torsdag 28. juli 2016

Stamsundrekka

28.07 Therese og Anders er i nord, og skulle på kveldstur over Stamsundrekka. Her låg det an til ein vinn/vinn med hyggeleg selskap og tur i nytt område. Eg tok turen i lag med. Stamsundrekka omkransar bygda og ein går over Mannfallet (308 moh), Steinetind (509 moh), Ramntinden (498 moh), Skredkollen (485 moh) (eller Bollen lokalt). Nubban, Heia og Ørntuva låg visst og langs ruta.

Stamsundrekka sett frå Valberg

Heile Stamsundrekka bakerst

Stamsund sentrum - nordlandssommar på sitt beste!

Marsj på god sti opp lia. 

Mannfallet var første topp, med slåttemark frå gammalt av og flott utsikt. 

Hurtigruta til Stamsund

Ryggen vidare

Det var ein del opp og ned og bratte grasbakkar. Veldig bra utsikt heile vegen og til alle kantar!

To havørner leika seg og gav ekstranummer til ære for oss

Anders i barndomsriket. Mimring og historier om linjer og turar.

Solnedgang bak Himmeltinden

Stamsundbygda ved midnatt

Lekker vandring i seinsommarkvelden


Runden enda med synfaring ned alpinbakken. Eg kryssar fingrane for tidleg snøfall i år. Fine bakkar i Stamsund! Takk for turen! 

tirsdag 26. juli 2016

Svolværfjella; Fløya, Frosken, Djevelporten og Blåtinden

26.07 Ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Svolværfjella har mykje å by på, og kombinasjonen sol, sommar og vidaregåandegjengen ved Synne Lundes uteskule var fin. Gjestane ville på Djevelporten, sjå Svolværgeita og eg har lenge hatt ein draum om å gå heile ryggen.

Stille og varmt frå første skritt. Svolvær med Kongstindane og Småtindane bakerst

Sommarstemning i Svolvær

Det var fleire på tur oppover lia, og tendensar til kø. Den første kneika var bratt og støvete. 

Geita

Ser du Frosken?

Stien opp til Fløya går i ei li, og det er i grunn mykje same utsikta oppover. Det er difor ekstremt fint å komme opp på kanten å få fritt utsyn til Vestfjorden.

Litlmolla og Skrova. 

Ungdommane måtte bort på eggen for å sjå ned på geita, men der har eg vore høgderedd før. Eg vart derimot med på toppen av Fløya (590 moh), som krev to-tre klyvetak. 

Teambilde Fløya!

Frå toppen mot Svolvær, Kabelvåg og Vågakallen

Vi gjekk på god sti mot Djevelporten. Forrige gong var eg åleine og feiga ut. 

Runa durar på utan betenkningstid..

Marte tek Djevelporten på strak arm!

Eg let meg lure utpå eg og...

Vi gjekk vidare mot Frosken i første omgang, men med ei klar plan om å gå heile ryggen til Blåtinden

Panorama frå Frosken (Vi gjekk forbi like under toppen)
  
Tilbakeblikk Frosken og Fløya. Vi kom opp i høgre hjørnet, opp ura og langs ryggen mot venstre resten av turen

Det såg greit ut vidare, men stien forsvann. Litt ned og rundt vart det etterkvart.

Der det såg ut til å bli vanskeleg fann vi stien att. Det var lenger enn eg trudde bortover her, og småkronglete utan sti. 

Blåtinden (621 moh), teambilde!

Sommar i Lofoten!

Panorama frå rasten på Blåtinden. 

Herifrå gjekk det fin sti i bratt grassbakke ned mot Blåtindvatnet. 


Påfyll av vatn gjorde godt. Siste del var sjarmøretappe ned til Knutmarka på klopper og god sti. 

Idyll med bekk og vatn på rad og rekke nedover.

I Svolvær med utsikt til heile ryggen som vi gjekk denne dagen (frå høgre mot venstre, inkludert begge dei høgaste toppane).

Asfaltmarsj tilbake til bilen 

Grusomt å gå på asfalt gjennom Svolværgatene tilbake til bilen, og det var i alle fall lenger enn eg hadde trudd! 

Godt mot og god stemning! Kjekt med spreke sommargjestar som vart med på sightseeing i Svolværfjella. 

mandag 25. juli 2016

Sommardag på Skrova

25.07 Tredje gongen på Skrova for sommaren! Det byrjar å verte ein tradisjon å sole seg på ferja utover. Skrova er ein av mine absolutte favorittplassar i Lofoten så langt.

Skrovaferja nesten syden

Med utsikt til dei andre Hollewoodstjernene som vitja Lofoten i sommar

 Innsegling Skrova hamn

Foto: Marte

Stien rundt øya er idyllisk

Vi sette stø kurs mot stranda

Utklassing v/Marte

Julibad!

Det er verkeleg nydeleg her ute


Tanken var å gå rundt og over heile øya. Vi tok kanskje ein litt utradisjonell veg i starten, Skrova extrem.


Toppen med bønneflagg

Vi gjekk over toppen og ned mot sentrum att. Lita øy, men mykje å by på. Sandstrender, hav i blått og turkis, Lofotveggen, Vestfjorden. Ein sommardag på Skrova gjer godt!

Middag på kaia før ferja innover att - perfekt berekna.

søndag 24. juli 2016

Turistar på Tindsøya

24.07 Utgangspunkt Sortland og skodde i heile Vesterålen og Lofoten. Kva gjer ein då? Vi tok turen til Øksnes Vestbygd og Tindsøya. Normalt brukar eg å padle kajakk der, men denne gongen testa eg den meir alminnelege turistruta saman med Anne og "Lundene".

Handelsstedet Tinden

Første stopp var den gamle handelsstaden Tinden. Gamlebutikken var artig å sjå innom, og hagen var full av flotte stauder. 



Stjerneskjerm

Neste etappe gjekk på tydelig og litt våt sti over myra til Skipnes. 

Gjengen med Tinden i bakgrunn og Tindstinden i skodda


Anna frå Vinje - Kystkvinneminnemerke ved Skipnes

Padlarar som skulle på ASKR hadde såvidt begynt å innfinne seg på Skipnes. Ekstra rart å ikkje ha med kajakk denne gongen. Vi for på utstilling i ungdomshuset. Det var ei utstilling laga av damene i bygda, med tema kvinnehistorie. Den traff oss alle, og vi brukte lang tid der. Her var mykje å kjenne att frå eigen barndom, og kystkvinnelivet vart levande i skulestova. Eg har vore på mykje slike lokalhistorieutstillingar, og dette er ei av beste eg har sett. Honnør til damene på Skipnes!
Link til omtale av utstillinga
 
Skipnes - med knallgod middag på butikken

Teambilde! Topptur på Lynghaugen 136 moh

Då hadde vi akkurat tid til å plukke geiterams til Anne sitt saftprosjekt før båten gjekk.


Korleis kan det verte saft av dette? 

Norgesferie = vaflar! Rabarbrasyltetøyet på Tinden er himmelsk!