lørdag 20. august 2016

Anda fyr

20.08 Det teikna til å verte ein strålande dag då vi vakna på Skipssanden. Dårleg søvn, knott og bjøllesau klarte ikkje å øydelegge stemninga. Havblikk og vindstille. Vi gjekk for plan A. A for Anda. (NB: Anda er ei fugleøy, naturreservat og Ramsarområde. Det er ilandstigningsforbod til 31. juli. Her er det førebels brukbart med sjøfugl, så respekter at dei skal ha fred i hekketida! Link til fugleforskarblogg frå Anda)

Camp Skipssanden

Ambisiøse planar om Anda fyr.
Ambisiøse, ikkje fordi det er så langt, men fordi det er langt til havs i eit eksponert område. Vi hadde teke førehandsreglar, planlagt for uføresett og var førebudde på å kunne padle tur/retur utan å komme i land. Marian var sikkerheitssjefen på turen og eg tok som vanleg rolla som kommunikasjonsmedarbeidar og nøkkelpersonell. Sidan vi berre var to gjekk min del av jobben veldig lett.

Første glimt. Det ser veldig kort ut. Det er ikkje så kort. Det viste seg at kryssingar ikkje var favorittsyssel til verken sikkerheitssjefen eller nøkkelpersonellet.

Øksnes nord frå sjøsida. Kult landskap. Ei skummel tordensky yppa seg litt, men forsvann innover til Ofoten i staden

Anda fyr! Litt Skottland? Litt Middelhavet? 
Problemstillinga med å komme seg i land såg dessverre heilt reell ut. Vi fann eit dårleg alternativ omlag her. 

Infrastrukturen for ilandstigning var for så vidt imponerande, men freista heller ikkje noko særleg. 

Vi padla rundt og sjekka forholda. Nokre krykkjer sat framleis på reira. Det var blankskurte berg og spor etter fugl overalt. Ørn i hopetal, krykkje, teist, skarv og fjæreplyttar.  

Baksida med blankskurte berg og meir drag i sjøen

Det var fleire små holmar og sund og rett så idyllisk her ute

Ørn overalt! 
Denne kasta seg ned over oss. Teke med kompaktkamera utan zoom, så rimeleg nær. 

Etter synfaringa fann vi ut at det var best å gå i land nær stigen. For å gjere historia kort. Vi kom i land, utan svømming og varige skadar på folk eller kajakkar. No er eg usikker på kor mange dagar i året det omtrent ikkje er drag i sjøen her, og det er ikkje mange gode, lette alternativ for ilandstigning. 

Ilandstigning ferdigstilt. 

Ikkje skikkeleg sti opp til fyret. Den frodige marka var heilt gjennomhola.
Her er det lundefuglen som held til, og lagar reir i bakken.

Lundereirhol over alt. Fasinerande!

Eg får middelhavsassosiasjonar. Eit lite slott i ei frodig eng med fargerike blomar. Paradoksalt sidan vi faktisk er midt i storhavet langt nord for polarsirkelen.

Anda er det siste bemanna fyret som vart bygd i Norge (1932), og her var det folk til 1987 då fyret vart automatisert. Sjølve fyret er no freda etter kulturminnelova.


Mot Andøya

Mot Stø og Nyksund

Bleiksøya i horisonten



Det var vakkert her ute. Vakkert på ein måte som ikkje festar seg på bilda. Gradestokken på fyret viste 18 grader. Vi åt, rusla litt rundt og sola oss. Nokre få lundar flaksa rundt. Merkelege skrik frå fuglar vi trur er lomvi. Ørn og tjuvjo hissa på seg krykkjene med jamne mellomrom. 100 artar blomar, minst!

Vi sette kursen innover att etter nokre timar. 

Ved Langenes

Matauk

Det var ikkje mangel på napp, men det var ikkje rare storleiken på fangsten.

Fiskeriet vart avslutta ganske fort, og vi la kursen mot selkolonien. Det var berre ein einsleg sel heime. Småseien vart med til campen, steikt og eten. Utan at eg var nemneverdig involvert. 

Lekker ettermiddag i Stø/Nyksund naturreservat

Rundt Beinøya var det enormt mykje manetar og ting å sjå i sjøen. Eg nytta høvet til å teste undervassfunksjonen på kameraet. Lilla brennmanet veit eg ikkje om eg har sett før.

Raud brennmanet

Glasmanet

Lilla brennmanet

Breie glis, og ein dag med nok opplevingar for ei heil veke! Knotten prega stemninga ei stund og eg fekk ein haug med stikk. Stranda var reinska for ved, men vi fann nokre restar og eg fekk fyre litt. Båling, solnedgang, strand og sommarkjensle. 



Vi heldt ut til sola var gått ned. Mette og ferdigpadla, fulle av inntrykk. Strategisk planlegging reduserte hellinga i teltet til ca 5 %, sauane var ute av radius og øyrepluggane låg parat. God natt!

Padlinga vart ca 22 km denne dagen, med snirkling, fisking og fotografering.

5 kommentarer:

  1. FOR en tur dere har hatt. Skulle gjerne vært med dere, selv om jeg hadde det helt topp oppe i fjellene. Du er flink å skrive levende, i den forstand at jeg ikke har problem med å ta del i opplevelsen her jeg sitter.
    Spennende ilandstiging på dere, og det må ha vært en opplevelse oppe på selve øya med alle reirene og fuglene. Super reportasje fra turen. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var det, men i hekketiden for alle på en gang må det være helt vilt! Litt misunnelig på fugleforskerne. :)

      Slett
  2. Flotte bilder, særlig de manetbildene likte jeg. Blir ekstra flott med tare i bakgrunnen, smart trekk. Og så har jeg fått egen tagg i bloggen ser jeg! Tøft!!!

    SvarSlett
  3. Hei! Jeg lurte på om jeg kunne fått brukt et par av bildene dine fra denne posten i en oppgave jeg skal skrive om Anda? Det gjelder bildene av fyret og av lundehulene.
    Vennlig hilsen,
    Hanna

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Du kan få bruke bildene, mot en liten donasjon til Naturvernforbundet eller NOF - fritt valg. Send meg en e-post med din adresse så skal jeg finne originalene. Har flere varianter også, som du kan få kikke på. lene.gjelsvik@yahoo.no

      Slett