til alle kantar. Nemnde eg det? 

Teambilde for dagen. God stemning! Foto: Stine Sørvang

Flott utsikt, og nesten meir spektakulært då skyene seig innover. Foto: Stine Sørvang

Vi fekk fart på oss, og kom oss nedover. Eg grua meg litt, men det gjekk veldig greit å komme seg ned. Over all forventning faktisk. Bra team på tur! 

Tilbakeblikk på toppen. 
I bratta gjekk vi opp og ned ei linje rett under pila. Det ser heilt uframkommeleg ut, men var faktisk innafor. 

Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag!

Eg har dessutan plukka opp eit par veldig gode triks til korleis ein kan drive effektiv og sosial turplanlegging som eg skal "selje dyrt" til ÅST neste år. 

torsdag 17. november 2016

Kvalpadling med kulingvarsel (2016)

13.11 Ruskete ver og ruskete meldingar. Vi la ut i grålysinga for å få med oss eit par timar på sjøen før det vart for gale.

Mørk morgon og motvindpadling. Vi bygger karakter.

I le av Kobbholmen og ventar på kval

Det kom kval. Ein gjeng spekkhoggarar på rekognosering. Dette var dei digre onklane. Dei største eg har sett nokon gong. Fulle av testosteron og sjølvtillit. Flokken på 6-7 stk sette kursen rett mot oss, Sneia Bjørn Tore og meg nokre meter unna og delte seg på kvar side av kajakken til Mildrid med nokre få cm klaring. HOHO, nærare vert det ikkje! Deretter vart det lite kval og mykje vind.

Te-drikking og kvalspeiding. Ein kan ha det værre på ein grå og dyster novembersøndag. 

Artig medsjøpadling heim att. 

6 km padling totalt og ei grei lufteøkt på førmiddagen. Vi var framleis høge på dagen før og hadde kvalopplevingar i fleng. Middag, middagslur, terningspel, ja vi hadde det så triveleg at vi ikkje rakk ferga på første forsøk. Note to self til neste gong.  

søndag 13. november 2016

Kvalpadling 2016

12.11 Tradisjonar skal ein ta på alvor. November og kvalpadling har vorte ein av dei betre. Så lenge silda fyller fjordane samlar vi oss i Tromsø, omlag på denne tida. På yttersida kan det dukke opp både det eine og andre!

Morgonstund og gull i munn! (Foto: Mildrid)

November er ikkje mørketid, og sjølv om dagane er korte vert det ofte kompensert med fantastisk lys gjennom dagen

Teambilde! Kristin har fått GoPro til bursdagen og testar i veg. Foto: Kristin

Det var godt at vi tok teambilde med ein gong, for ellers hadde vi nok ikkje hatt tida....

Spekkhoggarane gjer entre

Etter ei lita stund  på sjøen er vi omringa av både knølkvalar og spekkhoggarar. Dei hoppar, et og herjar på. Den første timen brukar eg på å rygge meg ut av matfatet til knølen, bokstavleg talt. For første gong får eg sjå ein ring av hoppande sild, før 5-6 knølar bryt overflata med digre gap. 

Action på sjøen

Knølane kjem i tog rett mot oss - oÆÆÆÆÆÆ!

Dei symjer like under kajakkane våre og vi sitt att med makspuls. 

Knølar og ein spekkhoggar deler på silda

Midt i matfatet

Etterlengta sol varmar oss. Knølblåst i horisonten. 

Kvalshowet held fram. Vi sitt på første rad.

Fin og bittelitt skummel

Fine, men betydeleg meir skumle

Kjempeskummel "storstaur" rett i mot!

Vi må på land for å strekke på føtene. Her møter vi både nye og gamle kjente. 


Foto: Kristin

Bjørn Tore hadde vi sett lite til i løpet av formiddagen. Han satt hundre meter unna oss med telelinse. Resultatet av fotograferinga dukkar nok opp etterkvart på sosiale media. Eg kan røpe at han har nokre blinkskot!

Kristin laga film: 
Ekstra imponerande sidan ho pakka opp GoProen kvelden før, og dette er første gong ho mekkar film! 

Hav og himmel, lys og fargar, kval og venner. 

12,5 km padling og store opplevingar

To av kvalane som vi såg fann Bjørn Tore att på http://www.hvalid.no/